Nettavisa Langsvegen.no
Langs Vegen No.
"Langs Vegen No" er podkasten til nettavisa www.langsvegen.no, -nettavisa om folk. God fornøying. Med venleg helsing Roy Myrland, eigar og redaktør.
Be sure to visit the podcast's website and support the creator: www.langsvegen.no
Author
Nettavisa Langsvegen.no
Category
Podcast website
Latest episode
Nov 4, 2026
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
Dette er ei historie som ikkje har vore enkel å fortelle.. 04.11.2026 39:11
Tyskarane heidra «skomakaren frå Sachsenhausen», Karl Maier (1908–1997), med fortenestekrossen – men kvar vart det av den norske takken? Høyr podkasten direkte her, eller via lenkja nedst i artikkelen. Biletet over: Tom Maier til høgre og Roy Myrland. Før du les vidare eller høyrer podkasten, vil vi rette ei stor og hjarteleg takk til Knut Haugrud og Haugrud Brønnboring AS , og Oddvin Sørbøen og...
Podkast: Noko av det viktigaste Valdres har, er menneske som Karianne. 28.10.2026 34:44
Karianne Borchgrevink har det nærmast i gena å ta samfunnsansvar og bidra til at fellesskapet vårt skal bli best mogleg for alle. I denne episoden av Langs Vegen No møter marknads- og bedriftsutviklaren redaktør Roy Myrland til ein open og uhøgtideleg samtale i podkaststudioet i GG13-garden på Fagernes. Det blir ei spennande reise frå ein lukkeleg barndom i bygdebyen, via rastafletter og jobb i sk...
Podkast: Folkemengden sto musestille – hør Sandemo og Snåsamannen 16 år senere 01.10.2026 44:53
Denne podkasten handlar om to heilt unike menneske som på kvar sin måte har betydd ufatteleg mykje for hundretusenvis av menneske. Margit Sandemo gjennom forteljingane sine, som har rørt, fascinert og følgt lesarar gjennom fleire generasjonar, og Joralf Gjerstad gjennom dei heilt spesielle evnene sine og den varme omsorga han viste menneska han møtte. Begge har òg vore ein del av livet mitt, og ha...
Bent Høie på tomannshand om folk, livet, makt og laaaange ord. 22.09.2026 31:13
Podkast: Kongens mann i Rogaland, er og styreleiar på Beitostølen – Bent Høie har stått i mange krevjande val gjennom eit langt liv i politikken. I denne podkasten fortel den tidlegare helseministeren og noverande statsforvaltaren i Rogaland om avgjerdene som kosta, om engasjementet for menneske med funksjonsutfordringar – og om kvifor enkelte laaaange ord framleis kan vere ei utfordring å få heil...
Arvid Evanger – "Væla går vidare", ein varm og sterk prat om livet, menneska og orda. 07.09.2026 39:06
I Vikeså i Rogaland møtte vi forfattar og poet Arvid Evanger til ein nær, varm og sterk samtale om det 86 årige livet hans – slik det faktisk har vore. Praten går frå flukta frå nord og oppveksten på Dokka, til den sterke tilknytinga til Valdres, menneska vi møter og korleis vi eigentleg er med kvarandre. Vi er innom losjelivet og dei mange åra i Odd Fellow, og sjølvsagt også rakfisken – Arvid er...
Professor Snorre Stuen. -To doktorgrader på flått. 22.08.2026 24:27
Flåtten kan drepe fleire lam enn dei store rovdyra Flåtten og flåttbårne sykdommer kan vere ein langt større dødsårsak for lam enn mange er klar over. Det er anslått at flått og flåttbårne sykdommer kan ta livet av fleire lam i Noreg enn bjørn, ulv, gaupe, rev og andre rovdyr til saman. Podkasten Langs Vegen No er gjort mogleg med støtte frå Grobakken Landmek, Abrahamsen Kjøttforretning i Larvik o...
Korleis kan biokull gi betre jord Olav Amund Lie? 31.07.2026 28:53
Kva har kol, jord, klima og frodige tomatplanter til felles? Meir enn du kanskje trur. Jorda er noko av det viktigaste vi har. Ho gir oss maten vi et, bind karbon og er sjølve grunnlaget for livet rundt oss. Dei fleste ønskjer å overlate jorda til neste generasjon i minst like god stand som då vi tok over – og aller helst litt betre. Det er nettopp dette som driv God Jord AS på Leira i Valdres. Me...
Ein varm podkastprat med Odd Nordstoga frå Trollrock. 29.07.2026 5:14
Ei stor takk til Hageland Gjennestad , Byggtorget Fosheim Sag , Valdrestømmer og Nerstad Tuft Transport AS for verdifull annonsestøtte til denne podkasten. Det er takka vere slike samarbeidspartnarar at Langsvegen.no kan halde fram med å formidle historier om menneske, kultur og opplevingar. Har du høve, oppmodar vi deg gjerne til å støtte dei som støttar lokal journalistikk. Kva får du når du bla...
