Bergens Tidende
Nokon må gå
Nokon må gå er ein podkast om politikk og kvardagsliv. Kommentatorane i Bergens Tidende tar for seg vekas mest engasjerande saker. Dei spør også kva dei eigentleg driv med på Austlandet.
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
Måling, politikarbøker og vestlandske dødssynder 26.08.2021 40:58
BT startar torsdagen med ei ny måling, og det er sjølvsagt tema i "Nokon må gå". Episoden handlar òg om politikarbøker i lys av Jan Bøhler og Trygve Slagsvold Vedums nye bok. I Å Vestland spør Gerd kva politikarane absolutt må unngå å gjere på Vestlandet – den lista er lang. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Morten Myksvoll. Produsent: Arve Stigen Vignettmusikk: Bjørn Torske – Ber...
NMG live: For ei sjokkmåling! 20.08.2021 59:53
Valkampen har starta, og «Nokon må gå» får besøk frå Kjersti Toppe (Sp) og Arild Hermstad (MDG). BTs nye sjokkmåling er blant temaa, som viser Senterpartiet i fritt fall og eit MDG i god form. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Morten Myksvoll. Produsent: Arve Stigen og Martin Hirth Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound)
– No fortener Erna Solberg ei litt dårleg måling 12.08.2021 43:58
BTs nye stortingsmåling er dårleg nytt for Høgre. Koronaen er tilbake i Bergen, med høge smittetal og nye restriksjonar. Og kven bør bli statsrådar i ei ny regjering? Det er tema i denne vekas episode av «Nokon må gå». Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lyd...
Er det Sp-kaoset som skal gje Erna Solberg ein tredje periode? 05.08.2021 48:39
Valkampen har starta, Gerd har vore i Sogn og Fjordane og det er skredfare inni tunnelane. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: Høgre, NRK
Raudt kan kome over sperregrensa 29.07.2021 49:46
Raudts Sofie Marhaug er gjest i denne vekas episode. Ho kan få Raudts første stortingsplass frå Hordaland, og partiet hennar kan kome over sperregrensa for første gong.
22. juli 21.07.2021 37:23
Denne veka er det ti år sidan terroråtaket 22. juli. Lubna Jaffery, som i dag er fungerande byrådsleiar i Bergen, var i Oslo då bomba gjekk av. Dottera hennar var på veg til Utøya. Programleiarar: Jens Kihl og Morten Myksvoll. Gjest: Lubna Jaffery (Ap) Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound)
Ei naken rumpe lokkar ingen til bygda 01.07.2021 45:25
Norwegian er i hardt vêr etter millionbonusar. Men kvifor trudde regjeringa at dei skulle vere solidariske med storsamfunnet? På fødeavdelingane er det fullt av fødande, og få jordmødre. Og i distriktet kler ein ordførar av seg for å stoppe fråflyttinga. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Anne Rokkan. Lydklipp: NRK, Visit Norway Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torsk...
Det var ikkje eit menneskerettsbrot å stoppe den festen 24.06.2021 35:38
Partiet Raudt er i storform og kan lage kaos på Stortinget. I retten står slaget om det er ein menneskerett å få arrangere fest under ein pandemi. Og korleis skal ein kle seg i vestlandssommaren? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Anne Rokkan. Lydklipp: NRK Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound)
NMG live: Det var den våren 18.06.2021 1:04:48
Valkamp er tema når podkastgjengen får besøk av ordførar Marte Mjøs Persen (Ap) og stortingsrepresentant Silje Hjemdal (FrP). På scena på Litteraturhuset oppsummerer me også våren, og kårer Bergens beste krangel. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl, Morten Myksvoll og Anne Rokkan. Produsent: Henrik Svanevik og Martin Hirth Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound)
– Det er veldig rart at me homofile er oppe til debatt éin gong i året 10.06.2021 43:46
Politiet skapte rabalder på eit væpna foredrag på Osterøy, Pride-månaden er igang og podkastgjengen diskuterer kva koronatiltak vestlendingar kjem til å sakne. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK, TV 2
– Eg trur ikkje noko på at Sp ikkje vil i regjering 03.06.2021 39:45
Vedum har repetert og repetert at Sp ikkje bryr seg om makt og posisjonar. Men så kom fylkeslaga hans og ville gjere han til statsministerkandidat. Samstundes er det strid om vegmilliardane på Vestlandet. Og dei siste daganes knallsol i vest tvingar fram spørsmålet: Kan ein bade i Bergen? Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Margrete Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusik...
