NETT NO - Podium
NETT NO - Podium
Podium er NETT NO sin podkast om og for næringslivet på Sunnmøre og Nordfjord. Kvar episode vil ha to nye gjesta frå det regionale næringslivet som diskuterar aktuelle tema, leia av Olav Sindre Kriken, med-gründer av mediehuset NETT NO. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
Politisk thriller for næringslivet 30.04.2025 33:58
Må næringslivet på Sunnmøre leve med skatt på arbeidande kapital? Ikkje om det vert regjeringsskifte, er det klåre løftet frå Høgretoppane Tina Bru og Peter Frølich. I Podium snakkar dei om korleis den globale uroa har påverka dei politiske utsiktane i Noreg før Stortingsvalet, kva som vil verte annerleis ved eit regjeringsskifte, og kvifor vi skal tru at dei borgerlege partia skal klare å finne f...
Den store usikkerheten – lander sunnmørsk næringsliv på beina? 24.04.2025 38:08
Kva skjer med sunnmørsk næringsliv i ei tid der den globale tryggleiken vert utfordra både frå aust og vest, og der børsane skjelv av skremmande tollmurar? Det var temaet på eit frokostseminar i Ålesund denne veka. Vi fortsatte samtalen med nokre av deltakarane i podkast-studio etterpå. Høyr kva viseadmira Louise Dedichen, First House sin politiske ekspert Ole Berget og dei lokale næringslivsleiar...
Ikkje sjokk, men mykje bekymring 07.10.2024 32:10
Årets forslag til statsbudsjettet ga ikkje noko sjokk for næringslivet på Nordvestlandet. Men mange trekk gjev alvorleg grunn til bekymring, og fekk temperaturen opp hos ekspertane i studio. Høyr kva Kristin Clemet frå tankesmia Civita, styreleiar Gunnar Haagensen i Sjømat Norge og First House-partnar Jon Georg Dale har å seie i denne episoden av Podium. Podkasten er produsert av Gjenklang Studio....
Går det egentlig betre med næringslivet på Sunnmøre? 23.05.2024 26:20
Det går betre med næringslivet på Sunnmøre enn andre stader i landet. Det var hypotesa som vart undersøkt på eit næringslivsseminar i Ålesund nyleg. I Podium fortsatte vi diskusjonen med nokre av deltakarane på seminaret. Høyr kva regionbanksjef Jan Rune Hurlen i Sparebank 1 SMN, regiondirektør Lene Trude Solheim i NHO Møre og Romsdal og administrerande direktør Heidi Nakken i Næringsforeningen Ål...
Korleis kan reiselivet skape enda større verdiar? 26.04.2024 23:58
Natur og arkitektur dreg turistar til Nordvestlandet. Korleis kan vi få dei til å bli lenger når dei kjem, og korleis kan reiselivet i regionen bli betre - slik at Sunnmøre vært enda meir attraktivt? Vi inviterte reiselivsaktørane Kjetil Aarseth i Atlanterhavsparken og hotelldirektør Camilla Espeseth på Hotel Brosundet til å snakke om dette og mykje anna. Og lurer du på om det ligg an til ny rekor...
Store fiskeriverdiar i spel 05.04.2024 31:54
Kor mykje fisk skal vi hente opp av havet, og kven skal gjere det? No er regjeringa si kvotemelding til handsaming i Stortinget. Store verdiar er i spel, og endringar kan råke næringslivet på Nordvestlandet. Vi inviterte Janne-Grethe Strand Aasnæs frå Havstrand AS og Sveinung Flem frå Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag til studio. Bilde dei teiknar, er ikkje lysteleg. Hosted on Acast. See acast.com/...
Slik skal GATH forsterke aquabransjens posisjon. 06.10.2023 28:58
GATH er den sunnmørske tech hub’en som skal skape innovasjon i aquakultur og som skal gjere regionen attraktiv for kundar frå heile verda. Men korleis skal det skje? Vi inviterte dagleg leiar Bente Lund Jacobsen og styremedlem Harald Nesvik i Podium-studio på leiting etter svar. Produsent Gjenklangsttudio.no Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Hva skal til for å lukkast som gründer? 23.06.2023 26:22
Nokre gründerar lukkast med å omsette gode idéar til kommersiell suksess. Men vegen dit er tung og krevjande, og ikkje alle lukkast. Kva er oppskrifta for å treffe blink som gründer? Og korleis påverkar global og lokal uro kvardagen i oppstartsverksemder? Høyr kva som skjedde da vi inviterte Stian Bang (Avento og Parkly) og Kari-Elin Kornes Hildre (Inseanergy) til studio. Produsert av Gjenklangstu...