Ejlis. 26.07.2026 3:14
Etter "Ejlis" sin konsert på Trollrock møtte redaktør Roy Myrland i Langs Vegen No Silje Brekke Veltun – betre kjend som Ejlis – til ein podkastprat backstage. Den dyktige artisten frå Rogne i Øystre Slidre fortel om gleda ved å stå framfor heimpublikummet, kvifor ho syng på dialekt, korleis eigne opplevingar mellom det urbane og det rurale blir til musikk, og kva draumar og planar som...
Bjarne Brøndbo på Trollrock 25.07.2026 3:52
Jubelen hadde så vidt lagt seg etter D.D.E. sin forrykande konsert på Trollrock laurdag 25. juli, då redaktør Roy Myrland i Langs Vegen No fekk ein hyggeleg prat med Bjarne Brøndbo backstage. I podkasten fortel han om møtet med publikum og kva som framleis driv eit av Noregs mest folkekjære band. Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.
Ivar Vaa. -Om kunst , livet og gamle hoppminne. 22.06.2026 41:46
Ivar Vaa. -Om kunst , livet og gamle hoppminne. Kunstmålar Ivar Andreas Vaa frå Aurdal i Valdres var ein framifrå skihoppar i Telemark i yngre dagar. Nokre dagar før han opnar sommarutstillinga si i det heilt nye galleriet i Gullsmedvegen på Fagernes, der "Power" var tidlegare, gjestar han "Langs Vegen No" i podkastrommet til GG13 på Fagernes. I samtale med redaktør Roy Myrlan...
Jenny Heggvik. -Museumsleiaren fortel historia frå -42. 09.06.2026 26:57
I Telavåg på Sotra sørgjer Nordsjøfartmuseet, leia av Jenny Heggvik (biletet over), for at historia om Telavåg-tragedien blir halden levande. – Etter Gestapo-aksjonen våren 1942 vart Telavåg råka av ei av dei hardaste hemnaksjonane under okkupasjonen. Bygda vart jamna med jorda, mennene sende til konsentrasjonsleirar og kvinner, barn og eldre tvangsflytta frå heimane sine. Denne artikkelen er laga...
Line Holar Onstad. -Kjøkkensjef der mat er en del av rehabiliteringa. 30.05.2026 29:16
I denne episoden av podkasten "Langs Vegen No" blir det både latter, matprat og gode historier frå ei dame som verkeleg kan kunsten å lage skikkeleg god mat – helst med så mykje lokale råvarer som mogleg. På den andre sida av bordet sit nemleg Line Holar Onstad, jenta frå Ski som starta reisa si ved kokk- og stuertskulen i den gamle kvalfangarbyen Sandefjord, før vegen gjekk vidare ut i...
Bjørn Ola Aurkust. -Historia om mannen som valde bygda framfor partipisken. 25.05.2026 38:04
Møt Bjørn Ola Aukrust frå Lom – tidlegare varaordførar, skuleforkjempar og no den ettertrakta Lomslosen. Ei varm, humoristisk og engasjerande podkastsamtale på Langs Vegen No. https://www.lomslosen.no/ Varaordføraren som vart rikskjendis med kjepphest og pisk, satte bygda først, og som aldri glømde flokken sin. Men historia om Bjørn Ola starta lenge før både kjepphestar, partipiskar og cruiseturi...
Endre Strømsheim i Ragnarokk på sabotørruta 09.03.2026 14:05
Verdsmeister i skiskyting på stafett og fellesstart under VM i 2025 i Lenzerheide, Endre Strømsheim, tok 8. mars inn på ei heilt spesiell hytteovernatting: Ragnarokk på Aurdalsåsen i Valdres. Hit, langt frå både stadionlys og standplass, har han følgt spora etter tungtvass-sabotørane frå kompani Linge, som i mars 1943 la ut på den dramatiske retretten på rundt 600 kilometer frå Rjukan til Sverige...
Bjørn Stendebakken. Del 2. Rockens historie i Valdres 20.02.2026 34:31
Podcast nr. 2, om "Rockehistorie i Valdres". Frå flower power til forsterkarar på full guffe ! I studioet i GG13-garden på Fagernes tek Bjørn Stendebakken frå Leira i Valdres oss med på ei musikalsk tidsreise gjennom rocken si historie i dalføret. Det startar på 60-talet med den glade hippietida, går vidare gjennom rockesvoltne 70-år og inn i 80-talet med Valdres Musikkforum – krydra med...
Valdres i hjartet: Vedum om formueskatt, eigarskap og lokalsamfunn 19.02.2026 22:48
Valdres i hjartet: Vedum om formueskatt, eigarskap og lokalsamfunn https://youtu.be/EuyyBKUuvq4 Senterparti-leiaren og stortingsrepresentanten Trygve Slagsvold Vedum tok imot redaktør Roy Myrland og podkasten Langs Vegen No i kontoret sitt på Stortinget til ein grundig prat om nokre av dei mest krevjande spørsmåla i norsk økonomi og næringspolitikk. Der vart han utfordra på både formuesskatt og op...
