Kjetil Fyllingen
SunnhordlandPodden
Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.noBli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor
Μην παραλείψεις να επισκεφτείς τη σελίδα του podcast και να στηρίξεις τον δημιουργό: www.sunnhordlandpodden.no
Δημιουργός
Kjetil Fyllingen
Κατηγορία
Ιστοσελίδα του podcast
Τελευταίο επεισόδιο
26 Οκτ 2026
Πού να ακούσεις;
Podcast στην εφαρμογή Replaio Radio Έρχεται σύντομαΤα podcast έρχονται σύντομα στην εφαρμογή. Εγκατάστησέ την τώρα και δες πρώτος μια εντελώς νέα προσέγγιση στα podcast
Επεισόδια
Elin Rydningen - om å flytte heim til Bømlo, pendling til Zanzibar og å våga å velja annleis 26.10.2026 1:04:14
Etter nesten 40 år i Stavanger har Elin Rydningen flytta heim til Bømlo. Ho brenn for hagar, landskapsdesign og berekraftige løysingar, og gjennom Blomen Hage og Landskap får ho brukt både kreativiteten og interessa for naturen. I denne episoden snakkar me om alt frå permakultur og drivhusprosjekt til draumen om eit lite gjenbrukshus på Bømlo. Men me kjem òg inn på helse, livsval og kvifor Elin re...
Truls Horvei - Frå journalist til forfattar og kunstnar - om livet etter arbeidslivet 19.10.2026 48:53
Truls Horvei har brukt eit heilt yrkesliv på å fortelja andre sine historier. Etter mange år som journalist i Haugesunds Avis har han dei siste åra vært ein fri mann med tid til å skriva bøker, måla bilete og utforska nye lidenskapar. I denne episoden av Sunnhordlandpodden snakkar me om kulturjournalistikk, forfattardraumar, møtet med Jon Fosse og overgangen til pensjonistlivet. Truls deler òg god...
Remembering Kenneth Sivertsen - med Franc Ole Olsen og Christoffer Naustvåg Lillestøl 12.10.2026 1:09:07
Kenneth Sivertsen var eit musikalsk unikum frå Moster på Bømlo – ein kunstnar med ei heilt spesiell stemme, eit enormt talent og musikk i alle sjangrar. Men kven var mennesket bak musikken? I denne episoden møter du Franc Ole Olsen svoger til Kenneth og Christoffer Naustvåg Lillestøl frå foreininga Remembering Kenneth. Dei deler personlege minne og gode historier om Kenneth, frå barndommen og dei...
Espen Bore Hollund - om sjeldne fuglefunn, 44 000 bjørkefinkar, naturvern og fuglar i Sunnhordland 05.10.2026 1:13:27
Kva skjer når ein «all in»-person får fuglar som hobby? Då blir det fort både kamera til mange tusen kroner, fugleeksamen, sjeldne artar og ein eigen fuglebok! Espen Bore Hollund frå Bømlo har gått frå rock og metal, solceller og heimeautomasjon til å bli ein ivrig fuglekikar og naturfotograf. Han fortel om sjeldne fuglefunn, 44 000 bjørkefinkar, fugleturar til Svalbard – og kvifor ein rustsnip på...
Adrijan og Emre - om Håndbak, treningsglede og store ambisjonar 28.09.2026 43:42
Kva skal til for å bli god i håndbak – og kva skjer når ein kombinerer treningsglede, konkurranseinstinkt og viljen til å bli betre? I denne episoden møter vi brørne Adrijan Martiin og Emre Lundsvoll-Myhre, som begge brenn for håndbak. Emre har mellom anna konkurrert i NM i U18-klassa under 65 kilo, medan Adrijan kombinerer interessa for sporten med læretid innan fiskeoppdrett. Om litt skal Emre r...
