Tor Øyvind Skeiseid

På ekta - Ryfylkepuls

Society NO ↓ 20 episoder

Tor Øyvind Skeiseid møter vanlege folk frå Ryfylke, med sine meir eller mindre vanlege historier; heilt på ekta. Det blir galskap og glede, kvardagsfest og nedturar, lidenskapleg, jordnært og ærleg . Kort og godt innhaldsrike historier om alminnelege, spennande personar. Samtidig er « På ekta » eit skråblikk på ryfylkingen, både i og utanfor Ryfylke. Dette er herlege møte uansett kva forhold du måtte ha til Ryfylke.

Forfatter

Tor Øyvind Skeiseid

Kategori

Society

Podkastens nettsted

ryfylke.no

Siste episode

10. jun 2026

Hvor kan du lytte?

Podkaster i appen Replaio Radio Kommer snart

Podkaster kommer snart til appen. Installer nå, og bli den første som ser en helt ny tilnærming til podkaster

Last ned på Google Play Installer gratis Android 5 mill.+ nedlastinger · 4,8 i vurdering iOS snart

Episoder

Alt for Finnøy og heideveggen 10.06.2026

Det er Finnøy i alle kanalar for Ruben Hallerud Eggebø. Stikkorda er volleyball, fotball, ultralokal podkast, arrangement, bryllaup og ikkje minst den kulinariske heideveggen. Han meiner også at Finnøy har kvalitetar av sjeldan karakter. Det fekk Ruben verkeleg kjenna då far hans døydde. Det blir latter og tårer, stor entusiasme og sakn, vakkert, rørande og muntert i den nyaste utgåva av podkasten...

Mister Sandwich med adrenalinkick 15.04.2026

Han er ung, modig, søker spenning og satsar alt på å bli best i verda. 20 år gamle Jone Sandvik frå Tau har etablert seg i verdstoppen i motorsporten trial. Det krevst solid balanse og heftige svev på motorsykkelen. Og i det internasjonale trialmiljøet blir Jone Sandvik berre kalla Sandwich. Og Sandwich har tenkt å bli verdsmeister. 

Heftig A4-liv 10.02.2026

Å mista ein politibetjent på jobb, er det verste politimeister Hans Vik har opplevd på jobb. Og kjenslene og tårene kjem jamt endå. Lettrørt, ansvarsfull og ein som elles lever eit roleg A4-liv, er Hans Vik oppsummert. Men, han har ingen problem med å bli gjenkjent. Det er jo noko han er vane med frå barndomen i Erfjord i Ryfylke, der alle visste kven alle var.

Trygg frå scenen 15.10.2025

Beethoven, Brendeland, ungdomspolitikk og ammoniakkfabrikk. 18 år gamle Ingrid Fatnes Sauda er verken redd for å spela, syngja, leia eller meina. Enten det er frå scenen, i eit ungdomsråd eller gjennom eit lesarinnlegg. Og engasjementet er godt over middels.  - Eldrebølgja er farlegare for Sauda enn ammoniakkfabrikken, seier ho. Oisann. Kva er det eigentleg ho meiner?

Fryktlaus fargeklatt 07.07.2025

Ho er ikkje redd for å gripa sjansar, gjera feil eller for å gå for plan B eller C. – Om ei dør blir lukka, kan ei anna bli opna. Eg meiner, så lenge det er gøy, why not? Bonolo Ramphomane-Aandahl frå Sør-Afrika og Sand ler høgt, satsar stort og har eit brennande ønske om å skapa meir liv i Ryfylke.  Høyr hennar nesten uverkelege reise frå raseskilje i Soweto til stille, men trygge Suldal, der ho...

- Ikkje på billigsal! 10.04.2025

Ho driv med tydeleg, men venleg vaksenkjeft. Anne Langeland Bratthammer kan gjerne bu i Ryfylke resten av livet, men ikkje for ein kvar pris. - Bedriftene og kommunane i Ryfylke må gjera seg lekre for oss ungdomar! For me er ikkje på billigsal. Dei må investera i oss, er den klare meldinga frå leiaren i ungdomsstyret i Ryfylke.

Åleine med eigne tankar 26.02.2025

- Ja, du blir på grensa til gal når du føler du har tenkt på alt som det går an å tenkja på, innrømmer Karen Kyllesø frå Årdal i Ryfylke. 13. januar 2025 kom ho fram til Sørpolen etter 54 dagar åleine på ski over Antarktis. Då ho nådde polpunktet sette ho verdsrekord i å vera den yngste som har gått åleine til Sørpolen. 21 år gamle Karen hadde planlagt turen i seks år, heilt sidan ho kryssa Grønla...

Vil vera der det skjer 18.12.2024

Det er gjerne ikkje rart at Håvard Handeland blei ordførar i Sauda som 19-åring. For alt som seksåring blei han vald inn i elevrådet på barneskulen. Og det skjedde sju år på rad, ved hjelp av ein sleip valkampstrategi og dobbeltstemme til seg sjølv. Historia er nesten for god til å vera sann. Soga om Håvard Handeland er også ei historie om han som pur ungdom brukte kommunestyremøte på internett so...

Målkongen frå Jørpeland 10.10.2024

Han har tatt eliteserien med storm og fått legendestatus i Fredrikstad på rekordtid. Morten Bjørlo (29) var som barn meir interessert i å byggja sandslott enn å spela fotball på grusbanen på Jørpeland. Nå dominerer han på høgaste nasjonale nivå, har fått sin eigen supportersong og er sjefshumorist i garderoben. Kva var det som gjorde at alt «orna sæ i Fredrikstad?». I På ekta drar me til nettopp F...

