Sunniva Relling Berg
Skrivesnakk
Alt muleg skriverelatert. I podkasten Skrivesnakk har eg intervjua over femti dyktige og aktuelle forfattarar som snakkar om si eiga skriving. skrivesnakk.substack.com
Forfatter
Sunniva Relling Berg
Kategori
Podkastens nettsted
Siste episode
26. jun 2026
Hvor kan du lytte?
Podkaster i appen Replaio Radio Kommer snartPodkaster kommer snart til appen. Installer nå, og bli den første som ser en helt ny tilnærming til podkaster
Episoder
51. Readygoread: Det skumlaste eg har publisert på nett 26.06.2026 49:44
Malin Adriansen er kanskje mest kjent som Readygoread på Instagram, ein av Noreg sine største bokinfluensarar. I denne episoden gir ho tips til oss som forfattarar på sosiale medium, innsikt i korleis det er å vere bookstagrammar og få betalt for å snakke om ei bok og ein masse gode lesetips til sommaren. Det blir faktisk også snakk om skriving, for sjølv om Malin Adriansen ikkje har gitt ut bok o...
50. Ungdom og lesing: Dette gir ungdom leselyst 19.03.2025 38:18
Kva får tenåringsgutar til å bli engasjert i ein roman om ei tenestejente på 1700-talet? Kva har fått Maria, som går på vidaregåande, til å lese meir enn nokon gong? I denne episoden får du òg svar på kva som er den største bekymringa til Ellen, som har vore norsklærar i over ti år. Dette er ein litt annleis episode av Skrivesnakk, og er laga i samarbeid med Norsk Forfattersentrum i høve det nasjo...
49. Monica Goksøyr: Kasta inn i kulturlivet 31.10.2024 46:06
Monica Goksøyr er utdanna jurist og lenge levde ho eit liv heilt utanfor kunst- og litteraturlivet. Men dette endra seg ein dag då ho tok ein pause frå lesesalen og gjekk for å kjøpe kaffi på kaffibaren Fuglen. Høyr henne fortelje om korleis det har vore å debutere med novellesamlinga Slemme jenter og gjere suksess. Debuten fekk gode kritikkar og ho fekk Tarjei Vesaas debutantpris og LOs litterat...
48. DnF-leiar Bjørn Vatne: Det beste våpenet mot skrollesjuka 17.10.2024 40:19
På Instagram lar Bjørn Vatne sin Dark Side slippe til. Men det er meir enn videoane på Instagram, som gjer Vatne til ein uortodoks leiar av Den norske Forfatterforening. Dette er ein organisasjon det ofte stormar rundt. Bjørn Vatne er ein renommert forfattar, men denne episoden handlar om arbeidet som DnF-leiar og kåra for å vere forfattar i dag, kva for viktig gruppe som manglar i leselyststrate...
47. Ann Helen Kolås Ingebrigtsen: No skriv ho bok, om det ho i alle år har halde skjult 03.10.2024 41:00
Lenge gjorde Ann Helen Kolås Ingebrigtsen alt ho kunne for å skjule plagene sine. Men så måtte ho amputere foten. Like etter operasjonen, byrja ho å skrive på ei ny ungdomsbok. Det har vore den lettaste ho har skrive. Tidlegare har Ann Helen skrive ungdomsbøkene «Sinne» om Synne med ADHD og «Eg blir her» om kjærleik, ferjereiser og fråflytting. Bøkene har fått særs god mottaking. Meldingane trekk...
46. Eirin Andresen Betten: Du må ha det litt artig 26.09.2024 31:50
Eirin Andresen Betten skriv om aktuelle tema, og reflekterer rundt korleis teknologien set sitt preg på liva våre. Ho vil at litteraturen skal være engasjert, og gjerne politisk på ulike måtar. Ho jobbar fullt som lektor, frilansar for Klassekampen, Vinduet og Bokvennen litterær avis (BLA), og skriv bøker i tillegg. Korleis får ho tid til alt, og kva driv ho til å halde fram med bokskriving sjølv...
45. Charlotte Riise: Å sette ord på ei umogleg erfaring 19.09.2024 51:45
Då Charlotte Riise kom med si første diktsamling, i 2012, laga NRK P3 dokumentar om henne. Tittelen var «Jeg burde sprudle over» og handla om det å debutere som forfattar, i spennet mellom lykkerusen ein forventar rundt debuten og det å leve med depresjon. Sjølv om ho var redd for å bli slakta, fekk ho strålande kritikkar, det gjorde òg diktsamlinga som kom året etter. No har det gått ti år sidan...
44. Heidi Sævareid: Skriv om unntaksopplevingar 19.06.2024 52:44
Heidi Sævareid er ein kritikarrost og prisløna forfattar, som gjerne vil kjenne på kroppen, det ho skriv om. I si nyaste bok utforskar ho eit destruktivt yogamiljø, gjennom tre vennar som er på roadtrip i USA. Ho starta karriera med ungdomsbøker, men er usikker på om ho vil skrive for ungdom igjen, fordi ho det er forstyrrande at ein heile tida må forsvare kvifor ein skriv ungdomsbøker. Hennar f...
