Kristian Hus

Skimtvis

Society NN ↓ 23 Folgen

Kristian Hus snakkar med folk i Kvinnherad og Sunnhordland som har noko å fortelja. På nettstaden Skimtvis.no finn du fleire lokale saker og intervju.

Autor

Kristian Hus

Kategorie

Society

Podcast-Website

skimtvis.no

Neueste Folge

29. Nov 2024

Wo hören?

Podcasts in der App Replaio Radio Bald verfügbar

Podcasts kommen bald in die App. Installiere sie jetzt und erlebe als Erster einen ganz neuen Blick auf Podcasts

Bei Google Play herunterladen Kostenlos installieren Android 5 Mio.+ Downloads · Bewertung 4,8 iOS bald

Folgen

Hans Gertz: Pensjonist med munnspel 29.11.2024

Pensjonist med munnspel Hans Gertz vart fødd i Aust-Tyskland i 1940, men kom seg ut av det kommuniststyrde landet i lag med mor si og to søstre etter krigen. Dei kom seg etter kvart til Bergen, der mora var frå. Her levde den unge guten til han var 16 år. Då fekk han seg læreplass hjå ein urmakar i Årdal i Sogn. Han gjekk på fagskule i Oslo og der fekk han både sveinebrev og meisterbrev i faget. D...

Lars Jostein Rørvik: Spelemann og bokskrivar 28.06.2022

Lars Jostein Rørvik var knappe 18 år gammal då han i 1966 fekk tilbod om å bli vokalist i dansebandet The Tempers . Seinare har han stått på ulike scenar og sunge i fleire band i over femti år. Ei oppteljing viser at han frå 1979 og utover hadde kring 300 speleoppdrag rundt om i heile distriktet, kven som engasjerte dei og kor mykje dei tente på kvar jobb. Første speleoppdraget var på ein romjulsd...

Frode Sæbø: Dyrevernnemnda tok sauene på Aske 29.04.2022

Frode Sæbø var blant mannskapet på fiskeskøyta «Fjelldur», som i 1972 hadde fått oppdraget med å reisa til eit småbruk på Borgundøy i Fjelberg for å henta sauene til Tjerand Aske – med tvang. Oppdragsgjevar var dyrevernnemnda i Kvinnherad kommune. Frode var på fiske og minnest enno det uvanlege ærendet han og nokre andre ungdommar frå Halsnøy var med på. Dei fiska godt det året, kan Frode hugsa. M...

Per Arne Fjelberg: Tjerand var stor og sterk, men sjenert og folkesky 22.04.2022

Han var stor og sterk, men stillfarande, og kanskje endåtil litt sjenert og folkesky. Slik hugsar Per Arne Fjelberg frå Halsnøy småbrukaren og fiskaren Tjerand Aske. Han må ha slite noko forferdeleg for å halda liv i seg og dyra, legg halsnøybuen til når han fortel. Per Arne minnest enno godt synet av Tjerand, som rodde rundt i distriktet for å kjøpa fôr til sauene sine. Spesielt hugsar han ei hen...

Per Flatebø: Køyle-Peren reflekterer over livet sitt 05.11.2021

Ikkje er han døypt, ikkje er han konfirmert og ikkje trur han på nokon gud heller, snart 92 år gamle Per Flatebø i Mauranger. Derimot er han politisk overtydd; han røystar på partiet Raudt og vil gjera det neste gong òg, om han lever. Han har meir tru på dei raude enn på nokon andre. Alkohol bryr han seg heller ikkje noko om lenger. Vi besøkjer Køyle-Peren heime i Nordrepollen, eit ca 10 måls lite...

Johannes Bondhus: Minnest raset i Mauranger i 1970 16.10.2020

Fredag 9. januar 2020 var det femti år sidan den tragiske rasulukka i Mauranger, der sju menneske omkom, fire av dei frå Kvinnherad. Hendinga sette varige spor, særleg i familiane som miste ein av sine, den yngste var knapt 18 år då raset tok han. Dagen blir hugsa som ein svært trist og vond dag for alle i det vesle bygdesamfunnet. Verst var det sjølvsagt for dei pårørande, men både arbeidskamerat...

Jarle Fossheim: Var med og henta vanstelte sauer på Aske 11.12.2019

Jarle Fossheim frå Seimsfoss var i 1972 med og henta om lag 80 sauer frå ein avsidesliggjande gard på Borgundøy i Fjelberg – med makt. Dyrevernnemnda i Kvinnherad hadde fått melding om vanrøkt og rykte ut ilag med ein lensmannsbetjent for å ta hand om alle dyra. Mange av dei var i elendig forfatning, og trong fôrast opp på ein annan stad viss dei skulle overleva. Jarle var berre 17 år den gongen o...

