Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

For folk og natur

News NO ↓ 17 episoder

Ein podkast for deg, og for politikarar og kommunar i fylket.

Forfatter

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Kategori

News

Podkastens nettsted

sites.libsyn.com

Siste episode

18. mar 2026

Hvor kan du lytte?

Podkaster i appen Replaio Radio Kommer snart

Podkaster kommer snart til appen. Installer nå, og bli den første som ser en helt ny tilnærming til podkaster

Last ned på Google Play Installer gratis Android 5 mill.+ nedlastinger · 4,8 i vurdering iOS snart

Episoder

Totalforsvarsåret 2026 18.03.2026

Denne episoden av «For folk og natur» handlar om Totalforsvarsåret 2026. I år skal heile samfunnet øve saman slik at vi kan vere budd på å handtere alvorlege kriser og krig. Alle skal øve; frivilligheita, næringslivet, alle deler av forvaltninga, Forsvaret, våre allierte - og kvar og ein av oss. Gjennom Totalforsvarsåret 2026 skal Noreg sin evne til å førebygge og handtere sikkerhetspolitiske kris...

Populært totalberedskapskurs for toppleiarar 18.12.2025

Denne episoden av «For folk og natur» handlar om totalforsvaret - og om totalberedskapskurs for toppleiarar. Totalforsvaret er samarbeidet mellom militæret og sivile i Norge, og skal beskytte landet mot kriser, konflikter og krig. Cirka 120 toppleiarar frå offentleg og privat sektor i Møre og Romsdal har dei siste to åra vore gjennom eit fem dagar langt totalberedskapskurs for å forstå den tida vi...

Elvekanten gir liv og skydd 12.03.2025

Langs alle vassdrag vil det naturleg vekse eit belte av kantvegetasjon. Denne kantsona er viktig for livet både langs og i elva. Den reduserer også erosjon og avrenning av næringsstoff til vassdraget. Høyr podkast om elvekantsona!  Elvekantane spelar ei sentral rolle i naturen. Her finn vi insekt, dyr, fuglar og plantar i stort mangfald. Kantvegetasjonen fungerer som grønkorridor for rekreasjon, o...

Verjemål 18.12.2024

Om du ikkje kan ta hand om eigne interesser, kan du få hjelp av ei verje. Årsakene til at du treng verjemål kan vere mange og ulike, for eksempel skade, sjukdom eller funksjonsnedsetting. Høyr podkast om verjemål!  Frivilligheit står sentralt i verjemålsordninga. Det som før var overformynderi, er blitt ei ordning med meir sjølvråderett. Ei føresetnad for å opprette verjemål er at du gjev ditt sam...

Barnets beste 25.06.2024

Statsforvaltaren skal passe på at både barn og vaksne kjenner til barnerettane og Barnekonvensjonen. Når vaksne skal bestemme noko som har med barn å gjere, skal dei tenke på kva som er best for barna. Dei skal spørje barn, eller gi moglegheit for at barn får seie noko om saka. Vi ser at barn og unge si stemme ikkje blir tydeleg nok når vaksne diskuterer og bestemmer i viktige saker som handlar om...

Ta våtmarka tilbake! 22.06.2023

Noreg er eit av landa i Europa med størst variasjon av våtmarker. Våtmarkene er viktige både for biologisk mangfald, karbonlagring og klimatilpassing. Likevel er våtmarkene nokre av dei mest trua naturtypane vi har. Ofte er det fordi vi menneske vil bruke dem til noko – og derfor øydelegg vi dei. For eksempel drenerer vi myr. Men – det går an å restaurere våtmark – og få den til å bli frisk att. D...

Den fantastiske skogen 09.05.2023

Tømmeret vi tar ut fra skogen gir inntekter og sysselsetter. Samtidig skal vi ta vare på naturen og det yrande livet i skogen. Skogen gir oss oksygen og lagrar karbon. Statsforvalteren i Møre og Romsdal har i oppdrag å forvalte skogen.  Veit du kvifor vi er mest opptatt av å hente ut grantømmer frå skogane i Møre og Romsdal? Og at vi faktisk har regnskog i fylket som bør få stå heilt i fred? Drift...

Sei ifrå når du ikkje har det bra på skolen! 07.03.2023

Skolen pliktar å sørge for at elevar har det trygt og godt på skolen. Dei skal følgje med, gripe inn om det er nødvendig, varsle det dei ser, undersøke sakene og sette inn tiltak. Om skolen ikkje gjer nok, kan eleven eller foresette klage saka inn til Statsforvaltaren. Då tar det få dagar før rektor og foreldre får ein telefon.  Om du som lytter er i ein situasjon der skolen ikkje har gjort nok i...

