Eilev Erikstein
Diakonalgang
Eilev og Ivar har vore diakonar i Den Norske Kyrkja i over sytti år. No går Ivar av etter 43 år i Sauherad. I denne podkast-serien reflekterer dei to diakonane over kva diakoni er, om utfordringar ved å leie det kyrkjelege omsorgsarbeidet , men ikkje minst om glede: «Det er rein nåde å få lov å vera diakon», seier dei. Oppstarten av serien fekk OU-midler gjennom KA (Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon). No er Diakonalgang ein del av arbeidet til Diakonatet i Vest- Telemark. Her er det prostidiakon Eilev Erikstein som er ansvarleg,
Visita il sito del podcast e sostieni chi lo crea: podcasters.spotify.com
Autore
Eilev Erikstein
Categoria
Sito del podcast
Ultimo episodio
1 set 2026
Dove ascoltare?
I podcast nell'app Replaio Radio In arrivoI podcast stanno per arrivare nell'app. Installala ora e scopri per primo un modo tutto nuovo di vivere i podcast
Episodi
USYNLEGE HENDER LEIER OSS 19.01.2024 30:28
USYNLEGE HENDER LEIER OSS Kven er det som har gjort av me er dei med er? Kven har vore førebileta våre ? I denne utgåva av Diakonalgang er den gamle og gode, no pensjonerte Sauherad- diakonen Ivar Solbu (72) attende for ein prat om desse usynlege hendene, med Jon Foss sine ord, som leier oss.
ALDRI ALEINE 19.12.2023 33:28
ALDRI ALEINE I haust byrja Hanne Salvesen(39) som generalsekretær i Det Norske Diakonforbund. Diakonforbundet er eit fagforbund som organiserer diakonar og diakoniarbeidar. I denne podkasten fortel ho om sin veg fram til å bli diakon, og sitt ønske om at Diakonforbundet skal hjelpe diakonar til å kjenne seg mindre aleine i arbeidet, Hanne Salvesen er den åttande generalsekretæren, og overtok for L...
SELFI MED SORGA 27.10.2023 19:15
SELFI MED SORGA Helgemesse er blitt ein stadig viktigare dag i vår kyrkje. Frå vera ein rein minnedag for helgenar, er dagen no også ein minnedag for dei døde. I denne utgåva av Diakonalgang får de bli med på refleksjonar over sorg og liv ved Helgemesseleite. Mitt namn er Eilev Erikstein, 63, år diakon som deler tankar om sorg, liv og von mellom gravstyttene på kyrkjegarden i Bø.
Håp i ein skog - Diakonalgang 13 13.09.2023 33:59
HÅP I EIN SKOG Eivind Aalborg (62) har jobba i Kirkens Nødhjelp i over 25 år. Dei siste sju åra som leiar for arbeidet i Etiopia. Kirkens Nødhjelp er store og verdsette i internasjonal diakoni. I denne samtala fortel Eivind om håp og gleder i arbeidet, kvar han finn mot og von i arbeidet. Her er det ikkje berre von i hangande snøre, men også i dret å plante tre. Opptaka er gjort under ein studi...
Episode 12 - Å få løfta sitt åsyn 08.06.2022 29:41
Som prosjektleiar for «Omsorg ved Livets Slutt», støtta av Kyrkjerådet, trengte diakon Silje Sjøtveit nokon som kunne lage ein promoteringsfilm. Ho fann Knut Inge Solbu og Fenomen Film. Knut Inge Solbu har mellom anna vore produsent for suksessen Rådebank. Solbu vart i tillegg til honorar tilsett som diakonimedarbeider i en kort periode (i eit lite diakon- vikariat) i Tinn for å få gjenn...
Episode 11 - Sorgstøtta 14.03.2022 30:35
Diakon Ole Hafell i Vestfold er ei verkeleg sorgstøtte for mange unge. Gjennom prosjektet Ung Sorg leier han sorggrupper og underviser om tema i skular. Gjennom kunnskap og fellesskap blir barn og unge med sorgerfaring betre i stand til å leva vidare med det triste. Sorggrupper tek ikkje bort det vonde, seier diakonen, men ein blir mindre aleine.
Episode 10 - Å google seg fram til diakon 14.02.2022 38:45
Det fins mange vegar til bli diakon. Åsne Gotuhus Køhn(35) og Helene Sele(25) googla seg fram, likte det dei fann, og har utdanna seg i faget. Eit yrke som ikkje alltid er så lett å forklare, men er viktig i samfunnet. Møt Åsne som er ny diakon i Sauherad og Nes i Midt-Telemark kommune, og Helene som vert ferdig utdanna ved Diakonhjemmet/MF til sommaren.
