radiosunnmore
Radio Sunnmøre
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Author
radiosunnmore
Category
Podcast website
Latest episode
Jul 8, 2026
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
Bekymring for nedbygging av palliativt tilbod i Ålesund 29.05.2026 8:12
Konstituert overlege på palliativt team ved Ålesund sjukehus, Jakob Hunnes, er bekymra for nedbygging av det palliative tilbodet i Ålesund kommune. Det palliative teamet arbeidar som eit ressursteam inn mot dei gruppene som er alvorleg sjuke, har store lidingar, og også dei som går mot livets slutt. Ved Blindheim omsorgssenter har ein i dag den einaste avdelinga i kommunen med eit slikt tilbod, o...
Godt oppmøte på ny 17. mai feiring 29.05.2026 7:00
Fire mødre ved Møre Barne -og ungdomsskule Ålesund arrangerte 17. mai feiring på skulen for første gong. Christel Otterlei Bjerkeseth fortel til Radio Sunnmøre at det må seiast å vere ein suksess, då det vel var ei rundt 150 personar som møtte. Dei tek med seg lærdomen til neste år på kva som fungerte og kva som ikkje fungerte, og set stor pris på alle som sa ja til ulike oppgåver dei vart spurde...
Turrapport frå legeskipet i Papa Ny Guinea 27.05.2026 10:26
Jan Oskar Alnes tok med seg kona og tre born for å bu på legeskipet i Papa Ny Guinea. No har dei kome heim og Radio Sunnmøre har fått ein lengre prat med Alnes om korleis denne opplevinga var for store og små. Høyr heile intervjuet med Jan Oskar Alnes.
Spjelkavikas vener med stadig nye tiltak 27.05.2026 9:51
Spjelkavikas vener har stadig nye tiltak på gong, og no på vårparten er det grillplass på Myrlandshøgda som står for tur. På frivilleg basis arbeidar dei med å vedlikehalde turområdet i området, og lage til ulike arrangement som St.hans feiring for lokalmiljøet. Vi har tatt ein prat med leiar for Spjelkavikas vener, Håkon Børre Teigen.
Søndagens tekst 31. mai 27.05.2026 14:57
I Søndagens tekst handlar det om misjonsbefalinga, og teksta er henta i frå Matteus 28, 16-20. Vi tek ein prat med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, om innhaldet i teksta.
Sommerfest og årsmøte med ImF Sunnmøre 26.05.2026 5:37
Helga 13. -14. juni er det klart for Sommertreff og årsmøte i Imf Sunnmøre. Krinsleiar Lars Petter Ødegaard håpar å samle breidda av ImF Sunnmøre denne helga på Ålesund folkehøgskule. Ødegaard skal vere hovedtaler med temaet "Kom, for alt er ferdig". Det blir konsert med Familien Knotten på laurdagskvelden, og dei blir også med søndag føremiddag. Høyr intervjuet med krinsleiar Lars Petter Ødegaard...
Tilrettelagt tilbod i faresona for Ålesund folkehøgskule 26.05.2026 6:59
Det tilrettelagte tilbodet, Reis, bo og fritid, er i faresona for Ålesund folkehøgskule. På denne linja får du reise og å lære å bu for seg sjølv. Det er ei linje som er for dei som har nytte av tilrettelegging i kvardagen, og som vil oppleve nytt saman med andre. Støtta ein tidlegare har fått frå NAV for dei enkelte elevane for å kunne gå på denne linja står no i faresona. Det er 40 % av dei som...
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland 26.05.2026 7:10
Flotte dagar på austlandet og nokre tankar om kva pinsa betyr, får vi høyre Marit Stokken Berland fortelje om i vekas Kvardagsprat. No går vegen vidare til Sogn med møtehelg saman med ektemannen Jarle Berland. Kallet står fast for Marit og vi får høyre henne dele om det med stor entusiasme.
Ny krinsleiar i Indremisjonssamskipnaden 25.05.2026 5:41
Kjetil Fyllingen, gift med sunnmøringen Silje Fyllingen, er ny krinstleiar i Indremisjonssamskipnaden. Han har tidlegare vore tilsett i ImF Sunnmøre i Ung-avdelinga, og han har dei siste åra arbeidd i Tro & Medier. Vi har tatt ein prat med Kjetil Fyllingen om den nye jobben.
Nyslått generalsekretær på sunnmørstur 25.05.2026 8:00
I mai var den nyslåtte generalsekretæren i Indremisjonsforbundet på Sunnmøre ein tur, og han tok også turen innom studio til Radio Sunnmøre. I eit intervju fekk vi tatt ein liten prat om det fyrste halve året i sjefsjobben for indremisjonsarbeidet i Noreg. Høyr intervjuet med Jarle Haugland.
Ein jobb som gir glede 22.05.2026 13:07
-Glede, det er det ordet Elisabeth Emblem vil sette som eit samleord på arbeidet ho har i NSP Aid. I vekas episode er det Per Gunnar Hamnøy som tek ein prat med kollega Elisabeth Emblem om arbeidet ho har hatt i organisasjonen i fleire år. Høyr heile praten på Radio Sunnmøre.