43. Martin Baldysz: Romansjangeren gir fridom til å jobbe slik du vil 07.05.2024 22:12
I sin nyaste roman, Fallgard, skriv Martin Baldysz om Ingeborg som lengtar ut forbi fallgarden. Ho står på terskelen til vaksenlivet i eit lukka øysamfunn på starten av 60-talet. Trusselen om fråflytting lurar i bakgrunnen, og i Amerika har dei planar om å dra til månen. I denne episoden, som er ei slags forlenging av episode 42, får du høyre meir om Martin sin nyaste roman, korleis det har vore å...
42. Hilde Myklebust og Martin Baldysz: Har sitt eige vesle skrivekollektiv 07.05.2024 31:23
Hilde Myklebust og Martin Baldysz er forfattarar, småbrukarar og sambuarar. Barna deira er sjette generasjon som bur på garden i Syltedalen. Den nyaste boka i familien kom i går. No står boka Fallgard i vindaugskarmen. Utanfor glaset er det fullt av lam på jordet. Hilde Myklebust har skrive dikt, bildebøker og roman for ungdom og vaksne. Martin Baldysz har skrive romanar og under pseudonymet Karen...
41. Endre Ruset: Skrivinga er ein måte å finne meining på 22.04.2024 42:30
Endre Ruset debuterte som forfattar allereie som 19-åring. Heile livet har han arbeidd med litteratur. Etter mange år i Oslo, flytta han heim til Molde. Sjølv om han hadde mange oppdrag, kjendest det personlege livet tomt. Han var eit uroleg barn, og ingen trudde han skulle bli forfattar på barneskulen. Lenge var det sport som var det viktigaste, men så endra det seg. Høyr han fortelje om dikta...
40. Marianne Nelvik: Frå rotete tankar til vellykka Fantasy på eige forlag 05.04.2024 49:49
Marianne Nelvik kjøpte rettane til si eiga bok, og starta sitt eige forlag: Varg forlag. Ho har no gitt ut to Fantasybøker i det som skal bli ein trilogi, og snart kjem første boka ut på engelsk. Ho har nådd ut til mange engasjerte lesarar og andreboka Heltedøden blei kjøpt inn av Kulturrådet, noko som er eit viktig kvalitetsstempel for ei sjølvpublisert bok. Kva gjorde at ho turte å kjøpe rettane...
39. Jon Ståle Ritland: Augelegen som skriv skarpsynt om livet 27.03.2024 42:42
Bøkene hans er oversatt til mange språk, og i disse dager utgis han i Brasil. Engasjementet hans for litteratur, har også bidratt til at Ålesund har fått sin egen litteraturfestival. Bøkene til Jon Ståle Ritland: Øst for verdens ende, lyrikk (Bonnier Norsk Forlag, 2023) Takk for maten, lyrikk (Tiden, 2021) Karbonforbindelser, lyrikk (Tiden, 2019) I bane rundt en gul ball, lyrikk (Olympiastadion,...
38. Marit Kaldhol: Luksus med ein ny blyant 27.03.2024 43:48
For Marit Kaldhol er skrivinga minst like viktig som å ete og gå tur. Då ho var ung, prata ho ikkje så mykje. Skrivinga blei ei sluse for å uttrykke seg. Ho har no vore forfattar i over 40 år. Bak seg har ho ein prislønna forfattarskap. Bøkene hennar er omsett til mange språk og ho er ein forfattar som ikkje er redd for å ta opp vanskelege og viktige tema. Takk til Møre og Romsdal fylkeskommune fo...
37. Ingelin Westeren: Rom til å tenkje 18.04.2023 39:39
Då Ingelin Westeren var i barselpermisjon frå jobben, fekk ho tid til å tenkje. Ho sa til folk at ho heldt på å skrive bok for å forplikte seg sjølv. Sjølve skrivinga var eit overskotsprosjekt, men redigeringsprosessen var verre. Det å faktisk gi ut bok, likte ho ikkje. Bøker av Ingelin Westeren: Musikk for folk i trøbbel (Samlaget, 2022) Ta gjerne kontakt! Instagram: @sunnivarellingberg E-post:...
36. Louise Jacobs: Sliten av å vere synleg 21.03.2023 38:27
Louise Jacobs er performancekunstnar og utdanna innan billedkunst. I 2022 gav ho ut si første bok. Når ho lagar kunst, har ho ingen redaktør. Korleis opplevde ho å samarbeide med ein redaktør når ho skulle skrive si første bok? Kva utfordringar støtte ho på, og kva har ho likt best med å debutere som forfattar? I episoden snakkar vi òg om skilnadane på kunstarøkonomi og forfattarøkonomi, og gleda...