Family Taste Bømlo – the flavours of Ukraine and Turkey on Bømlo 21.09.2026 50:49
In this episode, we meet Anastasia from Ukraine and Samet from Turkey – the couple behind Family Taste Bømlo . After moving to Norway and settling on the island of Bømlo, they decided to build something together: a small food business based on family recipes, authentic ingredients and food traditions from Ukraine and Turkey. We talk about the fascinating connection between the two food cultures,...
Sandy Haugland - om kva du bør vite før du skaffar deg ein hund som Australian Shepherd og Shetland Sheepdog 14.09.2026 43:29
Kva skal du tenkje på før du skaffar deg hund? Og kva er eigentleg forskjellen på ein søt hund og ein hund som passar inn i livet ditt? I denne episoden møter du Sandy Haugland, dama bak Kennel Kysthyrden på Stord. Sandy har vore hundeinteressert sidan ungdomsåra, har utdanna seg til hundetrener og driv i dag med oppdrett av Australian Shepherd og Shetland Sheepdog. Vi snakkar om livet med hund,...
Sveinung Nitter Jr. om bilpleie, trening og arbeidsmoral 07.09.2026 1:00:17
Korleis får du ein bil til å skinne? I denne episoden møter du Sveinung Nitter Jr. – ein mann med mykje energi, mange jern i elden og eit brennande engasjement for det han driv med. Sveinung fortel om vegen frå arbeid på hurtigbåtkaien som 13-åring, via reisebyrå og bilutleige, til Nitters Bilspa på Stord. Vi får høyre om korleis keramisk coating blei ein «game changer» og kva du faktisk bør gjer...
Tormod Myklebust - om hjelpesendingar til Ukraina, slektshistorie og og kvifor han ikkje var redd for å døy 31.08.2026 1:26:59
Tormod Myklebust frå Uskedalen har levd eit liv med arbeid, tru, familie, bedehus, bondegard og eit sterkt engasjement for menneske i Ukraina. I denne praten får du høyre om oppveksten, livet som bonde, familien, Unge Røyster og den kristne trua som har følgt han gjennom livet. Tormod fortel òg om den dramatiske hendinga før hjarteoperasjonen i 2015 – og kvifor han ikkje var redd for å døy. I t...
Gamle hus, nytt liv – kvifor bygningsvern betyr meir enn du trur 24.08.2026 55:49
I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Kathrine Norum og Ragnhild Tveit, som begge brenn for gamle hus, bygningsvern og tradisjonshandverk. Me snakkar om kvifor det er viktig å ta vare på bygningane som allereie står, kva gamle hus kan fortelje om menneska som bygde og brukte dei – og kvifor kunnskapen om tradisjonelle byggjemetodar er så verdifull. Kathrine og Ragnhild fortel òg om arbei...
Håkon den gode er tilbake på Fitjar - med Sissel Jørgensen og Mona Alfsvåg 17.08.2026 51:38
28.-29. august blir Moahagen igjen gjort om til kongsgard når «Håkon den gode kongen» vender tilbake til Fitjar. I denne episoden møter du Sissel Jørgensen og Mona Alfsvåg , som tek oss med bak kulissane på den store utandørsframsyninga. Dei fortel om nervar, dugnadsinnsats, profesjonelle skodespelarar, barn på scena – og kvifor 2026-utgåva blir både meir livleg og vidareutvikla enn sist. Kvifor b...
Kjell Magnus Økland - Naust til folket 10.08.2026 1:03:00
Kjell Magnus Økland arbeider som prosjektleiar for Nytt liv i Naust og sjøhus hjå Forbundet Kysten. Han er litt over gjennomsnittet oppteken av båtar, roing og naust. Så oppteken at han har fått tilnamnet «naustfluensar». I denne episoden fortel han kvifor naust og sjøhus langs kysten står i fare for å forsvinna – og korleis dei kan få nytt liv som møteplassar for barn, unge, skular og lokalsamfun...
