Møre og Romsdal fylkeskommune
Frampå - podcast frå Møre og Romsdal fylkeskommune
Kva betyr fylkeskommunen for deg? Kva gjer eigentleg ein fylkeskommune? I podkasten Frampå skal vi snakke om det som skjer i fylkeskommunen, om rollen vår som regional utviklar og som ein del av demokratiet - og om dei mange ulike oppgåvene i samspelet med kommunar, næringsliv og organisasjonar. Frampå er Møre og Romsdal fylkeskommune sin eigen podkast. Kvar månad vil du få nye episodar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Autor
Møre og Romsdal fylkeskommune
Kategorie
Podcast-Website
Neueste Folge
6. Mai 2024
Wo hören?
Podcasts in der App Replaio Radio Bald verfügbarPodcasts kommen bald in die App. Installiere sie jetzt und erlebe als Erster einen ganz neuen Blick auf Podcasts
Folgen
Kraftkrise i fylket - hindrar utviklinga i næringslivet 06.05.2024 29:40
NHO-direktør i Møre og Romsdal, Lene Trude Solheim, meiner kraftsituasjonen i fylket er med på å bremse utviklinga for næringslivet. – Vi står i fare for å miste nyetableringar og utviding av eksisterande verksemder. Det er selskap i dag som ikkje får begynne på utbyggingar fordi det ikkje er nok tilgang på kraft, seier Solheim i podkasten Frampå. Administrerande direktør Erik Espeseth i Tafjord K...
Kraftkrise i fylket – vi må ha meir straum 22.02.2024 29:48
Det er underskot på kraft i Møre og Romsdal, og vi produserer berre halvparten av det vi bruker. I den nye podkast-episoden får vi hjelp av to ekspertar på energi til å forklare krisa. – Den store utfordringa framover blir korleis vi skal få tak i meir kraft, seier Bengt Endreseth leiar av seksjon for energi og grøn omstilling i Møre og Romsdal fylkeskommune. Saman med sivilingeniør Tore Tomasgard...
Den nye fylkesordføraren: – Det vart eit maraton hekkeløp 27.10.2023 35:23
Møt Anders Riise - den nye fylkesordføraren i Møre og Romsdal. I podkasten fortel han om kva han vil utrette i rolla, om kva moglegheiter han ser for Møre og Romsdal og kvar fylket er om fire år. Vi år også høyre om kva forventningar ei rekke politikarkollegaar har til den nye fylkesordføraren. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Kampen om veljarane 01.09.2023 1:09:55
Kva meiner ungdomspolitikarane om fråversgrensa og om kollektivtransport? Her kan du høyre den siste av to skolevaldebattar på Romsdal vgs torsdag 31. august – halvanna veke før kommune- og fylkestingsvalet. Ungdomspolitikarane som deltok, var AUF: Petra Brinch FpU: Lars Andreas Scheide Vartdal Grøn ungdom: Steinar Ørstenvik KrFU: Dorte Klokk Raud Ungdom: Ahmed Al-Saedi Senterungdomen: Dordi Boksa...
Den store samfunnsutfordringa - episode 3: Kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken 15.06.2023 21:55
Kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken meiner vi må gjere nokre veivalg: - Dersom vi skal gjere nye ting, dimensjonere nye tilbod, starte nye utdanningar, så er det noko vi må slutte å gjere, fordi vi blir færre. Det er det store utfordringsbildet; at vi skal tørre å slutte med noko for å satse på det nye, sier Brekken. I den tredje episoden i serien 'Den store samfunnsutfordringa' vurderer k...
Den store samfunnsutfordring - episode 2: Fylkesplansjef Ingunn Bækken Sjåholm 15.06.2023 21:15
Fylkesplansjef Ingunn Bækken Sjåholm forstår at folk vil halde fast i håpet om vekst. - Men, seier ho: - Vi må legge realistiske tal til grunn når vi skal planlegge både samfunnsutvikling og tenestetilbodet. I den andre episoden i serien 'Den store samfunnsutfordringa' fortel fylkesplansjefen om utfordringane i åra framover, slik ho ser det. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more informat...