Terje Fjellhaugen: – Hugsar godt siste gongen eg snakka med Tjerand 17.12.2018

– Eg bur i ei pappøskje, men har det bra! Det fortalte Tjerand Aske til venen Terje Fjellhaugen i Matre, då han var ein snartur heimom frå Oslo tidleg på 1970-talet. Året før hadde Tjerand vore på anleggsarbeid i SKL nokre månader, men var blitt oppsagt om hausten ilag med seks andre mellombels tilsette. Bakgrunnen for oppseiinga var at det var for kaldt til å driva med støyping, vinteren var på v...

Torleiv Sydnes: Tjerand levde eit villmannsliv, men var ingen villmann 06.12.2018

Tjerand Aske levde på mange måtar eit villmannsliv, men var på ingen måte ein villmann, slik vi tolkar ordet. Det fortel Torleiv Sydnes frå Halsnøy i dette intervjuet. Den tidlegare bonden og journalisten har berre gode minne etter den særeigne småbrukaren frå Borgundøy, som mange i lokalmiljøet hadde sine eigne meiningar om.  Blant folk flest blei nok Tjerand kanskje sett på som ein liten vi...

Bjarne Kaldestad: Sprek 94-åring på Kaldestad 06.05.2018

– Vi har hatt eit godt liv, og er glade for at vi får vera to ilag i siste del av livet vårt, seier Bjarne Kaldestad (94) ettertenksamt. Kva som kjem etterpå, når det ein gong er slutt her på jorda, går han ikkje rundt og tenkjer på til dagleg. Men han filosoferer likevel av og til over liv og død og kva som er meininga med livet. Han er sikker på at når den siste stunda kjem, er det slutt for god...

Aslaug Eik: Ser positivt på livet 17.01.2018

– Livet har fare fint med meg, trass i nokre sjukdomstilfelle, så eg gler meg kvar dag over at eg har det så godt no i alderdomen. Det seier Aslaug Eik, tidlegare lærar og bondekone i Omvikdalen. Til sommaren blir ho 92 år. Ho tykkjer det gjev ein ekstra bonus når ho stundom blir spurt om å skriva litt for andre, eit dikt eller ein prolog, det gjev henne ei kjensle av å vera eit levande menneske,...

Håkon Røssland: Har vore døden nær to gonger 07.07.2017

Håkon Røssland frå Husnes har vore døden nær to gonger i livet sitt, og det er nesten utruleg at han overlevde den siste gongen – i september 2016 – då han fekk hjarteinfarkt med påfølgjande hjartestans i tjue minuttar. Men allereie tre dagar etter fødselen i 1948, heldt han på å dø. Den vesle guten hadde fått skarlagensfeber med 42°C i feber og ingen trudde at han kom til å overleva. Difor vart d...

Ovidia Jaastad: Ein ekte kvinnhering i Hardanger 04.06.2017

Ovidia Jaastad (101 år) har budd i Hardanger sidan før siste verdskrigen. Likevel er ho kry over at ho framleis kjenner seg som ein ekte kvinnhering. Vi har møtt henne på Utneheimen, der ho har budd dei siste fem åra. Her har ho det trygt og godt på alle måtar; får godt stell av kjekke og flinke pleiarar og middagsmat frå eige kjøken kvar dag. – Ein kan ikkje betre ha det når ein er så gammal, sei...

Kasper Hjelmeland: Klar for siste reis 29.05.2017

– Det er eit einsamt liv å vera åleine når du er gammal, så eg vil helst flytta herifrå no, seier snart 99 år gamle Kasper Hjelmeland i Omvikdalen. Men då tenkjer han ikkje først og fremst på at det minkar på tida hans her på jorda, men at han får seg ein plass ved Ølve alderspensjonat om ikkje så lenge. Om han får leva ei stund til, er det dit han vil. Det er eit førsteklasses hotell i hans auge....

Trygve Haugland: 89 år – men kjenner seg ikkje gammal 16.05.2017

Trygve Haugland i Uskedalen nærmar seg 89 år, men seier som Kong Harald; det er berre eit tal. Han kjenner seg ikkje gammal på noko vis. Einaste plage han har, er at føtene ikkje alltid er som dei skal. Bortsett frå det fungerer både hovud og syn så bra at han framleis kan køyra på tur i bubil med kona si. Dei to overtok garden på Haugland i 1960 og dreiv han i 32 år. Garden har vore i same slekta...