Demens - ei stille krise i samfunnet 22.12.2022

Demenssykdom rammer mange i Norge. Flere kaller situasjonen som en stille krise i samfunnet, og regjeringen skriver på sine nettsider at demens er en av de største globale utfordringene verden står overfor. I denne podkasten snakker vi om demens – og ser at det faktisk er relativt enkle grep du og jeg kan ta, for å forebygge sykdommen.

Tredrivaren 21.11.2022

Trebygg har mange fordelar. Tre er både fornybart, miljøvenleg og framtidsretta. Dessutan er det godt for menneske å vere i trebygg. Derfor jobber Statsforvaltaren for auka bruk av tre som bygningsmateriale.    I denne podkasten får du høyre korleis vi hos Statsforvalteren i Møre og Romsdal arbeider med dette oppdraget som vi har fått frå Landbruks- og matdepartementet.  Som byggemateriale gir tre...

Nytt klima gir nye utfordringar 19.10.2022

Klimaet endrar seg. Og med klimaet blir også vêret endra. I Møre og Romsdal vil vi sjå meir kraftig nedbør og auka problem med overvatn. Vi vil sjå at havnivået stig, stormflo og større og fleire flaumar. Vi vil også få fleire skred av jord og stein. I denne podkasten får du høyre kordan vi hos Statsforvalteren i Møre og Romsdal arbeider saman med andre regionale aktørar for å tilpasse oss klimaen...

Hagerømlingar 24.06.2022

Framande, skadelege plantearter tar over og "spis opp" anna vegetasjon i Noreg. Dei vert einaste planta som står igjen i området. Slik øydelegg dei naturmangfaldet. Mange av desse plantane er rømlingar frå hagane våre. Derfor blir dei ofte kalla "hagerømlingar". Berre i fellesskap kan vi fjerne dei frå naturen. Du kan hjelpe du også!

Jordvern - for å kunne dyrke vår eigen mat 10.06.2022

Å ta vare på matjorda er viktig. Jordvern handlar om å sikre både oss og etterkommerane våre moglegheiten til å dyrke eigen mat på eigen jord. Det å ta vare på matjorda i regionen er eit viktig arbeidsområde for Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Det gjør vi blant anna ved å sikre at kommunane følgjer lovverket: At dei tar vare på matjorda når dei bygg og utviklar sine område. 

Leve heile livet i Møre og Romsdal 07.04.2022

Korleis skapar vi eit aldersvennleg Møre og Romsdal? I denne episoden av "For folk og natur" snakkar vi om reforma "Leve heile livet" som skal bidra til at eldre kan meistre livet lengre. Dei skal vere trygge på at dei får god hjelp når dei har behov for det. Vi får høyre om 300-metersbyen i Ulstein og om samtalar med 75-åringar i Molde. 

Vårt møte med krigen i Ukraina 18.03.2022

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal tar opp aktuelle tema i møte med krigen i Ukraina. Vi snakkar om tryggleik og beredskap, landbruk og matsikkerheit. Og så stiller vi spørsmåla: Korleis tar vi imot flyktingar og flyktningbarn i Norge? Og korleis snakkar vi med våre eigne barn om krigen? 

Klimasnu – ei nødvendig omstilling 01.02.2022

I Møre og Romsdal står vi midt i eit Klimasnu. Kva meiner vi med det? Kva for grep kan kommunane ta for å få ned klimagassutslepp? Kva er samanhengen mellom gründerverksemd og klimaomstilling? Kvifor skal vi ta spesielt vare på jord, myr og skog? Og kan kommunane vere med å bidra til gjenbruk?

Ny statsforvaltar og kommunane 28.01.2022

Kva for utfordringar og moglegheiter pregar kommunane våre? Kva gjer dei med rekrutteringsutfordringar? Korleis tek dei vare på ungdommane samtidig som ein stadig større del av innbyggarane er eldre? I denne første episoden, publisert 17. januar, snakkar kommunikasjonsrådgivar Lena Skattum Sandvik med statsforvaltar Else-May Norderhus om rundreisa ho har vore på hos kommunane i fylket.

Hør på podkasten For folk og natur i Replaio

Radio og podkaster i én app - gratis og uten registrering. Installer i dag, og ikke gå glipp av lanseringen

Last ned på Google Play

Replaio er ikke podkastutgiver; programnavn, omslag og lyd tilhører opphavspersonene og distribueres via offentlige RSS-feeder.