Kjetil Fyllingen
SunnhordlandPodden
Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.noBli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor
Author
Kjetil Fyllingen
Category
Podcast website
Latest episode
Jul 6, 2026
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
Nina Østensjø - om «Frå krise til vekst» og Ungt Entreprenørskap 27.08.2020 33:03
I denne episoden blir du litt betre kjend med Nina Østensjø som jobbar i Atheno. Her kan du høyra meir om det digitale kompetanseprogrammet «Frå krise til vekst» med Morten William Knutsen, som Atheno inviterer små og mellomstore bedrifter til. Du får og høyra om Ungt Entreprenørskap. Kva det går ut på og kvifor det er viktig.
John Martin Mjånes - om SKL, grøn omstilling og livet i kraftbransjen 20.08.2020 38:20
I denne episoden fortel John Martin Mjånes om korleis det er å vera Administrerande direktør i SKL og om kvifor vannkraft er viktig for grøn omstilling.
Kari Einarsen - om korleis leiarar kan handtera og førebyggja mobbing og trakassering på arbeidsplassen 13.08.2020 46:26
I denne podsendinga har me Kari Einarsen på vitjing. Kari kjem frå Jensaneset og har tatt doktorgrad i leiing. I doktorgradsprosjektet studerte ho korleis me kan rusta organisasjonen gjennom etiske infrastrukturar for å best mogeleg til å kunne handtera og førebyggja mobbing og trakassering på arbeidsplassen. No for tida jobbar Kari på Institutt for samfunnspsykologi (ISP) ved Universi...
Solveig Meyer Eide - Frå kontorstol til vevstol 30.07.2020 43:09
I Sunnhordlandpodden denne veka får du møte Solveig Meyer Eide som er aktuell med ny nettbutikk for vevarar og garnentusiastar. I episoden får du høyre om kvifor Solveig våga å følgje draumane, om lidenskapen for handverkstradisjonar, og om korleis gründerlivet er gjennom augo til ein bedriftsøkonom. Solveig vil gjere det enkelt for folk å komme i gong med veving. Sjekk ut: http...
Simon Nesse Økland - om Salma, Vesters og «Det norske måltid» 23.07.2020 44:32
Simon Nesse Økland er styreleiar for Bømlo Næringsråd og leiar for utviklingsavdelinga til Bremnes Seashore. Fire gongar har han vore på podiet og henta premie som vinnar av «Det norske måltid». Du får høyra om korleis han vart interessert i fiske og havbruk, og du får ei god oppskrift på Salma-burgaren. Simon deler også tips om kva du kan utforska på Bømlo.
Sinnamekker´n Ståle Eskeland - om bilar, musikk og anna moro 16.07.2020 21:56
Ståle Eskeland, kjend som Sinnamekker´n, fortel om oppvekst, hestar og kvifor han elskar bilar med sjel. Du får og høyra om musikken, pirat-show og andre morosame prosjekt han har på gang.
Spesialepisode: Den norske filmfestivalen i Haugesund - Festivaldirektør Tonje Hardersen og administrativ leiar Nina Samdal 13.07.2020 46:03
Har du vurdert å ta turen på Den norske filmfestivalen i Haugesund? Her kan du høyra litt om historia bak festivalen og korleis festivalen blir i år.
Linda Øen om Sunnhordland museum og «Doktor Proktors sensasjonelle samling av dyr du skulle ønske ikke fantes». 09.07.2020 35:06
I denne episoden blir du betre kjend med Linda Øen, som er direktør for Sunnhordland museum. Du vil kanskje oppdaga at Sunnhordland museum er større enn du trur! Linda fortel og om utstillinga «Doktor Proktors sensasjonelle samling av dyr du skulle ønske ikke fantes», som du kan sjå på Sunnhordlandstunet i sommar.
Arnhild Myklebust - om Brilleriet, solbriller og kvifor du bør sjekka synet jamleg 02.07.2020 37:19
Her fortel Arnhild Myklebust historia bak Brilleriet. Du får også høyra litt om kvifor solbriller er kult og lurt å bruka i sommar og kvifor det er viktig å sjekka synet jamleg. Me ser og kor mange ordspel på syn det er mogeleg å få inn i ein episode.
Elen Gjøsæter - om livet dei siste 100 åra 25.06.2020 27:34
I dag, den 25. juni 2020 blir Elen Gjøsæter 100 år. I denne episoden av SunnhordlandPodden deler Elen litt av sin historie. Du får høyra om raidet på Litlabø, og dramatikk som dagmamma. Elen kan og avsløra kva som er lurt å gjera for å halda kropp og hode i form.
Hanne Presthaug og Cathrine Olseth - mammasnappen Kald Kaffi - "Bli kjent gruppa – Stord" 18.06.2020 29:26
I dag prøver me å ha med to gjester i podkasten. Hanne Presthaug og Cathrine Olseth er engasjert i mammasnappen Kald Kaffi, og har vore med å starta gruppa «Bli kjent gruppa – Stord». Sjekk ut: kald.kaffi on Snapchat Facebookgruppa "Bli kjent gruppa – Stord" Facebooksida Cokreativ
Elisabeth Aadland Liodden - om Elie Verkstad, gründerliv og kva du kan gjera i hagen no 11.06.2020 30:12
Elisabeth Aadland Liodden elskar blomar. Her får du høyra om reisa hennar frå Oslo til Stord, om det å starta eiga bedrift og du får nokre tips om kva du kan gjera i hagen no.
Rolf Martin Haldorsen - om Tubesnakes og livet som musikar 05.06.2020 1:03:34
Rolf Martin Haldorsen frå Tubesnakes er dagens gjest i SunnhordlandPodden. Du får høyra om korleis interessa for musikk vaks fram og mykje, mykje meir.
