Arne Olav Hageberg (red.)

Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda

Society NO ↓ 53 episoder

Bok & bibliotek er podkasten til tidsskriftet med same namn. Her tek vi opp alt som gjeld bibliotek – demokrati, teknologi, politikk, ideologi, forsking, logistikk, arkitektur og mykje meir.

Forfatter

Arne Olav Hageberg (red.)

Kategori

Society

Podkastens nettsted

bokogbibliotek.no

Siste episode

29. mai 2026

Hvor kan du lytte?

Podkaster i appen Replaio Radio Kommer snart

Podkaster kommer snart til appen. Installer nå, og bli den første som ser en helt ny tilnærming til podkaster

Last ned på Google Play Installer gratis Android 5 mill.+ nedlastinger · 4,8 i vurdering iOS snart

Episoder

#52 Kan Sommarles bli betre? 29.05.2026

I denne episoden får de høyra opptak av debatten Kan Sommarles bli betre? som vi arrangerte i samarbeid med Periskop på sentralen i Oslo onsdag 27. mai.  Utgangspunktet var Oddmund Kårevik sitt innlegg  Ta Sommarles til nye høgder!  som blei publisert på bokogbibliotek.no og periskop.no i april 2026.  Med i panelet var bibliotekarane Oddmund Kårevik og Ragnhild Malfang, leseforskar Tove Stjern Frø...

#51 Sam Helmic frå ALA: – Sensur er ein hammar på jakt etter ein spiker 08.04.2026

Sam Helmick, president i American Library Association (ALA), var hovudtalar under Bibliotekmøtet 2026 i Molde . I denne episoden får du høgdepunkt frå foredraget hen heldt der 18. mars og eit intervju gjort av Arne Olav Hageberg og Ellen Irene Berg Larsen same dag. Sam Helmick kom fleire gongar attende til formuleringa om at sensur er ein hammar på jakt etter ein spiker, og gjorde det klart at bok...

#50 Bibliotekpanelet om Mette-Marit, Lydbøker, NBT og hovudet til Magnus Lagabøter  06.03.2026

Bok & bibliotek knabbar skamlaust frå NRK og lagar vårt eige «fredagspanel» – velkomen til Bibliotekpanelet! I denne første utgåva består panelet av: Monica Isobel Glenna , bibliotekar, litteraturvitar og biblioteksjef på 70,99 grader nord, ved folkebiblioteket i Måsøy kommune.  Mariann Schjeide , bibliotekar med lang erfaring som biblioteksjef i folkebibliotek, først i to små, så i Ålesund. D...

#49 Knut Storberget og Karianne Aam om biblioteka sine roller i krisetider 06.03.2026

2026 er totalforsvarsåret. Treng du gode argument for kvifor biblioteka er avgjerande i dette arbeidet? Treng du inspirasjon til arrangement og tiltak på ditt eige bibliotek? Då er du komen til rett podkastepisode.  Her får du eit opptak av ein samtale mellom Knut Storberget og Karianne Aam frå Litteraturscena til Hamar bibliotek. Arrangementet gjekk føre seg torsdag 27. november 2025 med Bok &amp...

#48 Møt vinnarane av Årets bibliotek 2025, Skjåk folkebibliotek 16.01.2026

Den gjevaste av norske bibliotekprisar blei delt ut torsdag 15. januar, og Årets bibliotek 2025 blei Skjåk folkebibliotek i Innlandet fylke.   Er humøret litt så som så? Unn deg sjølv å høyra vinnarintervjuet med den sprudlande gjengen ved Skjåk folkebibliotek ! Dei fortel entusiastisk om originale aktivitetar, spanande samarbeid og to suksessfaktor som peikar seg ut! Dei glade vinnarane er biblio...

#47 Avgangsintervjuet med Aslak Sira Myhre 04.12.2025

Etter 11 år i Bibliotek-Norge sin mektigaste posisjon går Aslak Sira Myhre no av som nasjonalbibliotekar. Bok & bibliotek-redaktør Arne Olav Hageberg har møtt han til ein oppsummerande samtale om digitalisering, statistikk, kommuneøkonomi, digitale utlån, NB si rolle i forvaltinga, forholdet mellom litteraturhusa og biblioteka, leiarmangel, Fosseforedraget og meir til. Mot slutten deler han og...

#46 Den store litteraturpolitiske debatten – i samarbeid med Prosa 08.08.2025

Prosa – Tidsskrift for sakprosa inviterte til litteraturpolitisk debatt i Oslo 17. juni i år. Høvet var lanseringa av utgåve 2-25 med stortingsvalet som tema. I starten av episoden gjestar redaktør en i prosa Roman Linneberg Eliassen Bok & bibliotek-studioet for å fortelja om rammene for debatten. Deretter kan du høyra denne gjengen debattera på scena til Fritt ord i Uranienborgveien 2 i Oslo:...