Johannes Johnsen: Godt å bu heime i lag med kona 28.04.2017

Johannes Johnsen på Sæbøvik er glad for å kunna bu heime ilag med kona si, Kristine, så lenge han kan. Når dei er to, held dei også liv i kvarandre, seier mannen som no nærmar seg 92 år. Eit liv på Halsnøytunet, der mange berre sit og stirer inn i veggene, ser Johannes absolutt ikkje for seg. Han trur det blir alt for passivt for ein som har arbeidd og slite gjennom eit langt liv. Johannes og kona...

Trygve W. Eikeland: Trivest i eigen heim på Sunde 13.04.2017

– Så sant du slepp unna alvorlege sjukdomar og får behalda ei nokolunde tilfredsstillande helse, er det ikkje så ille å bli gammal. Det seier snart 97 år gamle Trygve W. Eikeland på Sunde. At høyrsel og syn er vorte litt dårlegare med åra, plagar han ikkje så mykje. Verre er det at han på grunn av ein dårleg rygg ikkje får stelt eigedomen sin lenger slik han ønskjer – før han fer herifrå. Dessutan...

Arnfinn Ølfarnes: Bonde, sjømann og innkjøpssjef 31.03.2017

Arnfinn Ølfarnes frå Utåker kan sjå attende på eit rikt liv, både som sjømann, innkjøpssjef og bonde. I leiligheten sin i Panorama Senter på Husnes, der han har god utsikt til aluminiumverket, reflekterer han no mest over det som har vore, og mindre over det som skal koma; slutten på livet. – Eg er nøgd med livet eg har levd, og gler meg over å ha fått vore med og skapt noko her i Kvinnherad,...

Klara Døssland: Heimebuande og sprek 100-åring 20.03.2017

Klara Døssland likar seg godt heime på garden sin langt oppe i Uskedalen, og vil bu her så lenge ho kan. Ein plass på aldersheimen, slik fastlegen har tilbydd henne, ser ho i alle fall ikkje for seg. – Han er ein kjekk kar, legen min, men eg måtte seia klart ifrå om at han ikkje måtte nemna det for meg fleire gonger, seier Klara i dette lyd-intervjuet. Med god hjelp av ei heimebuande dotter finst...

Aslaug Torget Sjo: Rodde for livet då fyret blei bomba 05.03.2017

Då engelske fly gjekk til åtak på Slåtterøy fyr utanfor Brandasund i Fitjarøyane, der eit tjuetals tyskarar var stasjonerte under andre verdskrigen, måtte den då 5 – 6 år gamle Aslaug Torget, ei mindre syster og mora deira ro alt dei kunne for å unngå å koma i skotlina. Alt medan dei såg og høyrde lyden frå bombeflya, kom dei seg inn i ei bergkluft og gøymde seg. Der låg dei til det stilna av. Sei...

Karoline Røssland: Eit langt liv på Kaldestad 27.01.2017

Karoline Røssland (snart 91) voks opp i små kår på ein liten gard på Bømlo i førkrigstida ilag med foreldre og sju søsken. Det var smått med pengar og faren var mykje ute på arbeid, slik mange andre måtte på den tida. Dermed blei det mora og ungane som tok seg av det meste heime, både ute og inne. Men Karoline minnest likevel barne- og ungdomstida som ei god tid i livet sitt. – Eg kan ikkje hugsa...

Birgit Boland: Eit langt og allsidig liv 30.07.2015

Birgit Boland på Hatlestrand nærmar seg 96 år, og er det næraste vi kjem eit levande leksikon. I dette lyd-intervjuet fortel ho om korleis det var å veksa opp i Osa i Hardanger, som einaste barn i familien. Mora fødde i alt sju born, men seks av dei døydde etter berre nokre få dagar. – Det var ein tragedie, kan du vita, seier Birgit i intervjuet. Likevel snakka mor hennar aldri om at ho hadde mist...

Bernt Kaldestad: Om livet på brislingfiske, og som pensjonist 11.06.2015

Sommaren 1939, før Bernt Kaldestad hadde fylt 18 år, fekk han jobb som kokk på ein fiskebåt, der han laga mat til tolv mann. Båten dreiv med brislingfiske i fjordane rundt om i Sunnhordland og Hardanger. I dette lydintervjuet fortel den no 93 år gamle Kaldestad om tida som kokk om bord. Han må ha greidd seg bra, etter det vi kan forstå, for han høyrde aldri nokon som klaga. Bernt Kaldestad er ein...

Höre den Podcast Skimtvis in Replaio

Radio und Podcasts in einer App - kostenlos und ohne Anmeldung. Installiere sie noch heute und verpasse den Start nicht

Bei Google Play herunterladen

Replaio ist kein Herausgeber von Podcasts; die Namen der Sendungen, Cover und Audioinhalte gehören ihren Autoren und werden über öffentliche RSS-Feeds verbreitet