Vest-Telemark blad

Vestivi, vesttelar

For 200 år sidan tok dei første norske utvandrarane steget over havet og sette fot i Amerika. Snaue 15 år seinare fylgde den fyrste vesttelen etter – og i løpet av dei neste seks tiåra tok fleire tusen frå Vest-Telemark det same store valet. I denne podkastserien på fire episodar får du høyre historiene til fem personar med band til utvandringa. Me utforskar kva som dreiv folk frå Vest-Telemark til å bryte opp og søkje lykka i den nye verda, og korleis det eigentleg gjekk med dei som forlot heimbygda for godt.

Auteur

Vest-Telemark blad

Categorie

History

Website van de podcast

vtb.no

Nieuwste aflevering

17 jul. 2025

Waar luisteren?

Podcasts in de app Replaio Radio Binnenkort beschikbaar

Podcasts komen binnenkort naar de app. Installeer nu en zie als eerste een compleet nieuwe kijk op podcasts

Download het op Google Play Gratis installeren Android bijna 10 mln downloads · beoordeling 4,8 iOS binnenkort

Afleveringen

Framsyn og tilbakeskuing (4:4) 17.07.2025

Vesttelane som utvandra kom gjerne til dei same stadene, og etablerte nye lokalsamfunn der. Med tida kom også dei neste generasjonane til, og i den siste episoden ser me på korleis desse samfunna utvikla seg. Sentral i historia er Orabel Thortvedt, ein kunstnar som via livet til å dokumentere familiehistoria, frå bestefar hennar, Olav, leia eit fylgje på om lag 100 fyresdølar til Amerika på 1860-t...

Maskinentreprenøren og mormonardrapsmannen (3:4) 17.07.2025

Kan ein kostveiting ha medverka til at ein sjølverklært profet vart martyr? Halvor Kostveit utvandra i 1842, og det blir hevda han hadde ei rolle då Joseph Smith vart drepen i Illinois to år seinare. Me blir også betre kjent med Sveinung Olsnes, som utmerka seg meir positivt, som ein leiande skikkelse i delstatspolitikken i Nord-Dakota, og også finansierte etableringa av ny næring heime i Vinje. V...

Ein durabeleg tur (2:4) 17.07.2025

Reisa til Amerika var langt meir omfattande, og dyrare, på 1800-talet enn den er i dag. I denne episoden ser me nærare på det praktiske kring overfarten, og korleis i mange høve relativt fattige vesttelar finansierte turen. Me møter også Ingebjørg Jore, kvinnekampsforkjemparen som utvandra på 1890-talet, og me tek opp at Olav Trovatten-tråden. Vart det nye livet betre enn det dei reiste frå? Vesti...

Eit stort val (1:4) 17.07.2025

I 1840 tok Olav Knutsson Trovatten med seg familien frå Øyfjell til Amerika, og vart med det blant dei aller fyrste vesttelane som utvandra. Olav skulle bli ein viktig person i historia om utvandringa frå Vest-Telemark, og ein viktig årsak til at Vest-Telemark var blant områda der utvandringa verkeleg fekk fotfeste fyrst. I denne episoden ser me nærare på årsakene, både for Olav, og dei mange andr...

Luister naar de podcast Vestivi, vesttelar in Replaio

Radio en podcasts in één app - gratis en zonder account. Installeer vandaag nog en mis de lancering niet

Download het op Google Play

Replaio is geen uitgever van podcasts; namen van shows, covers en audio zijn eigendom van hun makers en worden verspreid via openbare RSS-feeds