Jakta på kompetansen - kva kan gjerast for å sikre næringslivet i nordvest folka dei treng? 01.06.2023 23:36
Næringslivet treng ikkje berre folk med mastergrad og teoretisk kunnskap. Vi treng også dei flinke fagfolka og handverkarane. Kva kan gjerast for å sikre næringslivet i nordvest folka dei treng? Vi inviterte Ole Andreas Holm i Marint Kompetansesenter og ekspert på HR og leiing, Lene Flem Debess, i studio for å snakke om lærlingar, rekruttering og framtidas kompetansebehov. Programleiarar er I...
Gapet mellom politikk og sunnmørsk næringsliv - kva kan gjerast? 11.05.2023 35:13
Kva er det politikarane ikke skjøner om sunnmørsk næringsliv, og kva må næringslivet forstå om politikk? Høyr kva First House-partner Tor Mikke Wara og styreleder Anne Breiby i Tafjord Kraft tenkjer må til. I denne utgåva av Podium spør vi også ekspertane Ivan Alver og Jan Petter Hagen korleis krig og uro har endra investornarknaden. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Uro – krise eller moglegheiter? 26.01.2023 38:03
«Uro» var tema for NHO sin årskonferanse i Ålesund – med krig, prisgalopp og skatteskjerpingar som ein del av bakteppet. Må næringslivet på Nordvestlandet bu seg på at usikkerheit er den nye kvardagen? Og kan uro vendast til noko positivt? Vi inviterte NHO-sjef Ole Erik Almlid og styrenestleiar Inger-Marie Sperre i Sjømat Norge til Podium-studioet. Programleiarar er Ingvild Vartdal og Hans-Christa...
Kven skal bygge distrikta om kapitalen vert pressa ut av landet? 09.12.2022 43:47
Dei har begge vore med å utvikle familieverksemder til nye høgder. Samstundes har kapitalen dei representerer kome sunnmørske lokalsamfunnn til gode. Men kva skjer no, når mørke skyer trugar i horisonten? Høyr Gunvor Ulstein og Knut Flakk snakke om dette og mykje anna i denne episoden av Podium. Programleiar Hans-Christian Vadseth og med-programleiar Ingvild Vartdal. Produsert av Gjenklangoslo.no...
Kva skjer med Sunnmørsk næringsliv no? 13.11.2022 28:29
Media melder om permitteringar, oppseiingar og kansellerte kontrakter langs heile kysten. Kor tøft vert det komande året for næringslivet på Sunnmøre? Og kva vil varsla lakseskatt, auka arbeidsgivaravgift og auke i formue- og utbytteskatt ha å seie? Dette var tema då vi inviterte Gunn-Marit Nerem, VP Sales i Cflow, og administrerande direktør Olav Haug Vikebakk i Hareid Group til Podium-studioet....
Djup uro for skattetungt budsjett 06.10.2022 44:58
Aldri før har skatter og avgifter auka så mykje frå eitt statsbudsjett til eit anna som i årets forslag. Vi samla representantar for sunnmørsk næringsliv, skatteekspertar og politisk spisskompetanse i Podium-studioet for å diskutere budsjettforslaget. Det er riktig å seie at jubelen ikkje stod i taket. Med oss i studio har vi Ole Berget, Ingvild Vartdal, Tore Tønseth, Erik Espeset, Marielle Furnes...
Kven skal eige Sunnmørsbedriftene? 12.05.2022 30:53
Det skjer mange generasjons- og eigarskifte i sunnmørsk næringsliv. Oppkjøpsfond og konsern bankar på og vil inn, men og lokal kapital står klar. I Podium spør vi: Kva skjer med det sunnmørske eigarskapet? Til å svare på dette har vi fått med oss Peder Stette, Anja Solevågseide, Ingvild Vartdal og Ogne Øyehaug. Programleiar Hans-Christian Vadseth. Produsent Jan Ivar Wolstad. Hosted on Acast....
Bærekraft i næringslivet 24.11.2021 26:24
Nye lovreglar sett bærekraft og openheit på toppen av næringslivets agenda. Vi har snakka med fire som både har erfaring og innsikt i kva dette vil bety for selskap på vestlandet. Episoda er leia av Olav Sindre Kriken. Med seg på laget som co-host har han den erfarne forretningsadvokaten Ole-Reinhart Notø. Produsent Jan Ivar Wolstad. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Børs med Christian Pritchard og Tore Tønseth 09.11.2021 37:59
Kvifor vel eit selskap å gå børs, kva tid er det rett for eit selskap å gjere det, og bør det vere eit mål for alle selskap å vere børsnoterte? Dette er noko av det vi diskuterar med CEO i Nortel, Christian Pritchard og investeringsdirektør i Ronja Capital, Tore Tønseth i denne episoda av PODIUM. Episoden er leia av Olav Sindre Kriken og Anja Solevågseide, produsert av Jan Ivar Wolstad. Hosted on...