Tobias Haldorsen - Frå Bømlo til Bern med eufonium 03.08.2026 39:38
I denne episoden møter du Tobias Haldorsen frå Bømlo – ein ung musikar som har teke eufoniumet med seg frå korpsmiljøet heime til studiar i Stavanger, Manchester og no ved eit av verdas mest prestisjefulle musikkmiljø i Bern. Tobias fortel om øving, disiplin, nerver, konkurransar, rare konsertopplevingar, støtte frå familie og lokalt næringsliv – og kvifor han vågar å satsa på eit instrument mange...
Jonas Vatten: Ingen dommar – ingen kamp 27.07.2026 48:05
17 år gamle Jonas Vatten er ikkje redd for å blåsa i fløyta, dela ut kort eller ta avgjerder som vaksne spelarar er sterkt usamde i. I denne episoden fortel den unge stordabuen om livet som fotballdommar, om kjeft frå sidelinja, raske avgjerder, tøffe fysiske krav og draumen om ein dag å dømma på dei største arenaene. Jonas har allereie dømt nasjonale ungdomskampar, vore dommar under Norway Cup og...
Lindy Hystad Strand - Når livet må levast no 20.07.2026 45:02
I denne episoden møter du Lindi Hystad Strand – dama bak Instagram-kontoen Frisk luft og livet . Ho fortel ope og ærleg om oppvekst med dysleksi, epilepsi og Tourettes syndrom, om dårleg sjølvbilete, tics, diagnosar og vegen fram til å akseptera seg sjølv. Men dette er også ei sterk historie om kjærleik, familie og det å stå som pårørande når mannen Eivind lever med alvorleg kreft. Lindi deler om...
Bård Inge Sørfonn - om livet som brannmann, småbrukar og evig optimist 13.07.2026 36:36
I denne episoden blir du kjend med Bård Inge Sørfonn, ein engasjert fitjarbu som er brannmann, småbrukar i Fitjarøyane, lokalpolitikar, friidrettstrenar og leiar på bedehuset. Bård Inge fortel om kvardagen i brannvesenet, sterke inntrykk frå utrykkingar, skogbrannar, lagspel, lyngsviing og kvifor lokalkunnskap kan vere heilt avgjerande når alarmen går. Du får òg gode og konkrete råd om branntryggl...
Catalina S. Jimenez - om Støyperiet Pub, dugnad, fellesskap og kultursjokk 06.07.2026 48:20
Catalina S. Jimenez kom frå Gran Canaria til Husnes som niåring – lokka av forteljingar om troll og eit eksotisk Noreg. Sidan har ho vore flyvertinne, blitt lærar, bygd nettsider, redda kattar og kasta seg inn i dugnadsprosjekt som Støyperiet Pub på Husnes. I denne episoden fortel Catalina om kultursjokk, reiselyst, nettlæring, UX-design og kvifor norsk fredagstaco eigentleg burde få eit nytt nam...
Mariia Kapanzhy – om Brilleriet, sjokolade og flukta frå krigen i Ukraina 29.06.2026 54:53
Mariia Kapanzhy kom frå Odessa i Ukraina til Noreg etter at krigen braut ut. I denne episoden blir me betre kjent med historia hennar – frå eit godt liv i heimlandet, via mørke vintrar utan straum, til eit nytt liv på Stord. Maria fortel om flukta, møtet med Noreg, språket, kulturen og kvardagen som ukrainar i Sunnhordland. Ho deler òg om jobben på Brilleriet, lidenskapen for briller – og den krea...
Nils Sortland - om Sjøkart 19, MS Solbjørg og Sildajazz 22.06.2026 52:56
Nils Sortland har brukt store delar av livet på båt, musikk, mekanikk og kystkultur. I denne episoden blir me betre kjent med mannen bak MS Solbjørg og det populære musikkprosjektet Sjøkart 19. Me snakkar om oppveksten på Sortland, gamle båtar, mopedtrimming, grensevakt i sprengkulde, eit langt arbeidsliv – og ikkje minst draumen om å skapa liv på gamle kaier langs kysten. Med skøyta som scene, no...