Høgrøysta familieglede 07.08.2024

Ho har tatt over familiebedrifta, som mor og far har drive i årevis. Maren Fossaa Viga (32) er nå sjef for Mikals Laks i Hjelmeland, bedrifta som er norsk meister i røykelaks. Nå skal Maren styra over ein storkjefta far og ei strukturert mor, som har bygd opp merket King Mikal Salmon til ein landskjendis. Men, det blir ikkje noko Queen Maren Salmon. Kongstanken får den høgrøysta faren ta seg av. H...

Skyhøgt nivå og herleg trøkk 15.06.2024

Ungdomen i Ryfylke leverer. Både med kunnskap, entusiasme, sjarme og spenning. Bli med bak kulissane i Ryfylkequizen for åttande klasse i mai. Møt ungdom frå heile Ryfylke før, under og etter den store TV-sende finalen. Nervar i høgspenn, opp- og nedturar og eit vinnarlag frå Finnøy som klinka til med rekord. Iskander, Alexandra og Daniel klarte faktisk alt rett, noko som gjorde læraren både stolt...

Kalvekos og vepsebol 11.04.2024

Han er tidleg oppe for å vekka både kalvar, kyr og familien. Og han nyttar dagen til det fulle, også til heftige diskusjonar. Ikkje minst gjeld det kommunesamanslåing for hans kjære Forsand, som han har jobba mot. Men, korleis er det eigentleg å stå i stormen i ei så heftig sak? Og er det ikkje på tide å gje seg? I denne episoden av “På ekta” blir me kjent med gardbrukaren Rolf Magne Haukalid frå...

Spring for livet 16.02.2024

Ho er alltid på farten. Tidleg og seint. Søvn er det lite av. Men, kilometrane er mange. Over 8 000 kilometer på eit år. Bli kjent med Therese Nordbø, ein energibunt av det sjeldne som spring verda rundt for at andre kan få det litt betre. Gjer deg klar for joggetur. Ja visst er «På Ekta» med joggesko på denne gongen. Me har prøvd å halda følgje med Therese Neverdahl Nordbø (35) frå Tau.  Ho har f...

Innflyttarar med store gryter 19.12.2023

Det var slett ikkje planen å flytta til bygda. Alvilde og Tom Egill Tobiassen var nygifte og lukkelege i Stavanger. Men, ein sundagsmiddag på Rennesøy blei som eit lynnedslag i livet. Dermed enda det unge ekteparet på ein plass dei knapt nok visste eksisterte. Dei tok sjansen, flytta til øyriket i Ryfylkebassenget i 2015, og kan ikkje tenkja seg noko anna enn å bu på Rennesøy. Her sjonglerer dei l...

Merka for livet 09.11.2023

Ho har tatovert ei husrekkje frå heimstaden på armen. Det må vera førtiårs-krise! Eller er det ein del av Maren Landsnes sitt patriotiske engasjement for Jelsa? Då ho gjekk ut av Jelsa ungdomsskule var ikkje Jelsa ein aktuell stad å flytta tilbake til. Aldri i livet. Men, nå har ho budd på Jelsa dei siste ti åra, har mann, to barn og ikkje minst ein svær, gammal prestegard å ta seg av. Kva skjedde...

Livet som blei verd å leva 07.09.2023

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya Finnøy, som han flykta frå som 16-åring, og aldri skulle tilbake til. Men, Oddvar Vignes er den dag i dag sikker på at utan Finnøy og b...

Lidenskap og sære trekk 10.08.2023

Oddbjørn Mihle Strand frå Tau har på mange måtar kome heim. For han har gått gradene i idrettslaget Midtbygdens Idrettslag (MIL), frå barn til a-lagsspelar. Men, etter at den halvstuderte «røvaren» har jobba i bank, skule og møbelbutikk, er han blitt dagleg leiar for moderklubben. Ein altoppslukande draumejobb, som han seier. Dessutan kommenterer han lokalfotball for Aftenblad-TV og får kick av å...

Med Ryfylke og verda som boltreplass 07.07.2023

Ho elskar å reisa, og har heile verda som leikegrind. Rastlaus, uredd og litt naiv. Men trur du ikkje globetrotteren Helene Helgøy har slått seg ned på den vesle barndomsøya med 44 innbyggjarar. Og den første faste jobben hennar er i … nettopp … familiebedrifta Helgøy Skyssbåt, som fartar på kryss og tvers i Ryfylke. Men, om ho blir verande? Vel, ingen veit kor Helene Harefrøken hoppar. Bli med om...

Verdas sterkaste kvinne 08.06.2023

Ho har satsa alt og det har gått på helsa laus. Men, ikkje tale om ho vil gje seg. For visst går det an å bli verdas sterkaste kvinne om ein bur i Sauda, lengst inn i Ryfylke. Møt Hildeborg Juvet Hugdal , styrkeløftar i verdsklasse, åleinemor og engasjert lærar. Ho erobra verda, etablerte seg i byen, men fann freden heime i Sauda igjen. Me møter også elevar i tredje klasse som skal bli verdsmeistr...

Alltid på (lege)vakt 31.05.2023

Han lovprisar små samfunn, og meiner verdien av at «alle kjenner alle» er mykje større enn ulempene. Det har Bjarte Sørensen erfart som kommunelege gjennom 16 år i si eiga heimbygd. Likevel kastar han loss, og reiser langt, langt vekk frå sitt kjære Ryfylke. Ja, kanskje for godt. Høyr den mildt sagt interessante historia om Bjarte Sørensen i første utgåve av podcasten «På ekta».

Hør på podkasten På ekta - Ryfylkepuls i Replaio

Radio og podkaster i én app - gratis og uten registrering. Installer i dag, og ikke gå glipp av lanseringen

Last ned på Google Play

Replaio er ikke podkastutgiver; programnavn, omslag og lyd tilhører opphavspersonene og distribueres via offentlige RSS-feeder.