radiosunnmore
Radio Sunnmøre
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Be sure to visit the podcast's website and support the creator: radiosunnmore.podbean.com
Author
radiosunnmore
Category
Podcast website
Latest episode
Oct 5, 2026
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
Søndagens tekst 30. august 26.08.2026 12:45
I søndagens tekst handlar det om arbeidarane i vingården. Teksta er hente i frå Matteus 20, 1-16. Høyr samtalen mellom Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, og Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, redaktør i Radio Sunnmøre, om innhaldet i teksta. Randi Fagerhol Lauvås les teksta.
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland 25.08.2026 6:54
I kvardagspraten denne veka delar Marit Stokken Berland om eit ynskje om fornying. Søndag skal ho saman med Irene Krokeide Alnes delta på Ellingsøy bedehus sin 60 års feiring, og tysdag 1. september skal dei ha møteveke kvar kveld Ellingsøy bedehus fram til og med søndag. Høyr heile kvardagspraten på Radio Sunnmøre med Marit Stokken Berland.
Plussreiser går inn i høgsesongen 25.08.2026 8:04
Haust og vinter er høgsesongen for det kristne reiseselskapet Plussreiser. Leiar for Plussreiser, Kurt Andre Henriksen, fortel om at reiseselskapet har ganske god påmelding på dei planlagte turane no til hausten og vinteren. Den første turen til Israel, etter krigen, er også satt til november. Høyr heile intervjuet med Kurt Andre Henriksen, leiar i Plussreiser.
Startar hausten med utfordringar på nytt renseanlegg 24.08.2026 8:48
På Frænabu misjonssenter er i ein litt spesiell situasjon for tida sidan dei no har bytta eit renseanlegg som ikkje er godkjent. For tida arbeidar dei med korleis dei kan halde fram som før, og har tru for at det skal ordne seg for vidare drift medan dette pågår. Det er Olav Jan Bø Demdal som fortel om situasjonen for den populære leirstaden.
Vellukka Ungdommens landsmøte 24.08.2026 8:17
Sommarens Ungdommens landsmøte (UL) i Lyngdal vart eit vellukka arrangement. Det fortel Andreas Furnes, leiar for Misjonssambandet Ung. UL vart i år arrangert i Lyngdal og arrangerast av Indremisjonsforbundet og Misjonssambandet. Fleire hundre ungdomar frå heile landet var samla på ein liten plass med ulike aktivitetar, seminar, møter og lovsong. Høyr heile intervjuet med Andreas Furnes, leiar for...
Leiarkonferanse ImF 2026 21.08.2026 7:11
Videre er temaet for årets leiarkonferanse i regi av Indremisjonsforbundet på Straume forum helga 6. -8. november. Vi har tatt ein prat med arrangementsansvarleg Kenneth Foss.
Ny start og nye moglegheiter 20.08.2026 5:38
I Ord til ettertanke denne veka er det Olaug Lillian Bjørke som deler med oss tankar rundt ein ny start. Ho brukar skulestartveka som eksempel og knyttar den til våre liv og kvardagen i livet med Jesus. Høyr heile intervjuet og andaktene Olaug Lillian Bjørke deler denne veka.
Ord til ettertanke 21. august 20.08.2026 4:29
Ord til ettertanke av Olaug Lillian Bjørke
Ord til ettertanke 20. august 20.08.2026 4:37
Ord til ettertanke av Olaug Lillian Bjørke.
Ord til ettertanke 19. august 20.08.2026 4:11
Ord til ettertanke av Olaug Lillian Bjørke.
Ord til ettertanke 18. august 20.08.2026 4:22
Ord til ettertanke av Olaug Lillian Bjørke.
Ord til ettertanke 17. august 20.08.2026 4:18
Ord til ettertanke av Olaug Lillian Bjørke.
Søndagens tekst 23. august 19.08.2026 13:10
I Søndagens tekst får vi høyre evangelieteksta henta i frå Matteus 25,14–30, og det er lignelsen om talentane vi får høyre. Vi samtalar med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti om innhaldet i teksta.
Inspirasjonsdager på Bjorli med Normisjon 18.08.2026 5:06
Det skal vere inspirasjonsdager for Normisjon på Bjorli 27. -30. august. Gunnar Kolflåt gler seg til leiren og har mykje godt å fortelje om på Radio Sunnmøre.
Kvardagspraten med Irene 18.08.2026 6:45
Ferie og sommar er over og vi høyrer i kvardagspraten korleis Irene Krokeide Alnes har hatt det. Det har vore både bibelcamper og bubiltur på Krokeide Alnes. Og hausten er allereie lagt opp med både fleire oppdrag og fritid. Vi høyrer Irene Krokeide Alnes i kvardagspraten dele med oss eit ord for dagen, og gje oss eit oppmuntrande ord om å stole på Gud. Høyr heile kvardagspraten med Irene Krokeide...