Rask psykisk helsehjelp: Kva er det, kven er tilbodet for, og når bør du søkje hjelp? 15.06.2026 48:04
I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Teamleiar Marie Røsvik Haldorsen og kommunepsykolog Øivind Johnsen frå Rask Psykisk Helsehjelp i Bømlo kommune. Dei fortel om eit lågterskeltilbod som gir hjelp til menneske som strevar med lettare former for stress, angst, depresjon, søvnproblem, grubling og bekymringar. Kvifor slit så mange med psykisk helse i dag? Kva gjer sosiale medium med oss?...
Cecilie Tveit Mehammer - om trening, jakt, mobbing og meistring 08.06.2026 28:09
Cecilie Tveit Mehammer er glad i trening, jakt, natur og menneske. Ho er utdanna helsefagarbeidar og personleg trenar, og brenn for å hjelpa andre til å ta vare på både kropp og hovud. For henne handlar trening ikkje først og fremst om kroppsideal, sixpack eller perfekte rutinar, men om meistring, mental helse og det å finna styrke i kvardagen. I samtalen fortel Cecilie ope om mobbing i oppveksten...
Torbjørn Lodden - om politiarbeid, foreldreansvar og eit varmare lokalsamfunn 01.06.2026 47:33
Korleis er det eigentleg å vera politi i Sunnhordland? Og kva betyr det å jobba førebyggjande blant barn og ungdom? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Torbjørn Lodden, lokal politimann frå Stord, som brenn for å gjera ein positiv forskjell i nærmiljøet. Me snakkar om vegen inn i politiyrket, kvardagen som politi, sterke møte med menneske i krise – og kvifor relasjonar, tillit og føreb...
Aurora Kvilhaugsvik - om Det Gule Hus, møteplass, gjenbruk og liv i sentrum 25.05.2026 36:19
Aurora Kvilhaugsvik er klar for å opne Det Gule Hus på nytt i Leirvik sentrum. I denne episoden blir me betre kjende med ei engasjert dame som brenn for gjenbruk, gründerskap, god stemning og meir liv i sentrum. Aurora fortel om vegen frå marknadsføring og utelivsbransje til bruktbutikk, kvifor ho meiner Det Gule Hus er meir enn ein butikk, og korleis ho ønskjer å skapa ein møteplass der folk kan...
Når sekund tel: Christian André Balchen om ambulanse, fyrstehjelp og mot til å handla 18.05.2026 36:44
Christian André Balchen frå Stord er ein mann som brenn litt over snittet for fyrstehjelp, ambulanseyrket og det å stilla opp når menneske står midt i det vanskelege. Christian André har over 24 år bak seg i ambulansetenesta, og før det jobba han som sjukepleiar på sjukehus. Han tek oss med inn i ein kvardag der ingen dagar er like: brystsmerter, trafikkulukker, fødslar, sårbare samtalar og møte m...
Sigrun Alvsvåg - om å finna gullet i menneske, meistring og vågemot 11.05.2026 54:54
I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Sigrun Alvsvåg frå Bømlo – samtaleterapeut, rådgjevar og ei dame med stort hjarte for menneske, meistring og å finna gullet i kvar enkelt. Sigrun deler ope om flink-pike-strev, perfeksjonisme, indre kritikar, tru, mot og vegen vidare når livet buttar imot. Me snakkar òg om kvifor det er så viktig å søkja hjelp tidleg, forstå eigne styrkar, byggja...
Παρόμοια podcast
Το Replaio δεν είναι εκδότης podcast - τα ονόματα των εκπομπών, τα εξώφυλλα και ο ήχος ανήκουν στους δημιουργούς τους και διανέμονται μέσω δημόσιων ροών RSS