#45 Avsløring av kjeldekritikkproblem gav skulebibliotekaren Holbergpris – med Anne Brit Ingholm og Pål Steiner 30.07.2025

Lærarar meiner dei underviser godt om kjeldekritikk. Elevane meiner dei aldri har lært det, verken på barneskulen, ungdomsskulen eller i vidaregåande. Det er den tabloide versjonen av innhaldet i denne episoden.  Anne Brit Ingholm kan meir enn å lobbyera for skulebibliotek. Då lærarar ved Mailand vidaregåande skule, der ho er bibliotekar, meldte elevane på til «Holbergprisen i skolen», nytta ho hø...

#44 Biblioteka får det verst – Ferske tal om kommuneøkonomi 27.06.2025

«Kutt, kutt, kutt over hele linja». Dette er namnet på ein ny rapport om kommunane sitt kulturarbeid som Telemaksforskning har laga på oppdrag frå Norsk kulturforum ( NOKU ) og Fagforbundet . Litt over halvparten av alle dei 357 kommunane i landet reknar med økonomiske innstrammingar i år som i fjor, og ifølje kulturleiarane er det som vil bli hardast ramma bibliotek, kulturskular og kunstformidli...

#43 VIRAK 2025 - Nye vegar til trygg kunnskap 13.06.2025

Informasjonskompetanse er eit grunnleggande begrep innanfor bibliotek- og informasjonsfag. På universitet og høgskular er det vanleg at bibliotekarane får ansvar for å undervisa studentane om dette. Det same skjer òg ein del i vidaregåande skule, og av og til på grunnskular – om dei er så heldige å ha ein bibliotekar. Bibliotekarane si undervising i informasjonskompetanse er i rivande utvikling, o...

#42 VIRAK 2025 - Fagbibliotek, folkebibliotek og dumme idiotar 12.06.2025

Bok & bibliotek har vore på fag og forskinsgbiblioteka sin konferanse VIRAK 2025 som gjekk føre seg i Drammen 4. og 5. juni. I denne første av fleire podkastepisodar derfrå får du først utdrag av biblioteksjef ved Høgskulen i Volda Mariann Schjeide sitt foredrag «Fagbibliotek er frå Venus, folkebibliotek er frå Mars». Deretter svarar filosofen Lars Fredrik H. Svendsen på sitt eige spørsmål "Er...

#41 Påskespesial – Er Jesus livets Grandiosa? 16.04.2025

Velkomne til Bok & bibliotek påskespesial 2025 om Bibel 2024. I mars 2024 kom det ei revidert utgåve av Bibelselskapet si 2011-omsetting av Bibelen. 28. juni same år spelte vi inn eit intervju med forlagsjef i Verbum Arne Christian Konradsen og seniorrådgjevar for bibelomsetting Julian Kirkeby Lysvik. På den eine sida er det jo dumt med ting som kjem seint ut. På den andre sida – kva er eit år...

# 40 Leseulyst – intervju med leseforskar Henirette Romme Lund 24.02.2025

Kor ofte snakkar du med nokon om dei dårlege leseopplevingane? Då den danske leseforskaren Henriette Romme Lund intervjua lesande ungar til doktorgraden sin, fekk ho behov for eit ord som kunne beskriva situasjonane der lesinga opplevest som ork eller plikt. Ordet blei leseulyst.  Arne Olav Hageberg var så heldige å få møta Henriette Romme Lund 24. september i fjor då ho var i Skien for å snakka t...

#39 Tjeldsund bibliotek er Årets bibliotek 2024! 07.02.2025

Tjeldsund bibliotek i Troms blei kåra til Årets bibliotek 2024 under eit arrangement på Deichman Tøyen i Oslo 9. januar. I denne episoden får du vera med på utdelinga. Vi startar med den tankevekkande opningstalen til juryleiar og leiar i Norsk bibliotekforening Helene Voldner. Så kjem det nokre gode ord frå samtingspresidenten og jurymedlem Silje Karine Muotka før vi toppar det heile med eit dobb...

#38 Verdas beste Sarpsborg bibliotek 18.11.2024

Bli med til det nye biblioteket i Sarpsborg! I denne episoden gir biblioteksjef Anette Kure oss ei grundig omvising der – eller rettare sagt i det nye biblioteket som er bygd saman med deg gamle (som også har gjennomgått store oppgraderingar).  Etter opninga 12. november skreiv redaktøren i lokalavisa SA at «Biblioteket er ikke bygget for spesielle anledninger, det er bygget for å bli hardt og hef...

#37 Intervju med Helene Voldner 20.09.2024

Helene Voldner saknar lånarane og galskapen på bibliotekgolvet, men synest elles at ho har fått eit draumeverv. Den nokså ferske leiaren i Norsk bibliotekforening dukka opp i begge dei førre episodane av podkasten, først som paneldeltakar og deretter som samtaleleiar. Men vi har eigentleg ikkje presentert Helene Voldner ordentleg for lesarar og lyttarar etter at ho tok over for Vidar Lund som leia...