Den store samfunnsutfordringa - episode 1: Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak 15.06.2023 23:17
Dei neste åra må vi løyse ei stor utfordring, ved sidan av klima og miljø: Det blir færre menneske i yrkesaktiv alder, og vi vil i Møre og Romsdal oppleve store rekrutteringsutfordringar. Først ut i serien er fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak. Ho har ei tydeleg problemstilling: - Korleis kan vi få løyst oppgåvene vi har i dag med færre folk? Hosted on Acast. See acast.com/privacy fo...
Russ 2023 - trygt og inkluderande? 20.04.2023 40:49
Ifølge SLT-koordinator Minda Myklebust i Ålesund kommune var ein russerebus i fjor «noko av det verste du kan tenke deg, gangar ti». Men ho trur at vi allereie i år får sjå resultat av pilotprosjektet som kom i gang for å gjere russefeiringa tryggare og meir inkluderande. Ho får støtte av både russeleiarar i dei tre byane og kompetansesjefen i Møre og Romsdal fylkeskommune. Deltakarar i podkasten:...
Kva skal dei velje? 21.02.2023 38:36
1. mars skal rundt 3.000 10. klassingar i fylket velje vidaregåande utdanning. Men kva skal dei velje? Kva er riktig? Kva treng næringslivet? Og går det an å velje feil? Vi snakkar med kompetansesjef Kariann D. Flovikholm, fylkesdirektør i NAV Stein Veland, næringssjef Hilde Aspås og leiaren av ungdomsrådet Niels Lenders. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Her er den nye toppsjefen i fylket 14.12.2022 37:58
Den nye fylkeskommunedirektøren Toril Hovdenak vil ha med heile organisasjonen i jobben med å utvikle fylket til ein enda betre plass å bu og å drive verksemd i. - Eg er ikkje så veldig opptatt av at eg skal sette mitt «stempel». Eg skal skape handlingsrom for at dei som ønsker, kan og vil utvikle fylket skal gjere det saman. Eg er ikkje så opptatt av at mitt fingeravtrykk skal vere så synleg, sei...
Fri og villig? 07.12.2022 39:46
Når det står om liv, stiller dei frivillige opp. Alltid. Slik dei også gjorde under den store redningsaksjonen då cruiseskipet Viking Sky fekk motorhavari på Hustadvika i mars 2019. 1.373 personar i nød. Og som eit mirakel var det ingen som omkom. Men har dei frivillige fått ei altfor tung bør på skuldrane? Kvilar storsamfunnet for mykje på dei frivillige si innsats? Podkasten er ein samtale under...
Hemningslaus russefeiring - kven bryr seg? 05.10.2022 51:54
Seksuelle overgrep, rus, fråvær, ekskludering og gjeld. - Foreldre; wake up! seier politiet i denne podkasten. - Eg er overraska over at 18-åringar synest at dette er gøy, seier ein russ om russerebusen. - Dette må skje i tett kontakt med ungdomane sjølv, seier kompetansesjefen om å endre russefeiringa. Dei som er med: Helsesjukepleiar Maja Aurstad Miljørådgivar Kjetil Kirkevåg ved Romsdal v...
I mål med Nordøyvegen 01.09.2022 15:46
Vi har møtt prosjektleiar Marianne Nærø: Kva gjer Nordøyvegen så spektakulær? Kva for samfunnsmessig betydning har Nordøyvegen? Korleis er det å vere så populær på Nordøyane som det Marianne Nærø er? Og ho gir oss svaret: Korleis levere eit gigantprosjekt på rett tid, kvalitet og godt innafor kostnadsramma? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Snart får du første episode 23.08.2022 0:37
Kva gjer eigentleg ein fylkeskommune? I podkasten Frampå skal vi snakke om det som skjer i fylkeskommunen, om rollen vår som regional utviklar og som ein del av demokratiet - og om dei mange ulike oppgåvene i samspelet med kommunar, næringsliv og organisasjonar. Frampå er Møre og Romsdal fylkeskommune sin eigen podkast. Kvar månad vil du få nye episodar. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for...
Replaio ist kein Herausgeber von Podcasts; die Namen der Sendungen, Cover und Audioinhalte gehören ihren Autoren und werden über öffentliche RSS-Feeds verbreitet