Studentradioen i Bergen

Garderobeskapar

Society NB ↓ 57 episoder

Med sying og strikking som hovudtema dykkar vi ned i kva det vil seie å lage seg ein garderobe og eit klesforbruk som både er personleg, berekraftig og GØY! Du får høyre om reparasjon, tekstilkunnskap, resteprosjekt, vedlikehald, bruktmarkedet, redesign, andre handarbeidsteknikkar, og kva som inspirerar oss for augeblikket. Vi hjelpar deg med å bygge ein garderobe som kan vere varig både stil- og kvalitetsmessig.

Forfatter

Studentradioen i Bergen

Kategori

Society

Podkastens nettsted

dts.podtrac.com

Siste episode

25. jun 2026

Hvor kan du lytte?

Podkaster i appen Replaio Radio Kommer snart

Podkaster kommer snart til appen. Installer nå, og bli den første som ser en helt ny tilnærming til podkaster

Last ned på Google Play Installer gratis Android 5 mill.+ nedlastinger · 4,8 i vurdering iOS snart

Episoder

Episode 52 - Stoffkjøp, sommarferieplanar og "...men den er fra i fjor" 25.06.2026

I siste episode før vi tek sommarferie snakkar vi om kva vi skal bruke dei neste månadane på garderobeskapingamessig. Erina treng veskestrikk, og Frida skal for første gong på lenge ikkje ha noko dedikert sommarstrikkeprosjekt. Begge har gjort innkjøp sidan sist, og Frida sin obligatoriske observasjon handlar om snapchat-samtalar som avslører den sjuke kleskulturen vi lever i. I studio: Erina Gras...

Episode 51 - Sumartopper til fleire kropper, make nine og snart sumarferie! 11.06.2026

Frida gjer framgang på Dagmar Jacket og Erina har reparert to plagg sida sist. Vi tek ein oppdatering på kor langt vi er kommet på make nine i år og lufter responsen og tipsa vi har fått knytt til Frida sitt hjertesukk om sommertopper for to episoder sida. Dette vert ann siste episoda før vi tek sumarferie! I studio: Erina Grasdal Skarpenes Frida Bjørnereim Dalsbø Ansvarlig Redaktør: Vilde Havn

Episode 50 - Jubileumsepisode med spørsmålsrunde! 28.05.2026

Hurra! Vi har laga 50 ordinære episodar av Garderobeskapar! Vi feirar med ein laaaang episode med grundig oppdatering av kva det er vi jobbar med for tida og ei solid spørsmålsrunde der vi svarar på det lyttarane lurer på. Enjoy! Høyr episode 5 og 11 for fleire tips til deg som er nybegynnar på sying! I studio: Erina Grasdal Skarpenes Frida Bjørnereim Dalsbø Ansvarleg redatør: Vilde Havn

Episode 49 - Resterazzia oppsummering, sommartoppar og kva skjer framover? 14.05.2026

Dagens podkast er rykande fersk, og vi snakkar om alt frå puppeproblematikk til Per Spook-foredrag. Erina håpar å vinne mot yarn chicken og Frida har funne tilbake til Dagmar Jacket. Og så oppsummerer vi Resterazzia! I studio: Erina Grasdal Skarpenes Frida Bjørnereim Dalsbø Ansvarleg redaktør: Vilde Havn

Episode 48 - Loppemarknad-debatt, gjenbruk av pynt og strikkestress 30.04.2026

Frida har både nye og gamle prosjekt på gang og Erina har bestemt seg for å ikkje slutte å strikke likevel. Vi gjev deg våre synspunkt på den heite loppemarknad-debatten som har gått sidan sist, og snakkar om kva du kan bruke dei single garnnøsta dine til. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø Erina Grasdal Skarpenes Ansvarleg redaktør: Vilde Havn

Episode 47 - Skaparkrise, store stoffrestar og ferdig med svart! 16.04.2026

Vi er tilbake frå påskeferie og begge to har nye prosjekt på pinnane. Erina sitt er vellukka og blir veldig fint, Frida sitt må ha minst eitt forsøk til. Vi gjev deg våre beste tips til korleis du kan få bukt med dei store stoffrestane dine, og Erina luftar noko ho har på hjartet; ei slags skaparkrise. Ja, og så vil Frida gjerne annonsere at ho har dumpa ikkje-fargen svart. I studio: Frida Bjørner...

Episode 46 - Besøk av Sjøllaget! 02.04.2026

Påskespesial med besøk i studio! Elisa, Sofie og Guro er damene bak Sjøllaget, og i dag besøker dei Garderobeskapar i studio. Vi får vite meir om korleis det er å drive strikkebedrift, korleis dei arbeider, og korleis reisa har vore frå å sitte på utveksling i Australia og ikkje få tak i ullgarn, til å ha fått over 16 000 følgarar på sosiale media og samarbeid med store aktørar som Hillesvåg Ullva...

