Kjetil Fyllingen
SunnhordlandPodden
Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.noBli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor
Author
Kjetil Fyllingen
Category
Podcast website
Latest episode
Jul 6, 2026
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
Terese Fadnes - Makrofotografering og Stord fotoklubb 19.03.2020 25:30
Her møter du Terese Fadnes som er hobbyfotograf med spesiell interesse for insekt, blomster og naturens detaljar. Sjå bileta ho tek på: https://www.instagram.com/teresefadnes/
Stein Eldøy Rosland - Sykkel & Kaffi, stisykling på Stord og vegen vidare 12.03.2020 1:00:52
Høyr historia til Stein Eldøy Rosland. Om kvifor han starta Sykkel & Kaffi og kvifor han avvikla drifta. Du får og høyra om gruppa Stisykling på Stord og kvifor han meiner fleire burde nytta sykkel i kvardagen.
Anne-Beate Ulveseth Lilletvedt - Flyktningkrisa, reisa til Moria og eit hjarte som blir svart 05.03.2020 51:50
Anne-Beate Ulveseth Lilletvedt fortel om korleis det står til i flyktningeleiren i Moria. Dette er ein vond, men viktig episode. Vonar at du vil lytta og del den gjerne med nokon du kjenner.
Jan Kåre Pedersen - Sunnhordland Naturgass 27.02.2020 42:58
Jan Kåre Pedersen er ein profilert person på Stord. I denne episoden får du høyra historia vegen frå telemontør til bedriftsleiar og kvifor han er så engasjert for Sunnhordland Naturgass. Vi er også innom Stord Handball, turen til Shetland og kvifor han har slutta å drikka øl.
Berit Hovstad - Bakeri Roleghaugen 20.02.2020 32:33
Berit Hovstad er bakaren i Roleghaugen. Her kan du høyra historia om kvifor Berit elskar å baka, og kvifor ho starta eit bakeri i kjellaren.
Ingvild Hjellestad Johannesen – om Kongens fortenestemedalje, «Ulven og geitekillingene» og Stord Teaterlag 13.02.2020 38:00
Sidan 1979 har Ingvild Hjellestad Johannesen vore engasjert i Stord Teaterlag. I denne episoden får du høyra litt meir om historia til Ingvild og korleis det kjendest då ho fekk Kongens fortenestemedalje.
Jan Roar Hovland – om Stord Apparatturn og korleis foreldre kan leggja til rette for at born skal oppleva meistring i idrett 06.02.2020 54:10
Jan Roar Hovland er kanskje Stord sitt svar på Gjert Ingebrigtsen. 6 dagar i veka trener han unge turnarar for Stord Turn. I denne episoden får du høyra kvifor han er så engasjert i turnmiljøet, og korleis me kan legga til rette for at born skal oppleva meistring i idrett.
Christin Kalve – om korleis du kan endra livsstil, trening, kosthald og livet med ADHD 30.01.2020 56:00
I denne episoden deler Christin Kalve mange gode tips om korleis du kan lukkast med å endra livsstil.
Aase Lilleskare Lund - Om hjelpesending til Haiti og korleis ein god ide kan bli verkeleg 23.01.2020 20:01
Aase Lilleskare Lund jobbar for Atheno. I denne episoden får du høyra om ein dramatisk tur til Haiti, om jobben i Atheno og du får nokre gode tips om korleis ein god ide kan bli verkeleg.
Magdalena From Delis – om oppveksten, dansen og kva som må til for å lukkast som kunstnar 16.01.2020 41:42
Når byrja Magdalena From Delis å dansa? Korleis var oppveksten i Sverige? Og blir ho nokon gong redd ? Det og mykje meir får du svar på i denne episoden av Stordpodden!
Silje Vatne Ersland – om historia til Kattnakken og korleis du kan lukkast som gründer 09.01.2020 24:05
Silje Vatne Ersland satsa alt, pantsette leilegheita og investerte i millionklassen for å realisera draumen sin. Høyr om korleis klesmerket Kattnakken blei til og kvifor det å flytta bedrifta til Stord er det beste ho har gjort. Du får også med deg Silje sine beste tips om korleis du kan lukkast som gründer .
Martha Steinsland Leivestad - Om oppveksten, magen og jobben i NRK 4ETG 02.01.2020 55:24
Intervju med Martha Steinsland Leivestad. Høyr om oppveksten og vegen til jobben som programleiar i NRK 4ETG. Sjekk ut: https://www.youtube.com/channel/UCDefjtjdoSkLQxHkc1FBw_Q https://framtida.no/2015/10/29/martha-far-massiv-stotte-etter-a-ha-laga-film-om-magen-sin https://www.sunnhordland.no/nyhende/martha-far-betalt-for-a-tulla-pa-jobben/
Gaute Straume Epland - Om livet som ordførar på Stord 26.12.2019 36:22
Intervju med Gaute Straume Epland. Hør om oppveksten, veien inn i politikken og den dramatiske hendelsen som førte til at han ble ordfører.
Gerda Malene Øen - Stord-Fitjar Turlag, Songlaget Stordabuen og livet som pensjonist 19.12.2019 45:40
Intervju med Gerda Malene Øen om oppveksten på Leirvik, Stord-Fitjar Turlag, Songlaget Stordabuen og livet som pensjonist. Sjekk ut: https://www.facebook.com/Stord-Fitjar-Turlag-219085181608775/ https://www.facebook.com/stordabuen/
Nuen og kortreist møbelproduksjon - Kristian Harnes 12.12.2019 20:47
Intervju med Kristian Harnes om Nuen og kortreist møbelproduksjon på Huglo. I dette intervjuet får du høyra meir om historia bak oppstarten av Nuen. Sjekk ut: https://www.nuen.no https://www.instagram.com/nuen.no/ https://www.facebook.com/nuendesign/ Stord-podden er sponsa av Valvatne Bygg , din lokale Blinkhus leverandør 120 år i 2020 .
Stord-Podden i samarbeid med Sunnhordland - di lokalavis 11.12.2019 10:42
Podcasten blir produsert av Kjetil Fyllingen, i samarbeid med Sunnhordland - di lokalavis. I denne episoden får du høyra ein samtale med Magne Kydland, ansvarleg redaktør for Sunnhordland, om kvifor Sunnhordland no satsar på podkast. Bli abonnent https://www.sunnhordland.no/kundesenter/bli-abonnent/ *Tilboda gjeld husstandar som ikkje har abonnert siste månad. Ungdomstilbodet er berre for n...
Introduksjon til Stord-Podden 16.10.2019 4:44
I denne episoden vil du få høyra litt meir om meg og kvifor eg har starta denne podkasten. Bakgrunnen for OpplevStord.no , og litt om planane framover. Ta kontakt med meg via post@visitstord.no om du har innspel! Slå følgje: https://www.facebook.com/OpplevStord/ https://www.instagram.com/opplevstord.no/
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.