Episode 9 - Brubyggjar 07.09.2021 42:10
I august gjev Silje Sjøtveit seg som diakon i Tinn. Gjennom elleve år har ho vore ein kreativ og aktiv brubyggjar mellom kyrkje og samfunn her. No blir ho leiar av seksjon for friviljug arbeid i Det Norske Misjonselskap (NMS). I denne episoden blir me meir kjent med Silje og hennar mange diakonale prosjekt. Daghøgskulen, pilegrimsvandringar rundt Tinnsjøen, Cafe Lorentz og diakonale ritual ved liv...
Episode 8 - Å vandre sorga mindre 25.03.2021 35:53
På mange vis har etterlatne etter sjølvmord det ekstra vanskeleg. Gjennom prosjektet «Vandring for forandring» har ein testa ut pilegrimsvandring i sorgarbeidet. Å ta sitt eige liv er eit av våre siste tabu. Ei pilegrimsvandring handlar om å legge frå seg det som tynger. Om det skjer på ei slik vandringa, kan ein berre vone. Men det er sikkert at det er god von i å dele tankar med kvarandre. I den...
Episode 7 - Å gå imellom 20.10.2020 45:19
Sommaren 2020 var Eilev Erikstein så heldig å få jobbe i Preste- og diakonteneste ved Diakonhjemmet Sjukehus i Oslo. I denne podkasten får de bli med inn på sjukehuset, høyre om det arbeidet som Preste- og diakonteamet gjer. – Det viktigaste er å gå imellom, fylle ut der det trengs, seier leiande sjukehusprest Aud Iren Svartvasmo. Elles får ein høyre korleis Gudmund J. Wisløff opplever å arbeide s...
Episode 6 - Det ingen andre gjer 17.04.2020 40:04
En definisjon på diakoni kan være «det som ingen andre gjør.» Det var slik det starta da den første prostidiakonen i Vest-Telemark, Per Emanuelsen, tok tak i arbeidet mellom fangene i Kleivgrend i Fyresdal. Eilev Erikstein tar en prat med han og to av de som har holdt visitortjenesten i skogsleiren i gang siden 1996.
Episode 5 - Siste tur til Kleivgrend 20.03.2020 40:52
Diakon Eilev Erikstein prater med innsatte, ansatte og tidligere justisminister Anders Anundsen, for å bearbeide sorgen over nedleggelsen av Kleivgrend fengsel. I denne episoden får dere bli med inn i et av Norges mest spesielle fengsler. Den vesle skogsleiren i Kleivgrend, langt inne i Fyresdalskogen. En underavdeling av Arendal Fengsel med såkalt åpent soning. Her var det gamle brakker - r...
Episode 4 - Å vandre med håp som pilegrim 15.11.2019 20:32
Det startar alltid med eit steg. Eilev og Ivar har vore diakonar i Den Norske Kyrkja i over sytti år. No går Ivar av etter 43 år i Sauherad. I denne podkast-serien reflekterer dei to diakonane over kva diakoni er, om utfordringar ved å leie det kyrkjelege omsorgsarbeidet , men ikkje minst om glede: «Det er rein nåde å få lov å vera diakon», seier dei.
Episode 3 - Fri, villig og heit 08.11.2019 19:55
Kyrkja og diakonien stoppar utan frivillige. Eilev og Ivar har vore diakonar i Den Norske Kyrkja i over sytti år. No går Ivar av etter 43 år i Sauherad. I denne podkast-serien reflekterer dei to diakonane over kva diakoni er, om utfordringar ved å leie det kyrkjelege omsorgsarbeidet , men ikkje minst om glede: «Det er rein nåde å få lov å vera diakon», seier dei.
Episode 2 - Å knekke nakken på fine ord 01.11.2019 18:39
Diakoni er lettare gjort enn sagt. Eilev og Ivar har vore diakonar i Den Norske Kyrkja i over sytti år. No går Ivar av etter 43 år i Sauherad. I denne podkast-serien reflekterer dei to diakonane over kva diakoni er, om utfordringar ved å leie det kyrkjelege omsorgsarbeidet , men ikkje minst om glede: «Det er rein nåde å få lov å vera diakon», seier dei.
Episode 1 - Diakonen 25.10.2019 22:15
To gamle diakonar snakkar om diakoni, diakonar og sånn. Eilev og Ivar har vore diakonar i Den Norske Kyrkja i over sytti år. No går Ivar av etter 43 år i Sauherad. I denne podkast-serien reflekterer dei to diakonane over kva diakoni er, om utfordringar ved å leie det kyrkjelege omsorgsarbeidet , men ikkje minst om glede: «Det er rein nåde å få lov å vera diakon», seier dei.
Podcast simili
Replaio non è un editore di podcast; i nomi dei programmi, le copertine e l'audio appartengono ai rispettivi autori e vengono distribuiti tramite feed RSS pubblici