Episode 45 - Striper, reisegarderobe og innsjekk på vinterens trendar 19.03.2026

Vi har fingrane i mange prosjekt for tida; både søm, strikk og opprekk. Dei minste garnrestane får fokus i vekas del av Resterazzia, og vi tek ein innsjekk i kor godt vi faktisk klarte å spå trendane for hausten og vinteren. Facebookgruppe for meir info om strikking til premature: Strikk til NFI Førde I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø og Erina Grasdal Skarpenes Ansvarleg redaktør: Vilde Havn

Episode 44 - Små stoffrestar, yarn chicken og takk(!) for handarbeidet 05.03.2026

Både Frida og Erina har ferdige prosjekt sidan sist: eit vottepar og ein genser. Det eine har ført til mindre restegarn, det andre til meir. Vi gjev deg våre beste tips til kva du kan gjere med dei små stoffrestane, og reflekterer over kvifor vi ikkje lagar meir gøyale plagg - sjølv om vi kan? I studio: Erina Grasdal Skarpenes Frida Bjørnereim Dalsbø Ansvarleg redaktør: Vilde Havn

Episode 43 - Designerframsnakk, råd for restar og gode nybegynnarprosjekt 19.02.2026

Vi strikkar i veg på både nye og gamle prosjekt, nokre er kanskje for lange, andre kanskje for korte. Vi gjev deg nokre overordna råd til bruk av restar og framsnakkar to designerar som vi synest fortener litt meir merksemd. Vekas obligatoriske observasjon kjem frå ein lyttar, og her må vi diskutere om vi er einige eller ikkje. I studio: Erina Grasdal Skarpenes Frida Bjørnereim Dalsbø Ansvarleg re...

Episode 42 - Knappedilla, resterazzia og plagg som ikkje vart som dei skulle 05.02.2026

I dag har vi mykje å oppdatere om! Frida har sydd skjorte og Erina har begynt å strikke hue. Vi introduserer den nye serien vi skal ha dette semesteret: resterazzia, og tenker høgt om dei plagga som ikkje vart heilt som dei skulle. I studio: Erina Grasdal Skarpenes Frida Bjørnereim Dalsbø Ansvarleg redaktør: Vilde Havn

Episode 41 - Nye prosjekt, årets Make Nine og kva skjer framover? 22.01.2026

Ny sesong! Erina er tilbake frå Frankrike, så det er god steming i studio. Begge har fullført gamle prosjekt, og har fått nye ting på pinnane. Vi går gjennom kva vi har på våre Make Nine-brett for året, og tipsar deg om kjekke arrangement for tida framover. I studio: Erina Grasdal Skarpenes og Frida Bjørnereim Dalsbø Produsent: Marius Øvrebøe Ansvarleg redaktør: Vilde Havn

Episode 40 - Juleferieprosjekt, opprekk og Make Nine-resultat 18.12.2025

Vi brukar årets siste episode til å ta ei oppsummering av korleis Make Nine-prosjektet har gått og snakke om kva prosjekt vi skal ta med oss heim til juleferie. Både Frida og Erina strevar litt med vestane dei strikkar på for tida, og den obligatoriske observasjonen er ei klar oppfordring: Du kan faktisk gjere nesten ingenting når du får ferie. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø Erina Grasdal Skarp...

Episode 39 - Vedlikehald, vestefest og nye klesperspektiv 04.12.2025

Erina har begynt å strikke vesten sin på nytt, og Frida er straks ferdig med å sy ein deilig silkebluse. Vi gjev deg våde beste tips til vedlikehald av klede, og snakkar om korleis ein på best mogleg måte kan både dekke skaparbehovet og samtidig ikkje drukne i altfor mykje kle. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø Erina Grasdal Skarpenes Produsent: Marius Øvrebøe Ansvarleg redaktør: Vilde Havn

Episode 38 - Mulesing, tæilor og ullundertøy 20.11.2025

I dag kan vi rapportere om framsteg både i Frankrike og i Noreg! Erina er ferdig med Sophie-hood, og Frida har både fått sylyst, og har nådd ein milepæl på vesten. Vi gjev deg ei innføring i mulesing, og diskuterer den potensielt revolusjonerande digitale skreddaren Tæilor, som Fæbrik skal lansere veldig snart. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø Erina Grasdal Skarpenes Produsent: Marius Øvrebøe Ans...

Episode 37 - Oppleggssjuke, garn- og stofflager og julegåver 06.11.2025

I dag skravlar vi i veg om det som ligg på hjartet; Erina har fått skapar-motivasjonen tilbake, og Frida har gjennomgått ein liten karakterbrist og kjøpt masse nytt garn. Vi reflekterer rundt garn- og stofflager og oppleggssjuke, og kva både det eine og det andre gjer med oss, og kvifor vi gjer som vi gjer. Og så nærmar det seg jo jul, så vi kan ikkje unngå å snakke litt om heimelaga julegåver. I...

