Bergens Tidende

Nokon må gå

News NO ↓ 259 episodes

Nokon må gå er ein podkast om politikk og kvardagsliv. Kommentatorane i Bergens Tidende tar for seg vekas mest engasjerande saker. Dei spør også kva dei eigentleg driv med på Austlandet.

Be sure to visit the podcast's website and support the creator: shows.acast.com

Author

Bergens Tidende

Category

News

Podcast website

shows.acast.com

Latest episode

Nov 20, 2026

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 10M+ downloads · 4.7+ rating iOS soon

Episodes

Det var ikkje eit menneskerettsbrot å stoppe den festen 24.06.2021

Partiet Raudt er i storform og kan lage kaos på Stortinget. I retten står slaget om det er ein menneskerett å få arrangere fest under ein pandemi. Og korleis skal ein kle seg i vestlandssommaren? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Anne Rokkan. Lydklipp: NRK Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound)

NMG live: Det var den våren 18.06.2021

Valkamp er tema når podkastgjengen får besøk av ordførar Marte Mjøs Persen (Ap) og stortingsrepresentant Silje Hjemdal (FrP). På scena på Litteraturhuset oppsummerer me også våren, og kårer Bergens beste krangel. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl, Morten Myksvoll og Anne Rokkan. Produsent: Henrik Svanevik og Martin Hirth Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound)

– Det er veldig rart at me homofile er oppe til debatt éin gong i året 10.06.2021

Politiet skapte rabalder på eit væpna foredrag på Osterøy, Pride-månaden er igang og podkastgjengen diskuterer kva koronatiltak vestlendingar kjem til å sakne. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK, TV 2

– Eg trur ikkje noko på at Sp ikkje vil i regjering 03.06.2021

Vedum har repetert og repetert at Sp ikkje bryr seg om makt og posisjonar. Men så kom fylkeslaga hans og ville gjere han til statsministerkandidat. Samstundes er det strid om vegmilliardane på Vestlandet. Og dei siste daganes knallsol i vest tvingar fram spørsmålet: Kan ein bade i Bergen? Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Margrete Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusik...

– Det har vore eit skikkeleg drittår for norsk skule 27.05.2021

Lærarane streikar, BT kjem med ny Sogn og Fjordane-måling, stortingsrepresentantar og andre i statsmakta får vaksine og Jens stiller fleire spørsmål frå Kvinneguiden. Programleiarar: Anne Rokkan, Jens Kihl og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK, Regjeringa

– Denne saka burde aldri gått til rettssalen 20.05.2021

Høgre gjer det bra på ei ny BT-måling, austlandet får fleire vaksiner og NRK blir saksøkt av sin eigen programleiar. Og kva er det med Festspillene i Bergen? Programleiarar: Jens Kihl, Eirin Eikefjord og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK, VG, Høgre

Bøndene tener neppe på drittkastinga 11.05.2021

Høgre arrangerer landsmøte i motgang, medan bøndene gjer opprør mot regjeringa. Og Anne spør om 17. Mai-feiringa på bygda eigentleg er så annleis enn i Bergen – om ein ser vekk frå sentrum. Programleiarar: Anne Rokkan, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK, Frp

Frp blir mindre vestlandsk når Sylvi Listhaug tek over for Siv Jensen 06.05.2021

Siv Jensen går av som Frp-leiar og Syvli Listhaug overtar. Kva har det å seie for partiet framover? Arkitekturdebatten har blomstra denne våren. Stemmer det at alt nytt er stygt – og er det i så fall arkitektane sin feil? I spalta «Å Vestland» tar Jens opp dette spørsmålet frå Kvinneguiden: Går det an å bu i Sogn og Fjordane? Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent:...

KrF-landsmøte, abortdebatt og takk til bilistane 29.04.2021

KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad har holdt sin landsmøtetale. Han går eit tøft valår i møte, men fekk han ei gåvepakke frå SV då dei vedtok å utvide retten til sjølvbestemt abort fram til veke 22? Det er tema i denne vekas episode. «Å Vestland» handlar om at FNB ville vedta ein takk til bilistane i bystyret denne veka. Kven andre bør bystyret takke, spør Jens. Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldfl...

– Her bør det gå an å drikke øl 22.04.2021

KrF kan miste plassen, medan SV gjer det bra. Slik ser det ut på den siste stortingsmålinga frå BT. No vil fleire at ungdom og enkelte yrkesgrupper skal rykke fram i vaksinekøen – det skaper debatt i «Nokon må gå». Episoden handlar òg om at byrådet vil ha fleire kvinnelege gatenamn i Bergen – og Jens Kihls ønskje om meir uteservering i byen. Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myks...

Ap-landsmøte, rusreform, ny måling og Kvinneguiden 15.04.2021

Denne veka handlar det meste om Ap-landsmøtet. Støre har halde sin tale, og snart skal partiet hans avgjere rusreforma. Ap ser òg ut til å vere i vekst på målingane. I Å Vestland er det gisseleik denne gongen: er me smartare enn Kvinneguiden? Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydk...

Gjenopning, vegkrangel og Vestlandets skytsengel 08.04.2021

Denne veka presenterte regjeringa sin plan for å gjenopne Noreg etter pandemien. Og kva skjedde eigentleg då statsministeren prøvde å forklare vegvala til regjeringa i Nasjonal transportplan? Du får òg siste nytt om vestlandets skytsengel i denne vekas episode. Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smallto...

