Radio Stryn/ Sport und Spaß Podcast

Radio Stryn Podcast

Society NO ↓ 150 episodes

I denne podcasten finn du blant anna Radio Stryn-programma Sport und Spaß, Jabbing om jobb og Vekas utvalde. I tillegg dukkar det frå tid til annan opp ulike temasendingar. Sport und Spaß er ei herleg blanding av sport og fjasing med programleiarane Roy Aron B. Myklebust, Thomas Thaule og Frank Hool.

Author

Radio Stryn/ Sport und Spaß Podcast

Category

Society

Podcast website

www.fjordingen.no

Latest episode

Feb 27, 2026

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 5M+ downloads · 4.8 rating iOS soon

Episodes

Jabbing om jobb #9: Bonderebellen Silje Åsnes Skarstein 10.12.2024

Silje Åsnes Skarstein skulle aldri bli bonde. I dag er ho ikkje berre bonde på fulltid, ho har også blitt bønder sitt talerøyr med engasjerande innlegg i sosiale media og i aviser. Bli betre kjent med den frittalande kvinna frå Fjaler som no er busett i Olden.

#62 Sport und Spaß 4.desember med Espen R. Nakstad 05.12.2024

Kveldens gjest er sjølvaste 71 grader Nord-vinnaren, Espen R. Nakstad! Norges tøffaste kjendis fortel om turen gjennom Stryn og Hornindal, forholdet til dei andre deltakarane og det å halde deltakinga skjult for kollegaer og vener. Han blir også utfordra på ei dialektoppgåve. I sendinga ringer vi også opp Månadens lyttar og det blir spalten "Ka i alje dage"?

Jabbing om jobb #8: Jan Fjellkårstad om verda som arbeidsplass 02.12.2024

Jan Fjellkårstad (45) frå Blakset er økonomidirektør i måløyverksemda Coast Seafood. Dei omset fisk og sjømat for milliardar og har store deler av verda som marknad.

Jabbing om jobb #7: Landsbylegen Marius Solbakken 17.11.2024

I den 7. episoden kan du bli betre kjent med Marius Solbakken. Austlendingen som kunne tenkt seg å bli snikkar, men som enda opp som kommuneoverlege i Stryn.

Jabbing om jobb #6: Petter Arnt Løvdahl - 74 åring med pensjonistangst 13.11.2024

Petter Arnt Løvdahl har alltid hatt mange jern i elden, og har sjeldan nøya seg med berre ein jobb om gongen. Vaktmeister, lærar, PPT-konsulent, bussjåfør og fjellførar er berre noko av det den allsidige 74-åringen har sysla med.

#61 Sport und Spaß 6. november 2024 06.11.2024

Stortingspolitikar og storspringar Alfred Bjørlo og skiskyttar Simon Hjelmeset Kirkeeide er gjester i dagens sending. Og vi ringer opp "Månadens abonnent", Andre Flo.

Gjesteserie: Jabbing om jobb #5: Dama med samfunnsplanen - Oline Horten 29.10.2024

Oline Horten er ei ung oslokvinne som enda opp som prosjektleiar for Stryn kommune sin samfunnsplan. Høyr korleis året i Stryn har vore og kva tankar ho gjer seg om livet i ein liten vestlandskommune.

Gjesteserie: Jabbing om jobb #4 Mariann Rosa og scena som arbeidsplass 22.10.2024

Mariann Rosa, eller Thomassen som døypenamnet er, hadde stor suksess som vokalist og frontfigur i bandet Surferosa i perioden 2000-2009. I dag lev ho også av musikk, som DJ og med eige bookingbyrå for kvinnelege DJ-ar. I denne episoden kan du høyre korleis det er å ha scena som arbeidsplass.

#60 Sport und Spas 9.oktober 2024 10.10.2024

Sending nummer 60! Med oss i studio er energibomba Siri Linn Opsahl. Ho er treningsinstruktør, formann i idrettslaget, gründer og fritidskoordinator. Jon Terje Tjellaug gir siste status om Stryn fotball før dei to siste og avgjerande kampane i Kretsligaen, og vi får høyre om Randabygda sin nye landslagsspelar - i rugby!

Gjesteserie: Jabbing om jobb #3: Supersjef Tom Øyvind Solheim 09.10.2024

Tom Øyvind Solheim er supersjef i Nordfjordkompaniet, som blant anna jobbar med rekruttering, lærlingar og bulyst i Nordfjord.

Gjesteserie: Jabbing om Jobb #2: Bedriftsutvikling med Arild Bødal 25.09.2024

Høyr kva den erfarne bedriftsleiaren, styreleiaren og investoren tenkjer kring bedriftsutvikling og organisasjonsbygging.

