Jens Thoresen
Bibelpoden
Her finn du bibelrefleksjonar, talar og betraktningar.
Besuch unbedingt die Website des Podcasts und unterstütze die Macher: www.kristkyrkja.no
Autor
Jens Thoresen
Kategorie
Podcast-Website
Neueste Folge
29. Sep 2026
Wo hören?
Podcasts in der App Replaio Radio Bald verfügbarPodcasts kommen bald in die App. Installiere sie jetzt und erlebe als Erster einen ganz neuen Blick auf Podcasts
Folgen
Eg frydar meg over dine bod 13.02.2023 4:46
Guds lover reflekterer Guds kjærlege vesen, difor vil alle som elskar Gud ut frå hans vesen, også elska lovene hans.
Salme 119,46 12.02.2023 5:30
Mektige kvinner og menn har like stort behov for frelse som alle andre, og Gud har sin eigen plan for korleis han skal nå dei.
Før meg ut i ope landskap 09.02.2023 8:46
Guds lover er gode, og nøye tilpassa menneskelivet. Dersom me følgjer dei, blir me lukkelege. Lever me i konflikt med dei, blir me like sikkert ulukkelege menneske.
Herre, lat di miskunn koma til meg 03.02.2023 10:30
Når Bibelen snakkar om frelse, snakkar han ikkje berre om tilgjeving for synd, men også om berging frå alle dei vonde konsekvensane som kjem av synda, inkludert spott frå andre menneske.
Bryllaupet i Kana 29.01.2023 25:10
Jesus er forvandlingens meister. Han kan forvandla vatn til vin, men enno betre: han kan forvandla folk, og alltid til noko betre.
Gud er kjærleik 22.01.2023 39:52
Gud demonstrerte sin kjærleik mot oss ved at Kristus døydde for oss medan me enno var syndarar. I Kristus har me samfunn med Gud og tilgang til hans trune.
Gje meg liv i di rettferd 22.01.2023 10:50
Når me bøyer oss for Guds lover, og sannar syndene våre, då er det liv og frelse å henta hos Gud.
Bøy hjarta mitt mot dine lovbod 18.01.2023 7:55
Me menneske har ein dragning mot det som kan gje oss ei forteneste. Men slikt kan ikkje få styra livet til ein kristen.
Håpets Gud 08.01.2023 40:12
Vårt håp som kristne er 100% knytta opp til den oppstandne Jesus Kristus. Ja, det står rett ut at Kristus er vårt håp, og fordi han det er 100% sikkert at han lever, er vårt håp også 100% sikkert.
Du har gjort hjarta mitt stort 06.01.2023 6:11
Det hender me møter kristne som er varmare og har ein større iver enn andre. Det er forfriskande og fornyande. Det handlar denne refleksjonen om. I bønnedelen møter du dei marokkanske arabarane i Marokko.
Reis meg opp, slik du har sagt 05.01.2023 10:20
Mykjer av det eg las i dette avsnittet førte tankane mine til historia om Jesu liding, død og oppstode.
Eg frydar meg over dine lovbod 04.01.2023 12:26
Når me hevdar Guds lover, blir me eit problem for folk, og me får problem med folk. Då er det viktig å kvila i Guds ord og ha fokus retta mot Jesus.
Eg er ein framand på jorda 30.12.2022 9:39
I dagens podkast kan du høyra om kor avhengig me er av at Gud opnar Skriftene for oss, anten det er rett forståing av Guds lover eller hans løfter. Så ber me for fulanifolket i Nigeria, eit frontierfolk som er heilt avhengig av ekstern misjon for å bli frelst.
Guds ord til alle på alle språk 29.12.2022 14:16
Først ser me på kjernebodskapen i Johannes 1,1-14, så ber me for alle som overset Bibelen til nye språk slik at dei kan bli kjent med Jesus og begynna å tru på han, verdas frelsar.
Velg det gode 23.12.2022 14:20
I denne episoden reflekterer eg over Salme 119,15-17, og leider i bøn for Zambia
Guds ord har større verdi enn all rikdom 21.12.2022 13:22
Guds ord har verdi på fleire måtar. Det fører oss til Gud, var skapar og Far, som er opphav til all rikdom, det kommuniserer Guds vilje til oss og dersom folk flest respekterer Guds lover, om enn berre i det ytre, sparar samfunnet enorme verdiar. I dag ber me for Jemen, det krigstrøytte landet sørvest på Den arabiske halvøya.
Korleis halda stien sin rein? 19.12.2022 11:04
Å halda stien sin rein er å leva slik at ein alltid har det rett med Gud og sin neste, at ein lever som eit ærleg og rettsindig menneske. Det kan me ikkje gjera utan å kjenna Guds ord og ha Den Heilage Ande.
Gjer mine steg faste 16.12.2022 14:25
I denne episoden går eg gjennom fem vers frå Salme 119 som handlar om å vera heilhjarta og ærleg i all si ferd, og at Guds gode bodord er perfekt tilpassa menneskelivet slik det eigentleg er. Å følgja dei gjev stor gevinst. Så innheld episoden bøn for dei arabisktalande arabarane i Algerie, det stakkars landet Venezuela og ein forfølgd baptistleiar i Myanmar som heiter dr. Samson.
Sæl er den som er heil i si ferd 14.12.2022 7:07
Å vera sæl betyr å vera lukkeleg samstundes som du er frelst.
Salme 118,25-29. Bøn for Uruguay og for jødane i landet 12.12.2022 12:03
Dei versa eg reflekterer over i denne episoden avsluttar Salme 118, og med det den såkalla "Lovsongen" (Salme 113-118) som jødane song i samband med feiringa av påskemåltidet. Denne må Jesus ha sunge før han gjekk ut i natta for å møta bødlane sine. Han song: "Gje frelse, Herre, lat det lukkast!" Og så gjekk han ut og fullførte frelse for alle.
Kva Abraham høyrde, trudde og gjorde 11.12.2022 23:54
Kristendomen starta med Abraham. Dersom me trur som den truande Abraham, er me kristne. Det les me ut av Galaterbrevet. Heilt frå starten har den kristne trua våre ei global rørsle. Gjennom Abraham og hans etterkomarar ville Gud velsigna alle verdas folkeslag. Det har skjedd, men målet er enno ikkje nådd fullt ut. Å vera kristen er å vera ein globalist fordi den Gud som bur i oss er nettopp det. O...
Eg skal leva og fortelja om Herrens gjerningar 08.12.2022 16:20
Hensikten med Guds frelse er ikkje berre å få oss inn på trygg grunn, men også det å gje oss ein bodskap å gå til verda med.
Salme 118,15-16 06.12.2022 8:33
Det er i den lokale kyrkjelyden at Herrens hand er synleg.
Midt i krigen 30.11.2022 6:57
Denne episoden handlar om kampen me kristne står i, og så kan du vera med i ei bøn for aringafolket i Uganda
"Herre, hjelp!" Verdas mest effektive bøn. 28.11.2022 15:24
I tillegg ber me i dag for alle turkmenarar i Turkmenistan og andre stader i verda, og for indiske kristne som stadig er utsette for innskrenkingar i trusfridomen.
Ähnliche Podcasts
Replaio ist kein Herausgeber von Podcasts; die Namen der Sendungen, Cover und Audioinhalte gehören ihren Autoren und werden über öffentliche RSS-Feeds verbreitet