GJESTEPODIUM: Statsbudsjettet er lagt fram, og regjeringsskifte er gjennomført. Korleis vil dette påvirke næringslivet i regionen vår? 19.10.2021 26:21
Episoda er leia av ekspert Hans Christian Vadseth frå First House og Ingvild Vartdal frå Adviso med heile fem gjestar: tidlegare statssekretær Ole Berge, seniorrådgiver i Klima og Miljødepartementet Ragnhild Eikenes, Ingvild Vartdal frå Adviso, CEO i Entec Group Håvard Haanes, og CEO i Ocean Supreme Botholf Stolt-Nielsen. Vi kan love eit fyrverkeri av ein podkast! Hosted on Acast. See acast.com/pr...
Arne Nore og Roger Hofseth - historia og framtida til norsk oppdrettsnæring. 27.05.2021 38:30
Korleis starta eventyret som vi i dag kjenner som norsk oppdrettsnæring, og kva er viktig for at Noreg skal halde posisjonen som ledande leverandør av laks på verdsmarknaden også i framtida? Dette er noko av det vi diskuterar med Arne Nore og Roger Hofseth i denne episoda av PODIUM. Episoden er leia av Olav Sindre Kriken og Ingvild Vartdal, produsert av Jan Ivar Wolstad. Hosted on Acast. See acast...
Anne Birte Bjørdal Hanken og Jan-Tore Holen om gründerlivet, oppstart og vekst. 18.02.2021 32:36
Korleis går ein frå idé til selskap, og korleis handterar du opp- og nedturar som gründer? Og kva er det vanskelegaste med å starte eit selskap? Dette var nokre av spørsmåla vi diskuterte med gründer av Jacu, Anne Birte Bjørdal Hanken, og gründer av Conta, Jan-Tore Holen, i denne episoda av PODIUM. Episoden er leia av Olav Sindre Kriken og Ingvild Vartdal og produsert av Jan Ivar Wolstad. Hosted o...
Stig Remøy og Rolf Fiskerstrand om GIEK / Eksportkreditt Norge og framtida til norsk eksport 21.01.2021 33:29
Er det verkeleg slik at GIEK og Eksportkreditt Norge ikkje kan ha hovudkontor i Ålesund, grunna mangel på kompetanse i regionen? Og med høgaste handelsunderskot i eksport i nyare tid, fungerar aktøren i dag? Dette var nokre av spørsmåla vi diskuterte med Stig Remøy frå Olympic, og Rolf Fiskerstrand frå Fiskerstrand Verft, i denne episoda av PODIUM. Episoden er leia av Olav Sindre Kriken og Ingvild...
Bente Storhaug Dahl og Geir Balsnes om korleis skape ein god prestasjonskultur. 17.12.2020 33:41
Korleis skapar ein prestasjonskultur med menneske i fokus? Og kva forskjellar opplevast når det kjem til organisasjonsbygging og kultur, i internasjonale, nasjonale og, lokale selskap? Dette var nokre av spørsmåla vi diskuterte med CEO i Luminell Bente Storhaug Dahl, og leder for rådgivning i Visma Geir Balsnes, i denne episoda av PODIUM. Produsent Jan Ivar Wolstad. Hosted on Acast. See acas...
Øyvind Tørlen og Jan Endre Vartdal om bærekraft i næringslivet 09.11.2020 36:40
Er bærekraft i næringslivet ein forbigåande trend, eller kan selskap i regionen drive ekte verdiskaping gjennom eit grønt fokus? Og fasiliterar staten nok for at norske bedrifter skal kunne lukkast med bærekraftige satsingar som sirkulærøkonomi? Dette er nokre av spørsmåla vi diskuterte med dagleg leiar i Jets Group Øyvind Tørlen, og dagleg leiar i Vartdal Plastindustri Jan Endre Vartdal. Episoden...
Kjersti Kleven og Lene Trude Solheim om møteplassar for næringslivet i og etter korona. 08.09.2020 36:40
Kva skjer med møteplassar for næringslivet i og etter korona, og korleis skal næringslivet jobbe for å vere best mogleg rusta for framtida? Dette er nokre av spørsmåla vi diskuterte med Kjersti Kleven frå Skaparhuset og administrerande direktør i Næringsforeningen Ålesundregionen Lene Trude Solheim, i denne episoda av PODIUM. Episoden er leia av Olav Sindre Kriken og Ingvild Vartdal og produsert a...
Ingegjerd Eidsvik og Håkon André Berg om landbasert oppdrett 30.06.2020 32:54
Kvifor skal Noreg, verdens fremste produsent av laks, løyse utfordringane med landbasert oppdrett av matfisk? Og kvifor satsar ikkje dei tradisjonelle oppdrettarane på denne teknologien? Dette er nokre av spørsmåla vi diskuterte med CEO i Artec Aqua Ingegjerd Eidsvik, og CEO i Salmon Evolution Håkon André Berg, i episode seks av PODIUM. Produsert av Jørgen Bakken og Jan Ivar Wolstad. Hosted...
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.