Bjørn Stendebakken -Rockens historie i Valdres. Del 1 av 2. 10.02.2026 17:41
Frå flower power til forsterkarar på full guffe ! I studioet i GG13-garden på Fagernes tek Bjørn Stendebakken frå Leira i Valdres oss med på ei musikalsk tidsreise gjennom rocken si historie i dalføret. Det startar på 60-talet med den glade hippietida, går vidare gjennom rockesvoltne 70-år og inn i 80-talet med Valdres Musikkforum – krydra med Bjørn sine eigne historier og sterke musikkopplevingar...
Marit Reitan -Eg unnar folk å finne vegen til seg sjøl. 31.01.2026 1:15:59
Kva skjer når vi sluttar å leite etter svar utanfor oss sjølve? I denne episoden av Langs Vegen No møter du Marit Reitan i AGAPE instituttet. Det er ein varm og nær samtale om intuisjon, førstetanken og vegen heim til seg sjølv. Ho er rekna av mange som ei av dei fremste rettleiarane i landet innan intuitiv innsikt, men for henne handlar alt om menneska – og om å bidra til eit tryggare og meir hei...
Ein Bjørn på vandring – fridom på fire hjul. 05.01.2026 30:03
Han lever sitt beste liv, i ein pickup som er som ein sveitsisk lommekniv med motor. Annonsørar: Montér Kvismo, Valdresbil A/S og Hovli Auto A/S. Bjørn Egge frå Høre i Vang i Valdres har funne sin eigen måte å leve godt på. Med Oslo som fast adresse og ein Nissan Navara som heim på hjul, tilbringer han rundt 200 døgn i året ute i naturen – året rundt. Snø, kulde og ruskevêr er berre ein del av pak...
Ein rosa engel med ballar! 25.12.2025 9:02
Under innspelinga av podkasten med Hanna Gjeilo Skjåkødegård i Smiu på Bismo i Skjåk, dukka Aud Hove (Sp) – gruppeleiar i Innlandet fylkesting – uventa opp med ei julegåve. Ho ønskte å heidre Hanna for den kompromisslause innsatsen ho har lagt ned som leiar av TAFI ( Tverrfaglig arbeidsgruppe for framtidsskolen i Innlandet ), og for arbeidet med å sikre framtida til Jotunheimen Privatistskole i Lo...
Hanna Gjeilo Skjåkødegård. -Vilje, verdiar og vidaregåande skule. 22.12.2025 44:21
Det er ikkje kvar dag ein møter menneske som både har doktorgrad, dugnadsånd og kampvilje nok til å flytte fjell – eller i det minste redde ein vidaregåande skule. I denne podkasten møter du Hanna Gjeilo Skjåkødegård frå Skjåk i Gudbrands dalen, kvinna som stod i første rekke då kampen for vidaregåande opplæring i Lom verkeleg tok til. Med di hjelp kan vi fortelje fleire viktige historier – i podk...
Magne Østby. – Ein gründer som aldri har vore interessert i snarvegar. 19.12.2025 22:00
VOM hundemat frå Trøgstad har funne vegen ut i verda – heilt utan snarvegar. Det luktar verken eksotisk superfood, avanserte laboratorium eller internasjonale konsern i lokala til Vom og Hundemat i Trøgstad. Her luktar det rett og slett kjøt. Norsk kjøt. Og det er akkurat slik Magne Østby vil ha det. – Vatn og andre «ingredienser» tilset vi ikkje. Vatn får hundeeigarane ordne sjølve når dei fôrar,...
Levende lokalsamfunn i gode kommuner, demokrati, politikk, næringsliv–historia om Svein Olav Agnalt 14.12.2025 44:17
Dagens leder av Lokalsamfunnforeningen er uredd, målretta og kjend for å seie ting som dei er. -Svein Olav Agnalt er ei av dei mest respekterte og tydelege stemmene mot sentralisering i Noreg. I denne podkasten frå Langsvegen.no blir du betre kjent med Agnalt – frå barneåra i Østfold til eit langt liv i politikken, næringslivet og som forkjempar for sterkt lokalsamfunn. I denne episoden av Langs V...
Erik Østli ufiltrert: – Livet, jobben og tilfeldigheitene som førte hit 08.12.2025 1:01:46
-Ein unike merkevarebyggjar for Beitostølen og Valdres! Dagens podkastgjest er ein mann som i fleire tiår har gjort ein uvurderleg innsats for både unge og eldre skal få oppleve skiglede, meistring og fellesskap. Som eldsjel, samfunnsbyggjar og tidlegare stadionsjef på Beitostølen Skistadion har han teke ansvaret for lokalmiljøet på djupaste alvor – og det gjer han framleis, med ein glød som har g...
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.