Episode 36 - Mellomprosjekt, MooKnitwear og trendane for haust og vinter 23.10.2025

Både Frida og Erina er ferdige med mellomprosjekta sine, medan hovudprosjekta kanskje er ein smule neglisjerte. Vi set heller stort fokus på å diskutere det lyttarane trur blir dei store tendensane i garderobeskapinga denne hausten og vinteren, og snakkar også om kva vi synest om at influencaren Helene Moo straks lanserar sitt eige klesmerke, produsert rett utanfor Bergen. I studio: Frida Bjørnere...

Episode 35 - Storleikar, Det gule hus-resultat og gamle strikkeoppskrifter 09.10.2025

Frida har gjort framsteg på lesesalprosjektet, og Erina grublar på korleis ho skal kunne bruke den nesten ferdigstrikka singletten sin når det ikkje lenger er sommar. Vi får rapport på salet og opplevinga av å bruke Det Gule Hus, og tenker høgt rundt val av utradisjonelle namn på storleikar i strikkeoppskrifter. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø Erina Grasdal Skarpenes Produsent: Marius Øvrebøe An...

Episode 34 - Nybegynnarvennlege oppskrifter, Sophie-scarf og Tise+Ebay=sant 02.10.2025

Erina er full av inspirasjon og proklamerer ein ny æra i strikkinga, medan Frida har mista oversikta over kvar strikkeprosjektet er i flyttelasset. Vi diskuterer forje vekest store nyheit - at Tise har blitt kjøpt opp av Ebay -, og serverer både tips og fine oppskrifter til deg som vil begynne å strikke. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø Erina Grasdal Skarpenes Produsent: Marius Øvrebøe Ansvarleg...

Episode 33 - Haustmote, strikketid og testing av Det Gule Hus 25.09.2025

Stemninga er optimistisk sidan både Frida og Erina har gjort framsteg på strikkeprosjekta sine! Frida fortel om prosessen med å selge klede på Det Gule Hus, og Erina strevar med å finne ut korleis ho skal gjere internatrommet i Frankrike heimekoseleg og personleg. Og så er vi begge veldig klar for haustmoten! I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø Erina Grasdal Skarpenes Produsent: Marius Øvrebøe Ansva...

Episode 32 - Flytterydding i klesskapet, identitetsmarkørar og Ullveka 18.09.2025

Etter ei veke sjukdom er vi tilbake! Frida skal flytte, og merkar at det kjem til å påverke garderoben, medan Erina fortel kva strikkeprosjekt ho har tatt med seg til Frankrike. Vi gir deg ein guide til garderobeskapar-arrangement i Bergen i tida framover, og får eit lite innblikk i korleis eit Sophie scarf kan knytte vennskap. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø Erina Grasdal Skarpenes Produsent: M...

Episode 31 - Skuffande skaparsommar, fast fahion-kjøp og nyheiter 04.09.2025

Vi er i gang med ny sesong! Frida er i Bergen, Erina er i Frankrike, og podcasten står ved lag. Denne veka snakkar vi om at vi er litt skuffa over garderobeskapinga denne sommaren, og at Frida har kjøpt sitt første plagg i fast fashion-butikk på grunn av bagasjetrøbbel. Men det er også mykje nytt og kjekt å ta for seg, for eksempel nye sybøker på marknaden og eit heilt nytt konsept som vi gler oss...

Sommaroppdatering <3 31.07.2025

Vi hoppar inn i studio for å gje deg, og kvarandre, ei oppdatering på både prosjekta vi jobbar med og hausten som kjem. Det er noko nytt og gammalt på pinnane, symaskina til Frida står ubrukt og Erina lurer på korleis ho skal pakke strikketøy til eit semester som utvekslingsstudent. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø Erina Grasdal Skarpenes Produsent: Marius Øvrebøe Ansvarleg redaktør: Sofie Larsen...

Episode 30 - Fargeanalyse, oppsummering av året og sommarferie! 26.06.2025

Episode 30! Vi tek ein fot i bakken og oppsummerar halvåret som har gått, før vi tek oss ein velfortent sommarferie. Vi sjekkar inn på Make Nine og Frida fortel om fargeanalysa ho nettopp har tatt. Strikkeprosjekta står stille, men vi lovar progresjon når vi er tilbake igjen til hausten. God sommar! I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø Erina Grasdal Skarpenes Produsent: Marius Øvrebøe Ansvarleg redak...

Episode 29 - Temaepisode: Brudekjole 19.06.2025

I dag er både Fride og Erina tilbake i studio, hurra! Vi snakkar sjølvsagt om kva vi jobbar med for tida, men hovudfokuset er på temaet brudeskjole. Frida fortel om design, mønster, syprosess og utfordringar ho møtte på då ho sydde sin eigen brudekjole før ho gifta seg i fjor sommar. Her er det mykje snacks å hente for alle kommande brudar, eller berre dei som er nysgjerrige! I studio: Frida Bjørn...

Hør på podkasten Garderobeskapar i Replaio

Radio og podkaster i én app - gratis og uten registrering. Installer i dag, og ikke gå glipp av lanseringen

Last ned på Google Play

Replaio er ikke podkastutgiver; programnavn, omslag og lyd tilhører opphavspersonene og distribueres via offentlige RSS-feeder.