35. Nina Borge: Valde bort trygg yrkeskarriere 06.03.2023 35:36
Nina Borge har gjort suksess med Gamertrilogien. Ho skriv om ungdommar med ulike utfordringar og skildrar spelverda på ein truverdig og spanande måte. Etter å ha bygd opp karriera si i 17 år, valte Nina Borge å seie opp jobben for å fokusere på forfattaryrket. Bøker av Nina Borge: League (Ungdomsroman, Gyldendal, 2023) Fumbler (Ungdomsroman, Gyldendal, 2022) Outlaster (Ungdomsroman, Gyldendal, 20...
34. Intet nytt fra hjemmefronten: Frå blogg til publisert forfattar 13.12.2022 41:22
Therese G. Eide starta ein blogg etter å ha fått livet snudd på hovudet, då ho fekk tre barn på 21 månader. Det viste seg at teikningane ho la ut der, gav så mykje resonans i folk at dei ville ha meir. Fleire bøker, utallige teikneseriestriper, julehefter og barnebok har blitt resultatet til no, og fleire skal det bli. Vi snakkar om vegen frå blogg til publisert forfattar, om at familieliv ikkje e...
33. Debutant 2022: Maren Skolem og Kirsti Kristoffersen 06.12.2022 46:02
Dei har komme med bøker for ungdom frå musikkmiljø. Det er turné og kjendisar. Men der Kirsti Kristoffersens serie Kjendiskjæreste handlar om den første forelskinga og det å vere kjærast med ein kjendis, er grunntonen i Maren Skolems Hva jeg gjorde med pengene mørkare og meir alvorleg . Maren er òg manusforfattar, Kirsti har jobba i managementet til Marcus&Martinus, og no som manager i Gyldend...
32. Debutant 2022: Eira Søyseth og Carl H. Berge 29.11.2022 44:02
Eira Søyseth og Carl H. Berge har lenge arbeida med litteratur, med gjendiktning og som journalist. Dei har båe bakgrunn frå litteraturvitskap og Skrivekunstakademiet, og har jobba i mange år med bøkene sine. Bøkene deira er svært ulike, og i denne episoden får du høyre kva dei liker med å skrive innanfor sin sjanger (poesi/prosa), kva som har vore den vondaste tilbakemeldinga dei har fått og kva...
31. Nina Grove Hansen: Frilansredaktør 13.11.2022 42:03
Nina Grove Hansen er frilansredaktør på fulltid, og jobbar direkte for forfattaren. Ho fortel om problema ho oftest ser i manusa ho får inn, kvifor dette er draumejobben nett no og kva rolla hennar er, når det er forfattaren sjølv som leiger inn tenestene hennar. Ein lattermild og lærerik samtale med ein redaktør som visstnok er krevjande og krass, men entusiastisk og med ein stor lidenskap for fa...
30. Birgitte Wærstad: Sjølvpublisering utan snarvegar 08.11.2022 44:00
Birgitte Wærstad bestemte seg for å gi ut si eiga bok, etter å ha fått ein veldig hyggeleg refusjon. For Birgitte blei det viktig å gjere boka god nok. Ho fortel om prosessen både før og etter boka kom ut, redaktørrundar og pilotlesarar, om å tørre å ta plass og tåle ekstremt mange nei. Ho har fått mange signeringar, solgte ut heile førsteopplaget på fire månader og har store planar for Glimmersvi...
29. Kristina Leganger Iversen: Å skrive personleg sakprosa 25.10.2022 47:32
Er det muleg å vite om du skal bli mor? Og er det muleg å vere mamma og forfattar med usikker økonomi? Kristina Leganger Iversen har skrive boka «Bli mor no?» der ho utforskar dette spørsmålet. Ei bok som er basert på forskning, men òg eigne og personlege erfaringar. Korleis var det å skrive denne boka? Var det innimellom vanskeleg å være ærleg, og kvifor valde ho å skildre svært intime scener? Kr...
28. Anders Totland: Fulltidsformidlar som skriv bøker 11.10.2022 44:14
Sidan 2019 har Anders Totland hatt omtrent 300 opptredenar i året. Han har reist overalt i landet og snakka om bøkene sine, nokre gongar i form av ein slags TED-talk andre gongar liknar det meir stand-up. Innimellom har det vore sjonglering, andre gongar song. Han har òg eit opplegg der han speler piano og les heile debutboka si i éi formidling. Men korleis klarer han å sjonglere familieliv og tur...
27. Forfattarar på turné: Tyra Teodora Tronstad og Nora Dåsnes 08.10.2022 38:27
I denne episoden får du høyre meir om kva som kan gjere turnedagar så intense, om Tyras elleville formidling og om det har blitt noko handståande. Nora Dåsnes har fått si aller ferskaste bok i hendene. La skogen leve har vore på turné før ho kom frå trykken. Nora fortel òg om augneblinken når elevar vurderer kven som har makta. Dette er del 2 av 3 episodar om å vere på turné, medan både eg (Sunniv...
Lignende podkaster
Replaio er ikke podkastutgiver; programnavn, omslag og lyd tilhører opphavspersonene og distribueres via offentlige RSS-feeder.