#36 Lesing er beredskap 13.09.2024

Bli med til Arendal bibliotek tysdag 13. august i år. Der inviterte Norsk bibliotekforening, Den norske Forleggerforening og Litteraturhuset i Oslo til arrangementet «Lesing er beredskap» under Arendalsuka 2024.  Ei lesande og kjeldekritisk befolkning er grunnleggande for demokratiet og ein viktig del av Norges totalforsvar, skreiv arrangørane. Undersøkingar viser at vi er blitt dårlegare lesarar,...

#35 Mer bibliopasjon? Fra Arendalsuka 2024 14.08.2024

Tysdag 13. august var den store bibliotekdagen under Arendalsuka 2024. Politikarar og bokbransjefolk kaptest om å framsnakka biblioteka. I denne episoden får du høyra eit av desse arrangementa. Kommunikasjonsbyået Corporate Communications sto saman med Norsk Bibliotekforening og Litteraturhuset i Oslo bak arrangementet «Vi elsker biblioteket! Men må temperaturen opp? Kan vi skape mer bibliopasjon...

#34 John Chrastka: – Bibliotekarar blir truga med vald og fengsel 07.08.2024

I episode 34 av podkasten Bok & bibliotek gir vi ei innføring i situasjonen til amerikanske skulebibliotek og folkebibliotek – straight from the source.  Den siste tida har vi kunna lesa om amerikanske bibliotekarar som blir truga med fysisk vald og er redde for å hamna i fengsel for å ha «upassande» innhald i bokhyllene . For å forstå situasjonen betre har vi snakka med John Chrastka, som må...

#33 Studentane tek over! 11.06.2024

I denne episoden får du møta morgondagens bibliotekarar. Trine Sivertsen, Andrea M. Skogseth, Ingrid Blancheflor Dorfman Dyrli og Inga Kjellesvig Hanssen frå studiet i biblitoek- og informasjonsvitskap ved OsloMet tek over podkasten.  Kven er dei? Kva drøymer dei om? Kva lærer dei på studiet? Kva tenkjer dei om det utvida bibliotektilbodet – med shufleboard, kinoforestillingar og 3D-skrivarar? Og...

#32 Ingeborg Eidsvåg Fredwall og skolebibliotekarutdanninga i Agder 10.05.2024

Bli betre kjent med skulebibliotekarutdanninga ved Universitetet i Agder og Ingeborg Eidsvåg Fredwall som er førstelektor der.  Intervjuet blei gjort under Bibliotekmøtet i april, der utdanninga i skulebibliotekkunnskap fekk Norsk Bibliotekforenings pris 2024 for arbeidet sitt. Delar av dette sigersintervjuet står også på trykk i Bok & bibliotek 2-2024. 

#31 Lubna Jaffery, Tore Rem, Anne Torill Stensberg og Monica Gundersen Mitchell 03.05.2024

Endeleg tilbake! Det blir mykje godt stoff i podden framover. Etter ein litt stille periode har vi no heile tre episodar liggande som kjem til å bli lagt ut i tida framover.  Først i denne episoden er det eit intervju med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. Deretter blir det panelsamtale frå Bibliotekmøtet 2024 som blei halde i Haugesund 17. til 19. april i år i regi av Norsk Bibliotek...

#30 Bruk av kunstig intelligens i biblioteksektoren 08.02.2024

Den 19. januar heldt Mari Serine Kannelønning prøveforelesinga med tittelen "Potensiale og begrensninger for bruk av kunstig intelligens (KI) i biblioteksektoren" på OsloMet i samband med doktorgradsdisputasen sin. Der gjorde ho det god forskingsformidling alltid gjer: rydda i omgrepsjungelen, kutta vekk det som stenger for utsikt og innsikt og heldt fram eit kart,  denne gongen over det...

#29 Årets bibliotek 2023 er skulebiblioteket ved Årstad videregående skole 12.01.2024

Bli med på utdelinga av prisen Årets bibliotek 2023 som gjekk til skolebiblioteket ved Årstad videregående skole. Episoden inneheld mellom annan eit intervju med bibliotekarane ved vinnarbiblioteket, David Kvamme Høvik og Torhild Jordal, og ein forrykande appell for skulebiblioteka frå fjorårets vinnar Elisabeth Jensen Lombnæs.  Prisen Årets bibliotek blir delt ut av Norsk Bibliotekforening, og ha...

#28 "Privatpraktiserende bibliotekarer i en jappetid" av Ove Sundby 08.12.2023

De som har følgt podkasten ei stund kjenner nok at stilen i denn episoden. Essayisten Ove Sundby har velsigna oss med ein ny tekst. I kjent stil svingar han innom både den gamle bibliotekarskulen i Dælenggata i Oslo, ei heilt nødvendig klassereise inn i bibliotekverda, myta eller sanninga om at ein bestemt mennesketype kjenner seg tiltrekt av bibliotekaryrket, og ein nesten gløymt parentes i den n...

Hør på podkasten Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda i Replaio

Radio og podkaster i én app - gratis og uten registrering. Installer i dag, og ikke gå glipp av lanseringen

Last ned på Google Play

Replaio er ikke podkastutgiver; programnavn, omslag og lyd tilhører opphavspersonene og distribueres via offentlige RSS-feeder.