ImF Trossamfunn kan miste godkjenning 17.08.2026 7:47
Statsforvalteren i Agder har vedteke å trekke tilbake godkjenninga til ImF Trussamfunn som trussamfunn. - Vi vart overraska, fortel Jarle Haugland, generalsekretær i Indremisjonsforbundet. Haugland fortel at dei har fått til slutten av august å sende inn ein klage. Dersom vedtaket blir ståande mister ImF Trussamfunn statsstøtte og retten til å vigsle folk, og dei som er medlem mister sitt medlemsk...
Bedehuskanalen klar for sending frå Ålesund 14.08.2026 7:14
Bedehuskanalen er klar med direktesendingar frå Ålesund og starter første sending onsdag 2. september. I sommar har lokaler på Spjelkavik bedehus vorte bygd om og klargjort for den fyrste direktesendinga. Foreløbig er ikkje teknikar og mannleg programleiar på plass, og Bjarte Ystebø ser på dette som ei positiv utfordring. Planen er at det kvar onsdag frå og med 2. september skal sendast direkte fr...
Bibelbølge på tvers av generasjoner 14.08.2026 8:42
I sommar var Andreas Bakke på UL (Ungdommens landsmøte), i regi av Misjonssambandet og Indremisjonsforbundet, og fekk vere gruppeleiar for sju ungdomar. I etterkant har gruppa gått saman om å lese Det nye testamentet i løpet av dei neste månadane. Undervegs i lesinga har dei ei messenger-gruppe der dei kan kommenter, stille spørsmål til kvarandre og under seg over det dei les. Og på den måten ha e...
60 + leir på Frænabu 13.08.2026 4:32
I helga er det 60 + leir på Frænabu, og målet er å skape eit samhald mellom alle som bur på leirstaden, et måltid saman og har det sosialt i lag. Det er mykje spanande på programmet av både aktivitetar og songkrefter. Vi har tatt ein prat med Olav Jan Bø Demdal om leiren.
Du er i mi framtid 12.08.2026 7:18
Med fullt program og ei stå på vilje trudde aldri Anne Birgitte Lillebø Bøe at ho skulle møte den berømte veggen, ho fekk ein utmattelse som gjorde at ho ikkje klarte meir. Då det fyrst skjedde fekk ho nokre dagar på ei hytte for å vere heilt aleine. Ho fortel på Radio Sunnmøre at det var veldig gode dagar der ho etterkvart starta å høyre på podkast og musikk. Då var det ein song som traff henne o...
Søndagens tekst 16. august 12.08.2026 11:00
I Søndagens tekst for 16. august handlar det om at ikkje skal bekymre seg for morgondagen. Teksta er henta i frå Matteus 6, 24-34. Høyr praten med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti. Teksta er lest av Randi Fagerhol Lauvås.
Kvardagspraten med Marit 11.08.2026 8:12
Etter ein sommar med gode dagar på Bedehusfestivalen og bibelcamp i Lyngdal, og litt ferie, ser no Marit Stokken Berland fram til ei ny møteveke på Ellingsøy bedehus. Det heile skal starte med 60 års feiring av bedehuset søndag 30. august. Høyr heile kvardagspraten med Marit Stokken Berland.
Fire veker med bibelkurs 10.08.2026 5:00
I haust blir det nye bibelkurs med ImF Sunnmøre. Det blir kvar kveld to runder med bibeltimer, og med ei pause mellom dei to timane. I år blir det bibelkurs på ulike bedehus rundt om på Sunnmøre, og krinsleiar Lars Petter Ødegaard håpar folk tek ein tur til bedehuset i nærmiljøet der kursa skal vere. I løpet av fire veker i slutten av september og starten av oktober blir det kurs nesten kvar kveld...
60 + leir på Brusdalsheimen 10.08.2026 5:17
På sikker grunn er temaet for årets 60 + leir på Brusdalsheimen. Det blir bibeltimar, mat og busstur på programmet. Leiren startar mandag 24. august. Høyr heile intervjuet med Hilde Giske Lukkedal om programmet for årets leir.
Ein trusvitamin kvar dag 13.07.2026 2:35
På Radio Sunnmøre får ein til tider ein trusvitamin servert av Svein Anton Hansen. Han er pastor i Sandnes og i tillegg radiopastor i Norea. Han har lest inn fleire hundre trusvitaminer som vi sender på radioen, og i tillegg er 365 av dei satt inn i ei andaktsbok. Der kan ein lese ei andakt kvar dag gjennom heile året. Høyr intervjuet med Svein Anton Hansen om korleis trusvitaminane vart til.
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.