NY SERIE: Jabbing om jobb #1: Gründer Elisabeth Flo 19.09.2024

Jabbing om jobb er ein ny serie på Radio Stryn der vi møter personar frå ulike bransjar og kategoriar, og med ulike roller, i arbeidslivet. I den første episoden kan du bli betre kjent med gründer Elisabeth Flo (30) som driv Seniortrim.

#59 (1 sesong 8) Sport und Spaß 11.september 2024 11.09.2024

Gjester i studio er Jørgen Trøsken frå Stryn sitt herrelag i fotball, som pratar om kampen for tilværet i Kretsligaen, og handballtrenar Roy Veamyhr som er klar for nok ein sesong med handballdamene. I tillegg har vi med rekord-paret frå Skarsteinsetra Opp, Trond Håkon Trondsen og Synnøve Torp.

#58 Sport und Spaß 17.juni 2024 18.06.2024

Sommaravslutning! Vi snakkar med Torbjørn Hatledal om den nye 18 hols frisbeegolfbana på Ullsheim. Vi tek også ein prat med tidlegare norgesmeister i frisbeegolf, Jostein Håland. Og ikkje minst; truleg norges beste på å imitere sportsprofilar, Vidar Higraff, byr på både seg sjølv og ei rekkje imitasjonar. God sommar frå oss i SS!

Gjestesending: 20 år sidan Landsfestivalen for kor i Stryn 23.05.2024

20.-22. mai 2004 var vesle Stryn arrangør av den store Landsfestivalen for kor. Arrangementet samla 1.500 songarar frå nærare 50 kor frå heile landet. Margaret Venøy Flo og Tanja Selbervik Hage var med i arrangementskomiteen og deler minner frå tre dagar med fire årstider.

#57 Sport und Spaß 15.mai 2024 16.05.2024

Vi har besøk av Trio Triathlon; Are Njøten, Anders Maurset og Jon Gudbrand Kveen Øvre-Flo.

Gjestesending: Stryn Ping Pong Club (SPPC) 20 år 26.04.2024

I april 2004 såg guteklubben Stryn Ping Pong Club dagens lys. Ganske tilfeldig og utan vidare plan for kva dette skulle utvikle seg til å bli. Kåre Tonning, Arve Aaning, Åge Rustøen og Christer Lunde Solberg er på plass i radiostudio for å mimre om 20 år med galskap og kameratskap. I tillegg bidreg Kim Rune Flo, Torstein Breivik, Jan Egil Flo og Robin Vonheim i sendinga.

#56 Sport und Spaß 17. april 2024 18.04.2024

Vi snakkar med produsenten av serie-suksessen Alt for Årdal, Torstein M. Haug. Stryningen Kjell August Ytre-Eide har 20-årsjubileum som dommar og Hans Petter Galtung gir oss Oldestafettens ABC!

#55 Sport und Spaß 20. mars 2024 20.03.2024

Jan Erik Sandbakk er gjest og fortel meir om Loen-Vikane sin gledelege retur til seriefotballen. Den nye utvisingsregelen blir også grundig omtala i spalta Ka i allje daga!

#54 Sport und Spaß 14.februar 2024 15.02.2024

Gjest i studio er Svein Ørjasæter, utegåande reporter i VM skiskyting Nove Mesto er Inge Brynestad.

20 år sidan Junior VM 2004. Konkurransane, del 3/3. 06.02.2024

Vi tek ein prat med VM-kongen Petter Tande og han som var det lokale håpet, Ronny Hafsås. Gjester i studio er Ola Ødegård, rennleiar hopp i 2004, Olav Rune Seljeset, rennleiar kombinert, og Torstein Tvinnereim som var utegåande speaker på Ullsheim under junior-VM.

20 år sidan junior-VM i Stryn. Kultur og mediedekning, del 2/3. 01.02.2024

Frode Bakken, Berit Hisdal Lunde, Sigrid Moldestad, Helge Sunde og Hans Holmøyvik er gjester i del to av mimreserien om junior-VM i Stryn 2004.

#53 Sport und Spaß 24. januar 2024 25.01.2024

Gjester: Stolt og fersk EM-vinnar-pappa, Sigbjørn Kirkeeide, fysioterapeut og gründer Kristian Brynestad og junior-VM-klare Torje Seljeset.

20 år sidan junior-VM i Stryn. Bakgrunn og organisering, del 1/3: . 24.01.2024

I denne første sendinga ser vi tilbake på korleis det heile starta og korleis vesle Stryn rigga seg for gigantarrangementet i 2004. Gjester i studio er Oddvin Vonheim og Inge Fænn.

Førjulskos Radio Stryn 21. desember 2023 (NY og betre versjon) 23.12.2023

GJESTER: Holko & Hauge, Linda Gytri, Anders Victor Kvile, Arne P. Sunde, Anne Merete Erdal og Marit Almenning.

Listen to the Radio Stryn Podcast podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.