Firdaposten
Kaffi & Kringle
I denne podkasten serverer Karen kaffi & kringle til spennande og handplukka gjestar. Men det er ikkje det einaste som blir servert. Her får du gode historier, og blir betre kjent med kjekke Florøfjes. Felles for dei er at dei er unge og lovande, og driv med noko som kanskje ikkje alle andre gjer.
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
Kaffi & kringle med Karen og Martin Krakhellen 31.12.2024 1:08:00
I sesongens – og årets siste kaffi og kringleservering får Karen besøk av Martin Krakhellen i studio. Han har nyleg vore gjennom ein heftig periode som rekrutt i Kompani Lauritzen. I beste sendetid på TV2 har han vist sine sterke og svake sider. Vi måtte sjølvsagt høyre meir om denne opplevinga. Kva var det som gjorde at han følte seg litt...
Kaffi & kringle med Karen og Erlend Bøe 14.11.2024 1:25:13
Ja. Kor skal ein starte med den nyaste gjesten som dukka opp i studio. Erlend Bøe er den einaste gjesten som har si eiga Wikipedia-side, Store Norske Leksikon-side og eigen kommunikasjonsrådgivar. Han sit på Stortinget, er Tromsø Høgre sin førstekandidat og helsepolitisk talsmann i Høgre. Ikkje berre-berre det han driv med, altså. Vi måtte snakke litt om den politiske rakettkarrieren hans. Han fek...
Kaffi & kringle med Karen og Lisa Refsnes 04.11.2024 1:11:00
På sjølvaste Halloween kom Lisa innom studio. Det vart lite knask og knep, men obligatorisk kaffi og kringleservering. Lisa er utdanna advokat, og har hittil i karrieren hatt mange spennande, utfordringane og givande jobbar. Som politiadvokat har ho blant anna jobba med seksuelle overgrep mot born på nett, og som pasientombod tok ho for seg utfordringane som dukkar opp når kommunikasjonen mellom h...
Kaffi & kringle med Karen og Erlend Vassbotten 17.10.2024 1:04:29
Det skal nok litt til for å toppe Erlend sitt år. 2024 har liksom vore hans hittil. Og dette har ingenting med at han til dagleg leiar Steinvik Fiskefarm. Kva som har gjort årets hans så bra får du høyre meir om i denne episoden. Vi fekk også snakka oss litt gjennom oppdrettsnæringa, og lært meir om familiebedrifta Steinvik. Erlend er 3. generasjon som no har tatt over drifta etter faren og farfar...
Kaffi & kringle med Karen og Linn Theres Nekkøy 03.10.2024 1:07:09
Linn er omtrent oppvaksen på eit skjær. Ho gjekk å traska i fjøra medan ho gjekk i bleie, og har hatt mange år ombord som fiskar. Dagens gjest har nok litt fisk i blodet. Ho seier sjølv at det er tilfeldig at ho jobba så mykje med havnæringa, men det er eg usikker på. Kaffi og kringle blei sjølvsagt servert medan vi fekk høyre meir om Linn si spennande karriere. Ho er eit smilande ja-menneske, og...
Kaffi & kringle med Karen og Nikolai Valvik 19.09.2024 53:36
Kjære lyttar; velkommen til sesong to! I sesongens første episode har Karen servert øyingen Nikolai både kaffi og kringle. Han blei nøgd med begge deler. Nikolai har jobba 11 år i Forsvaret, og i år starta han som Hovedtillitsvalgt i Luftforsvaret, Befalets Fellesorganisasjon. Litt av ein prestasjon! Vi fekk snakka om hva ledertype Nikolai er, kvifor han har ein sabel hengande over senga - og kva...
Kaffi & kringle med Karen og Christian Hope 19.06.2024 1:39:26
Christian har ei mor frå Cuba og ein far frå Hyen. Kulturforskjellane var store frå Havanna til vesle Hope. Vi måtte snakke meir om korleis det gjekk til, og korleis det har påverka han til å bli den han er. Sesongens siste gjest fekk servert pappakringle medan vi prata oss gjennom mykje rart. Christian har reist mykje, og drøymer om å vere alle stader på same tid. 1. august i fjor slapp han det h...