Møt Krussepresidenten i Møre og Romsdal 22.05.2026 10:37
Krussepresidenten i Møre og Romsdal, Stian Rekdal, er frå Tennfjorden og fortel på Radio Sunnmøre om kva det betyr å vere ein kristenruss. Ein har fleire rusfrie arrangement i russetida, med lovsong og god stemning. Høyr meir om korleis kristenrussen markerer sin russetid i fylket vår.
Bokslepp, ny plate og 60 års feiring 20.05.2026 10:56
Nyleg var Sølvi Helen Aemmer Hopland 60 år, og det vart også ein milepæl for å gjere ferdig prosjekt ho lenge har drøymd om. Bokslepp med notar og historie bak songane, og ei ny plate, er noko av det Aemmer Hopland har jobba med til sin store feiring. Høyr intervjuet med Sølvi Helen Aemmer Hopland.
Søndagens tekst 23. mai 20.05.2026 13:31
Søndagens tekst for pinseafta er henta i frå Johannes 7, 37-39, og handlar om den store festdagen siste dagen i høgtida. Vi tek ein prat med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, om innhaldet i teksta.
Søndagens tekst 24. mai 20.05.2026 12:32
I Søndagens tekst for pinsedag høyrer vi om då Jesus syner seg for disipplane. Teksta er henta i frå Johannes 20, 19-23, og vi samtalar med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, om innhaldet i teksta.
Søndagens tekst 25. mai 20.05.2026 11:30
Søndagens tekst for andre pinsedag er henta i frå Johannes 16, 5-11, der Jesus fortel at han skal gå bort. Vi samtalar med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, om innhaldet i dagens tekst.
Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes 19.05.2026 9:40
Ei veke med mykje feiring har det vore for Irene Krokeide Alnes. I Kvardagspraten fortel ho om 70 års feiringa av ektemannen Leif-Steinar, om songkveld i Mysen og om fleire dagar på Sanger over grenser i Sverige. Og på sjølvaste nasjonaldagen fekk ho reise gjennom Noreg i bobil. Høyr heile kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.
Formiddagskafe på Sykkylven bedehus 19.05.2026 5:16
Annakvar veke opner formiddagskafeen på Sykkylven bedehus, og folk kan kome og gå slik det passar ein dei tre timane kafeen er open. Onsdag forrige veke fekk Radio Sunnmøre kome på besøk og dele om arbeidet. Vi tok ein prat med Arnfrid Tanstad og Johan Aurdal på kafeen.
Stemningsrapport frå 17. mai fest 18.05.2026 5:32
Fleire bygder haldt lokale 17. mai festar og arrangement på nasjonaldagen. I Bedehuskirka Emblem var det tradisjonen tru fest på kvelden, og Helge Åkerens tok med seg mikrofonen og laga ein stemningsrapport frå nasjonaldagfesten.
Søndagens tekst 17. mai 13.05.2026 10:01
Søndagens tekst 17. mai er henta i frå Johannes 15, 26-27. Teksta handlar om Talsmannen. I ein samtale med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, tek vi ein prat om kven Talsmannen er og kva søndagens tekst handlar om.
Frå sår til styrke 13.05.2026 13:32
Frå sår til styrke er namnet på Norea Mediemisjon sin nyaste podkast. Den vart lansert 1. mai og det er Elisabeth Lillebø Sæth som står bak idèen og gjennomføringa av podkasten. Gjennom 14 episoder skal ho saman med fagpersoner hjelpe folk å leve gode og bærekraftige liv til tross for traumer, livssår og tap. Lillebø Sæth har sjølv arbeidd med usynlege sår, og ho delar også av eige liv i desse pod...
Ny bok om suksessen Luminell 12.05.2026 22:11
Grunderen David Fink har kome med ei ny bok om tru, nederlag og motet til å gje slepp. Han er grunderen bak selskapet Luminell, ein lysteknologi som ikkje fantes tidlegare. Det er snakk om arbeidslys og ledlys som skulle tåle krevande vèrforhold på sjøen. Luminell vart ein suksess og i 2021 vart selskapet selt til Glamox. No har Fink gitt ut ei bok om historia bak suksessen Luminell. Det usynlege...
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland 12.05.2026 8:45
Austlandet står for tur denne veka når Marit Stokken Berland og Irene Krokeide Alnes skal delta på både formiddagstreff og songkveld i Indre Østfold. Dei har begge god minner om bedehusfestivalar og mykje songglede i området. Høyr kvardagspraten med Marit Stokken Berland.
Ein engasjert kvamsøying 11.05.2026 7:10
Kvamsøyingen Kari Ristesund har vore pensjonist nokre år, men er likevel svært aktiv på frivilleg basis. I ein liten prat med Helge Åkerens på Radio Sunnmøre fortel ho litt om det ho engasjerer seg i.
Siste nytt frå Misjonssambandet Nordvest 11.05.2026 10:21
Ledige stillingar og regionsamling i slutten av mai er noko av det som står på agendaen for regionleiar i Misjonssambandet Nordvest, Steffen Stensland. Han har vore i studio for å dele siste nytt.
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.