Nina Haara Matre om Rørsle og Base Camp Ålfjorden 29.05.2020 30:43
Nina Haara Matre fortel om reisa frå petroleumsingeniør for Statoil ASA til rørsletrenar i Sveio. Du får også høyra om Base Camp Ålfjorden, du får turtips og høyra kvifor me bør bevega oss meir i kvardagen.
Seminar - Framtida for leverandørindustrien - Stord Næringsråd og Atheno AS 22.05.2020 1:15:59
Stord Næringsråd og Atheno AS inviterte onsdag 20. mai til miniseminar om framtida for leverandørindustrien. Etter avtale med dei har vi fått lov til å dele opptaket på podcasten. Her får du lytte til de innlegg frå hovudtillitsvalt Atle Tranøy i Aker ASA, Terje Johansen i Kværner, Leif-Ståle Lidal i Leirvik AS, ordførar Jakob Bjelland, Atle Wigum i Subshore AS, Sylvi Listhaug -...
Prost Svein Arne Theodorsen - Kyrkja i Korona-krisa og Kristi Himmelfartsdag 21.05.2020 28:27
Prost Svein Arne Theodorsen fortel om korleis kyrkja har takla Korona-krisa. Du får og høyra om korleis han havna i Sunnhordland og kva Kristi Himmelfartsdag eigentleg handlar om.
Hordfast - SunnhordlandPodden 14.05.2020 1:03:04
StordPodden har bytta namn til SunnhordlandPodden. I den anledning passar det bra med ein episode med fokus på eit veldig stort og omdiskutert prosjekt for regionen vår. Nemlig Hordfast. Du får møta 4 personar som har eit stort engasjement og sterke mengingar knytt til Hordfast. Lars Solberg – Styreleder for Hordfast As. Magne Misje - Ein flittig debattant på lesarbrevplass i Sunnhordland. Jakob B...
Korleis påverkar koronakrisa handelsstanden på Stord? 07.05.2020 27:17
Stordpodden tek turen innom nokre butikkar på Stord for å høyra om korleis det går, og om kva dei har gjort for å møta endringar i folk sine handlemønster. Nina Lovise Langeland i Galleri Giga sel kunst på Instagram. Odd Gunnar Larsen hos Sport 1 har aldri seld så mange kompass som no. Øystein Vik hos Kiwi i Sagvåg kan melda om auka omsetnad. Hedda Pedersen og Malene Grov A...
Hilde Vormedal Nybø - Om det å vera ansvarleg redaktør i Sunnhordland og gode tips til deg som vil bli journalist 01.05.2020 34:07
Sunnhordland har bursdag i dag den 1. mai. Avisa er 118 år, og då passar det godt å ta ein prat med Hilde Vormedal Nybø, som er ny ansvarleg redaktør i Sunnhordland. Du får også nokre gode tips til korleis du kan bli ein god journalist.
Svein Olav Langåker - Framtida.no, Stord Filmklubb og Miljøagentane 23.04.2020 37:00
Svein Olav Langåker fortel om oppveksten på Stord, oppstarten av Framtida.no og gode opplevingar med Stord Filmklubb. Du får også høyra korleis det gjekk då Miljøagentane planta poteter på torget.
Barbro Høyland Andersen – Preg Design - 7 viktige steg på vegen mot god kommunikasjon 16.04.2020 31:39
I 2019 startaBarbro Høyland Andersen Preg Design på Stord. Me tek ein prat om kvifor ho sa opp jobben og satsa på eige selskap, og om korleis korona-krisa påverkar Barbro, som har ein lungeskade og er i risikogruppa. Du får også høyra om 7 viktige steg på vegen mot god kommunikasjon. Følg Barbro og Preg Design på: https://www.facebook.com/pregdesign.no/ https://www.instagram.com/pregdesign.no...
Kim Rønningstad - om livet som fotballtrenar for Stord sitt A-lag 09.04.2020 38:55
I desember 2019 tok Kim Rønningstad over som fotballtrenar for Stord sitt A-lag. I denne episoden av StordPodden blir du litt betre kjend med Kim som faktisk er Norgesmester i Pro Evolution Soccer. Kim har også ein ganske spesiell uoffisiell verdsrekord og han har testa livet som uteliggar i New York. NB: Denne episoden vart tatt opp før Korona-krisa.
Marie Leiknes - om LEIK Knitwear og livet som gründer og strikkedesigner 02.04.2020 34:36
Marie Leiknes starta LEIK Knitwear på Fitjar i 2017. Her får du høyra om vegen inn i gründerlivet og korleis det går med bedrifta. Besøk gjerne: https://leiknitwear.no https://www.instagram.com/leiknitwear/ https://www.facebook.com/pg/leiknitwear/
Hilde Skaar - om musikk, ME og Mars 26.03.2020 1:01:59
I denne episoden får du høyra om korleis Hilde Skaar starta på vegen mot popstjernelivet, og om korleis tida med ME og naturen på Stord har påverka musikken. Du får også svar på store spørsmål, som kven Hilde ville tatt med på ei reise til Mars.
Ekstraepisode - Korona-krisen 22.03.2020 44:58
Du får høyra korleis det er å vera ordførar og kvifor Gaute Epland er i frivilleg karantene. Astrid Kjellevold fortel om korleis Atheno arbeidar med å hjelpa næringslivet, som no har store utfordringar. Odd Naustdal fortel om korleis situasjonen er på Kværner. Rune Ask deler litt om livet som rektor når skulen er tom for elevar. Og til slutt fortel Rei...
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.