Helle Selseng & Joakim Systaddal
Samfunnsoppdraget
Samtalar med ulike perspektiv om korleis best å bidra til kommunane sitt samfunnsoppdrag. Ein del av KommunalSektor.no , med Selseng & Systaddal som vertar.
Hvor kan du lytte?
Podkaster i appen Replaio Radio Kommer snartPodkaster kommer snart til appen. Installer nå, og bli den første som ser en helt ny tilnærming til podkaster
Episoder
Mette Aagaard - Medleiing: når makt og mandat blir delt på ordentleg 14.10.2026 34:23
Mette Aagaard har arbeidd med medleiing i ti år, mellom anna som utviklingssjef i Slagelse kommune, og har skrive boka «Medledelse – Når teamet er chef». I dag er ho konsulent i Agora. I denne samtalen fortel ho kva som skjer når makt og mandat blir delt på ordentleg: kva som skjer med leiaren, kvifor dei tillitsvalde må vere med frå start, og kvifor det er det eksisterande hierarkiet som må endre...
Agnar Kaarbø og Jakob Blom - Det er håp for kommunane 17.09.2026 35:33
Agnar Kaarbø og Jakob Blom driv podcasten Kontrollutvalget i regi av Kommunal Rapport. Få - om nokon - kjenner kommunsektoren like godt som desse to, og dei har i tillegg lukkast med å gjere kommunestoff engasjerande, interessant og spennande. I denne samtalen spør me dei om kva dei trur om dei mange utfordringane som vert diskutert rundt kommunal sektor, om NOU-ar, lokalpolitikk, krysspress og de...
Andreas Wettre - Å leie det du ikkje kan styre 26.08.2026 1:01:51
Andreas Wettre leier Executive Master Systems Oriented Design ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, og har vore involvert i organisasjons- og leiarutvikling lenge: leiar i tekniske bedrifter, konsulent på leiargrupper og tverrfaglege team, og no systemorientert design. Denne praten handlar om kva som skjer med leiing når problema er samanvevde og ingen sit med heile svaret – og kva kommunar k...
Øyvind Henriksen - Nodre Follo ventar ikkje, dei skapar si eiga framtid 29.06.2026 49:56
Dei fleste i kommune-Norge veit allereie kva som kjem. Fleire eldre, færre hender og budsjett som ikkje strekk til. Problemforståinga er på plass nesten overalt. Det som manglar er handling. Nordre Follo er ein av kommunane som gjer ganske mykje. Og det dei gjer, er ikkje å skrive endå ein strategi, men å prøve – i vanleg drift, i liten skala, saman med dei som vil – og så dele det dei lærer med k...
Bjarte Bogsnes - Når budsjettet slepp taket (om Beyond Budgeting og kommunal sektor) 17.06.2026 45:54
Kva skjer når budsjettet slepp taket? Alle i kommunen veit at tala er feil. Likevel brukar leiinga veker kvart år på å forsvare dei. Bjarte Bogsnes er den internasjonale frontfiguren for Beyond Budgeting og forfattar av This Is Beyond Budgeting og Implementing Beyond Budgeting . Han var nøkkelpersonen bak den nye styringsmodellen i Statoil og kjenner til minste detalj kva som faktisk skjer når ein...
Velkommen til Samfunnsoppdraget! 16.06.2026 4:26
Velkommen til Samfunnsoppdraget, ein podcast for deling, læring og inspirasjon som ein del av KommunalSektor.no . Her møter du gjestar som delar sin kunnskap, sine perspektiv og sine synspunkt på kva som kan vere nyttig lærdom for kommunane i ei tid som krev meir nytenking, læring og deling enn nokon gang før. I denne episoden ynskjer me velkommen til podcasten, og håpar du vil følgje den framover...
Lignende podkaster
Replaio er ikke podkastutgiver; programnavn, omslag og lyd tilhører opphavspersonene og distribueres via offentlige RSS-feeder.