SpareBank 1

Sparebank i bordet

History NO ↓ 6 episoder

Sparebankane i Noreg har aldri vore viktigare for land og folk enn no. I tillegg har Sparebankutvalet nyleg kome med ei rad framlegg som gjeld rammevilkåra til både sparebankar og sparebankstiftingar. Saman med fleire spennande gjester skal Morten Søberg og Lars Fredrik Øksendal sjå nærare på kva sparebankar er, og korleis sparebanksektoren truleg kjem til å utvikle seg vidare.   Morten er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 Gruppen, og har mastergrad i blokkjedeteknologi og digitale aktiva frå Frankfurt School of Finance. Lars Fredrik er professor i økonomisk historie ved Universitetet...

Forfatter

SpareBank 1

Kategori

History

Podkastens nettsted

feeds.acast.com

Siste episode

17. feb 2025

Hvor kan du lytte?

Podkaster i appen Replaio Radio Kommer snart

Podkaster kommer snart til appen. Installer nå, og bli den første som ser en helt ny tilnærming til podkaster

Last ned på Google Play Installer gratis Android nesten 10 mill. nedlastinger · 4,8 i vurdering iOS snart

Episoder

Sikker som banken? 17.02.2025

Ordet sparebank gjev assosiasjonar til både 1800-talet, omfattande strukturendringar – og teknologiske brukargrensesnitt. Morten og Lars Fredrik rundar av med spekulering om Alexander Hamilton, bitcoin, bankarkitektur og Ludwig Mies van der Rohe. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Profitt og samfunnsansvar, hand i hand 17.02.2025

Med Marie Sneve Martinussen, partileiar i Raudt. Alle bankar må gå med overskot. Men bankar er også eit fellesgode på line med elektrisitets- og vassforsyning – samfunnskritisk infrastruktur. Kva er samfunnsrolla til sparebankar i dag, ved sida av konvensjonell profittmaksimering?   Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

G for gåveinstituttet 17.02.2025

Med Sveinung Rotevatn, nestleiar i Venstre. Sparebankane vart oppretta for å driva med bankverksemd. Men så byrja dei smått om senn å gje gåver – eller samfunnsutbytte. Kor viktig er dette gåveinstituttet – både politisk og ideologisk? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Sparebankane som desentraliserte pengeprodusentar 17.02.2025

Noregs Bank har einerett på å slå mynt og utferda pengesetlar. Men kontantar i dag liknar på dueungar: Vi veit at dei finst, men vi ser dei aldri. For moderne pengar er fyrst og fremst kontopengar – som også blir produsert av sparebankane. Korleis fungerer sparebankane som digitale setelpresser ?  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Det store hamskiftet i Sparebank-Noreg 17.02.2025

Med Hallvard Klakegg, dagleg leiar i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Sparebankane vert færre og færre –og større og større. Samstundes veks sparebankstiftingane opp og fram. Kvifor det? Og kva gjer dei eigentleg?     Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Kva er ein sparebank? 17.02.2025

Ei utforsking av særtrekk ved sparebankar i tid og rom. Kvifor byrja Morten og Lars Fredrik på kvart sitt vis å interessera seg for slike bankar? Kva særmerkjer sparebankanes sjel – og korleis artar sjelevandring i Sparebank-Noreg seg? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Hør på podkasten Sparebank i bordet i Replaio

Radio og podkaster i én app - gratis og uten registrering. Installer i dag, og ikke gå glipp av lanseringen

Last ned på Google Play

Replaio er ikke podkastutgiver; programnavn, omslag og lyd tilhører opphavspersonene og distribueres via offentlige RSS-feeder.