Påskeegg frå Nokon må gå: Ny sesong av Nålebyen! 01.04.2021

Cato er tilbake med nye fortellingar om og frå livet som rusvahengig. Her får du dei to fyrste episodane. Alle saman er tilgjengelege for abonnentar i BT-appen.

Nedstenging, russarnekt og Oslo-livet i Bergen 25.03.2021

Noreg (og Bergen) er igjen stengt ned. Var det rett denne gongen? Bergen Engines blir ikkje selt til russiske oligarkar. På vegen dit greidde regjeringa å drible seg sjølv opptil fleire gongar. Og statsministeren meiner at det går an "å leve som i Oslo i Bergen". Gjer det eigentleg det? Programleiarar: Jens Kihl, Eirin Eikefjord og Anne Rokkan. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torsk...

Bybanen, vaksinestopp og bustadtips i Bergen 18.03.2021

Regjeringa lovar pengar til å starte bygginga av Bybanen til Åsane. Men blir den noko av? Så diskuterer me tilliten til vaksineprogrammet, etter at AstraZeneca-vaksinen vart sett på pause. Å Vestland-spalta handlar om kvar Jens Kihl bør bu i Bergen. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Anne Rokkan og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Superso...

Russiske oligarkar, store løfter om samferdsle og «belite seg» 11.03.2021

Salet av Bergen Engines er sett på vent, medan saka rullar videre. Statsministeren lovar å bygge både K5 og Hordfast, men kvar er pengane? Og kva betyr det eigentleg å «belite seg»? Programleiarar: Jens Kihl, Anne Rokkan og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: BT/E24, Regjeringa

Erna beklager, Oslo får fleire vaksiner og vestlandsk underdriving 04.03.2021

Erna Solberg måtte beklage til Oslos byrådsleiar, etter hennar eigen statssekretær var involvert i eit utspel mot smittehandteringa i hovudstaden. Den nye vaksinestrategien skaper usemje i «Nokon må gå»-gjengen – og det blir ikkje betre då Gerd og Morten påstår at bergensarar er Vestlandets austlendingar. Programleiarar:Gerd Tjeldflåt, Anne Rokkan og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vig...

Erna Solberg jubilerer, fødeopprør og NMG hjelper deg 25.02.2021

Statsminister og tidlegare NMG-gjest Erna Solberg fyller 60, menn vil inn på fødestudene og NMG løyser store og små problem. Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK

Ferjekrig, klimakamp i Sp og kven skal du stemme på i grand prix-finalen? 18.02.2021

Alle vil kutte i ferjeprisane, og Sp og Frp vil ikkje vere dårlegare enn Ap. Men blir partia einige? Sp slit òg med ein intern strid om klimapolitikken – og podkasten kjem med den autorative guiden til korleis vestlendingar bør stemme under helgas finale i Melodi Grand Prix. Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Berge...

Dyre ferjer, heftig koronadebatt og krig om teiknefilm 11.02.2021

Ap har endeleg klart å treffe med eit utspel om dyre ferjer. Koronadebatten har tatt ein litt heftigare vending i Oslo – men i Bergen er det roleg. Og korleis kunne ein kommunal teiknefilm skape stor strid i Kvinnherad? Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: Vinskvetten, BT,...

Oslo først-vaksinen, Meir kaos i Bergen Frp og Vedum kjeftar på Ap 04.02.2021

Er det Ullevål eller Ulvik som skal få vaksine fyrst? Det er som vanleg bråk i Frp, men no er det endeleg litt kiving mellom Sp og Ap òg. Og treng vi eit University of the Fjords? Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK, TV 2 og BT

Grensa stenger, kaos i FNB og alle skal til Vestland 28.01.2021

Regjeringa stenger grensa til Noreg. Men det er berre ei innrømming av at regjeringa ikkje har klart å stoppe importsmitten. Etter Trym Aafløys utmelding frå FNB, kranglar dei om verva hans. Og korleis skal me takle at alle vil til Vestland på ferie? Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersou...

Smittevernskrangel, småparti og strileforbod 21.01.2021

På Stortinget går diskusjonen høgt om kven som er mest barnslege i smitteverndebatten, og her vest har Abid Raja bede strilane om å halde seg unna teater og kulturliv. Og blir dette året der Raudt og MDG skal bryte sperregrensa? Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK

Ap-krise, Liberalistane-nominasjon og snø i Bergen 14.01.2021

Det snør i Bergen, men korleis taklar eigentleg byen dette vêret? Det spør Jens om i «Å Vestland». Denne veka er det nominasjonsmøte i Liberalistane – som med store profilar på laget, kanskje kan skape problem for Frp. Og så ser det ikkje ut til å vere ein ende på alle problema til Arbeidarpartiet. Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusi...

2021-spådom, USA og knoting 07.01.2021

Kva kan me vente oss i 2021? Og kva skjedde eigentleg då Kongressen i USA vart storma. Og sist, men ikkje minst, blir det skamfull stemning i studio når kommentatorane må ta oppgjer med det verste ein vestlending kan gjere: knoting. Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound) Klipp: VG

Listen to the Nokon må gå podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.