Kaffi & kringle med Karen og Fredrik Helland 06.06.2024 1:05:27
Dagens gjest er vand med å snakke i mikrofonen. Han er stemma til heile Sogn og Fjordane kvar morgon, og det måtte vi sjølvsagt snakke om. Får han ikkje prestasjonsangst av å snakke til så mange på direkten, og kva er den største tabba? Fredrik er ein fyr som driver med mykje greier. Han er alt for ung til å elske sild, men gjer det uansett. Som ein del av sildekomiteen sørga han for at det blir H...
Kaffi & kringle med Karen og Madelen Hopen 22.05.2024 1:00:18
I vekas episode er Madelen Hopen innom studio for litt kaffi og kringle. Madelen er heilt sjef. Både heime, på jobb og på trening. I dinna episoden prøvde Karen å finne ut om ho har fleire tima i døgnet enn ho sjølv. For 2,5 år sida hoppa ho frå ei sjukepleiar stilling til å styre skuta på spenst. Vi fekk snakka om ups and downs med å vere dagleg leiar i ein svingande bransje. Ho sit ikkje stille,...
Kaffi & kringle med Karen og Dag Henrik Nygård 08.05.2024 1:09:46
Dag Henrik er den nyaste gjesten i podcasten til Karen. Han er utdanna jurist, og har ein veldig vaksen-jobb som kyrkjeverje i kommunen. Men det er overhode ikkje alt denne eineståande fyren driver med. I episoden fekk vi snakka om å ta juristutdanninga med dysleksi, og gå ut av vidaregåande med 16 seksarar. Kva er eigentleg nordisk råd - og kvifor har han vore interessert i det sidan han var lite...
Kaffi & kringle med Karen, Christer Husa og Kristoffer Ryland 25.04.2024 1:03:16
Christer og Kristoffer er to legender i Florø Fotball. Dei har begge vakse opp med fotball i Botnaholten, og kanskje det har vore grunnen til at dei begge blei så gode. No har dei takka ja til eit år som trenarar for det unge A-laget til Florø. I denne episoden får du høyre meir om kva som trigga dei til å sei ja. Korleis skal dei snu den negative trenden? Karen djupdykk litt i kva fotballen har...
Kaffi & kringle med Karen og Andreea 10.04.2024 1:13:06
Andreea er – om ikkje Norges tøffaste, i alle fall Florøs tøffaste. I denne episoden blir vi betre kjent med jenta vi har sett på NRK i beste sendetid den siste tida. Karen serverer dei beste kringlene hittil, og oppdagar til sin store skrekk at gjesten ikkje drikk kaffi. I episoden får vi svar på kva som eigentleg skjedde inne på Albuskjell, og om ho er nøgd med innsatsen sin. Andreea røper eit p...
Kaffi & kringle med Karen, Magnus Helgås Brandsøy og Heidi Strømmen Kjerpeset 27.03.2024 50:51
I den nyaste episoden av Kaffi&Kringle får Karen besøk av Heidi og Magnus. På eige initiativ skal dei starte flytande sauna i Florø. I episoden fortel dei om korleis ideen dukka opp, kva som har vore utfordringane og kor badstua skal ligge. Vi er også innom helsefordelar med både sauna og isbading – dette har Magnus forska på seg sjølv så det stemmer nok. Magnus fortel om kvifor han valde å bli po...
Kaffi & kringle med Karen og Cecilie Fanevik 14.03.2024 50:22
Cecillie Fanevik fortel om å tørre å følge draumen, om å drive butikk som går som det susar i Strandgata - fins det ei suksessoppskrift? Kva gjer Cecilie annleis? Om å ikkje bry seg kva andre meiner lenger, og om å vere ein liten Petter Stordalen på måndagar. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Kaffi & kringle med Karen og Therese Svortevik 28.02.2024 1:01:54
Therese Svortevik deler erfaringar om å ringe radioen på fritida for å få oppmerksomheit, dyrke hobbyane sine, bu med ordføraren, gi nytt liv til gamle helsekittler, hennar tre H-ar for å velje vin, alltid ha godt humør, drive skobutikk i Strandgata, refleksjonar rundt 'ungdommen no til dags', sinnemeistring, og kva som skjedde med lappen. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Kaffi & kringle med Karen og Sivert Orheim 14.02.2024 51:30
Om å arrangere liv i Florø, aldersdiskriminering, tåle kritikk, livet som ikkje blei som ein trudde i Madrid og mykje meir. See omnystudio.com/listener for privacy information.
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.