– Det har vore eit skikkeleg drittår for norsk skule 27.05.2021 51:49
Lærarane streikar, BT kjem med ny Sogn og Fjordane-måling, stortingsrepresentantar og andre i statsmakta får vaksine og Jens stiller fleire spørsmål frå Kvinneguiden. Programleiarar: Anne Rokkan, Jens Kihl og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK, Regjeringa
– Denne saka burde aldri gått til rettssalen 20.05.2021 43:50
Høgre gjer det bra på ei ny BT-måling, austlandet får fleire vaksiner og NRK blir saksøkt av sin eigen programleiar. Og kva er det med Festspillene i Bergen? Programleiarar: Jens Kihl, Eirin Eikefjord og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK, VG, Høgre
Bøndene tener neppe på drittkastinga 11.05.2021 47:36
Høgre arrangerer landsmøte i motgang, medan bøndene gjer opprør mot regjeringa. Og Anne spør om 17. Mai-feiringa på bygda eigentleg er så annleis enn i Bergen – om ein ser vekk frå sentrum. Programleiarar: Anne Rokkan, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK, Frp
Frp blir mindre vestlandsk når Sylvi Listhaug tek over for Siv Jensen 06.05.2021 39:23
Siv Jensen går av som Frp-leiar og Syvli Listhaug overtar. Kva har det å seie for partiet framover? Arkitekturdebatten har blomstra denne våren. Stemmer det at alt nytt er stygt – og er det i så fall arkitektane sin feil? I spalta «Å Vestland» tar Jens opp dette spørsmålet frå Kvinneguiden: Går det an å bu i Sogn og Fjordane? Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent:...
KrF-landsmøte, abortdebatt og takk til bilistane 29.04.2021 40:45
KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad har holdt sin landsmøtetale. Han går eit tøft valår i møte, men fekk han ei gåvepakke frå SV då dei vedtok å utvide retten til sjølvbestemt abort fram til veke 22? Det er tema i denne vekas episode. «Å Vestland» handlar om at FNB ville vedta ein takk til bilistane i bystyret denne veka. Kven andre bør bystyret takke, spør Jens. Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldfl...
– Her bør det gå an å drikke øl 22.04.2021 49:21
KrF kan miste plassen, medan SV gjer det bra. Slik ser det ut på den siste stortingsmålinga frå BT. No vil fleire at ungdom og enkelte yrkesgrupper skal rykke fram i vaksinekøen – det skaper debatt i «Nokon må gå». Episoden handlar òg om at byrådet vil ha fleire kvinnelege gatenamn i Bergen – og Jens Kihls ønskje om meir uteservering i byen. Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myks...
Ap-landsmøte, rusreform, ny måling og Kvinneguiden 15.04.2021 50:01
Denne veka handlar det meste om Ap-landsmøtet. Støre har halde sin tale, og snart skal partiet hans avgjere rusreforma. Ap ser òg ut til å vere i vekst på målingane. I Å Vestland er det gisseleik denne gongen: er me smartare enn Kvinneguiden? Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydk...
Gjenopning, vegkrangel og Vestlandets skytsengel 08.04.2021 39:31
Denne veka presenterte regjeringa sin plan for å gjenopne Noreg etter pandemien. Og kva skjedde eigentleg då statsministeren prøvde å forklare vegvala til regjeringa i Nasjonal transportplan? Du får òg siste nytt om vestlandets skytsengel i denne vekas episode. Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smallto...
Påskeegg frå Nokon må gå: Ny sesong av Nålebyen! 01.04.2021 16:38
Cato er tilbake med nye fortellingar om og frå livet som rusvahengig. Her får du dei to fyrste episodane. Alle saman er tilgjengelege for abonnentar i BT-appen.
Nedstenging, russarnekt og Oslo-livet i Bergen 25.03.2021 43:00
Noreg (og Bergen) er igjen stengt ned. Var det rett denne gongen? Bergen Engines blir ikkje selt til russiske oligarkar. På vegen dit greidde regjeringa å drible seg sjølv opptil fleire gongar. Og statsministeren meiner at det går an "å leve som i Oslo i Bergen". Gjer det eigentleg det? Programleiarar: Jens Kihl, Eirin Eikefjord og Anne Rokkan. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torsk...
Bybanen, vaksinestopp og bustadtips i Bergen 18.03.2021 38:51
Regjeringa lovar pengar til å starte bygginga av Bybanen til Åsane. Men blir den noko av? Så diskuterer me tilliten til vaksineprogrammet, etter at AstraZeneca-vaksinen vart sett på pause. Å Vestland-spalta handlar om kvar Jens Kihl bør bu i Bergen. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Anne Rokkan og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Superso...
Russiske oligarkar, store løfter om samferdsle og «belite seg» 11.03.2021 44:17
Salet av Bergen Engines er sett på vent, medan saka rullar videre. Statsministeren lovar å bygge både K5 og Hordfast, men kvar er pengane? Og kva betyr det eigentleg å «belite seg»? Programleiarar: Jens Kihl, Anne Rokkan og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: BT/E24, Regjeringa
Erna beklager, Oslo får fleire vaksiner og vestlandsk underdriving 04.03.2021 37:53
Erna Solberg måtte beklage til Oslos byrådsleiar, etter hennar eigen statssekretær var involvert i eit utspel mot smittehandteringa i hovudstaden. Den nye vaksinestrategien skaper usemje i «Nokon må gå»-gjengen – og det blir ikkje betre då Gerd og Morten påstår at bergensarar er Vestlandets austlendingar. Programleiarar:Gerd Tjeldflåt, Anne Rokkan og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vig...
Erna Solberg jubilerer, fødeopprør og NMG hjelper deg 25.02.2021 40:04
Statsminister og tidlegare NMG-gjest Erna Solberg fyller 60, menn vil inn på fødestudene og NMG løyser store og små problem. Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske - Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.