Jens Thoresen

Bibelpoden

Her finn du bibelrefleksjonar, talar og betraktningar.

Besuch unbedingt die Website des Podcasts und unterstütze die Macher: www.kristkyrkja.no

Autor

Jens Thoresen

Kategorie

Religion

Podcast-Website

www.kristkyrkja.no

Neueste Folge

29. Sep 2026

Wo hören?

Podcasts in der App Replaio Radio Bald verfügbar

Podcasts kommen bald in die App. Installiere sie jetzt und erlebe als Erster einen ganz neuen Blick auf Podcasts

Bei Google Play herunterladen Kostenlos installieren Android fast 10 Mio. Downloads · Bewertung 4,8 iOS bald

Folgen

Kva var det nye som Kristus kom med? 19.06.2023

Tale over Jesaja 43,18-21 der Herren lovar Israel å gjera noko nytt. Kva var dette nye? Den Heilage Andens kraftfulle nærvær i alle Jesustruande menneske, og så lenge me drikk av denne velsigninga, vil nytt liv bli skapt rundt oss. Folk blir dregne til Gud, tilgjevne, atterfødde og fylte av Anden, og så skjer det nye igjen med nye folk.

Di lov gjer meg visare enn mine fiendar 16.06.2023

Den som forkynner Guds lov og vilje må rekna med stor motstand i ei fallen verd. Det er ikkje minst aktuelt på ei tid som dette.

Kort pinsebodskap 28.05.2023

I denne vesle refleksjonen legg eg vekt på dette med tilgjengelegheit. At evangeliet om Jesus etter første pinsedag er blitt gjort tilgjengeleg for alle jordas folk, og at alle kristne har fått tilkgang til Guds kraft.

Salme 119,89-91. Herrens ord står fast i himmelen 24.05.2023

Me lever i ei tid då ting endrar seg fort på mange områder. Det er lett å bli svimmel. Men Guds ord står fast, og alle som står fast i Guds ord, står også fast.

Tale 21.mai av pastor Jens Thoresen 24.05.2023

Å vera kristen er å elska og tilbe Jesus, ikkje å oppføra seg fint og kunna uttrykka kristne meiningar

Pålitelege er alle dine bod 20.05.2023

Offensive og frimodige kristne får mange motstandarar, særleg dersom dei hevdar at Guds lover faktisk er gyldige for alle mennesker. Slikt kan resultera i ulike grader av forfølging. Det skaper bekymringa for korleis framtida vil bli. Men Gud ber oss om å ta ein dag om gongen.

Noreg, Gud og kristendomen 17.05.2023

Her får du vita kvifor demokrati berre fungerer i nasjonar som er bygd opp på kristne verdiar, og der Gud vert teken på alvor.

Jesu likning om farisearen og tollaren 14.05.2023

Dersom me nedvurderer våre medmenneske er det eit symptom på at Gud ikkje bur i oss, eller at han er på veg ut av liva våre. Gud nedvurderer ingen, men bøyer seg ned for å løfta opp alle som ligg nede.

"Eg tærest bort av lengsel etter di frelse!" 05.05.2023

Guds frelse kjem med Guds ord. Når Gud talar, kjenner me oss adresserte, og lyder me hans ord, blir me frelste, om det er frå synd eller ut av ein eller annan vanskeleg situasjon

Lær meg å halda boda dine av eit heilt hjarta 29.04.2023

Å halda Guds bod av plikt har sin verdi. Men berre når me held dei av hjarta, vil folk sjå Gud i oss.

Lat din kjærleik koma til meg, så eg kan leva 27.04.2023

Gud fører oss ut i vanskelege ting for å utdanna oss til sjelesørgarar.

"Den gode del", tale i Kristkyrkja 23.april av pastor Jens Thoresen 23.04.2023

Å lytta til Jesus Kristus er det einaste som strengt tatt er naudsynt her i verda, og definert av Jesus som "den gode del" i livet.

Lat di miskunn vera mi trøyst 18.04.2023

Når me speglar liva våre i Guds lov, blir me audmjuke. Då er me komne i posisjon til å ta imot nåde.

Han som bar Kristi kross 07.04.2023

Simon frå Kyrene visste det ikkje då, men han skjøna det sidan at å få bera Kristi kross var ei stor ære. Men viktigare enn at han bar krossen for Jesus, var det at Jesus bar syndene hans, og dine og mine.

Guds lover er meir verdfulle enn gull og sølv 27.03.2023

Guds lover er meir verdfulle enn all verdas rikdom. Hadde alle respekterte desse lovene, ville det ha vore meir enn nok sølv og gull til alle.

Det var godt at du audmjuka meg 23.03.2023

Salmisten hadde vorte utsett for falske skuldingar. Det gjorde vondt. Han vart audmjuka. Då var Herren hos han med sin nåde.

Herre, eg løftar mi sjel opp til deg 19.03.2023

Desse versa i salme 25 femner store deler av kristenlivet. Det vil du få eit inntrykk av gjennom denne talen.

Kvifor er det så viktig å vera audmjuk? 17.03.2023

Når Gud audmjukar oss, gjev han oss sunn og sann sjølvinnsikt. Berre når me er sanne med oss sjølve, er me mottakelege for Guds nåde. 

Herre, jorda er full av di miskunn 11.03.2023

Guds miskunn blir formidla til verda gjennom Guds kyrkje

Midt på natta står eg opp og prisar deg 07.03.2023

Lovlause manglar ikkje lover, dei har berre erstatta Guds lover med sine eigne

Ver meg nådig, slik du har sagt 06.03.2023

Salmisten ber om Guds velvilje. Det er eit anna uttrykk for Guds nåde. Han har vike av frå Guds veg, og når han ser det, regulerer han straks livet sitt slik at alt blir rett og sant. Slik er han eit førebilete for oss alle.

Herren er min arvedel 04.03.2023

Alle som trur på Jesus er Guds barn og Kristi medarvingar til det evige riket. Men den store arven, Herren sjølv, får me når me kjem til tru. 

Fred frå Gud 26.02.2023

Gud vil at du skal ha ein djup fred i han. Då må du først ha fred med han, vera ein sann kristen, eit Guds barn. Då blir du eit Kristi vitne, og når du vitnar om Jesus, vekker du motkrefter. Men har du fred med Gud og Guds fred i hjarta, då blir du uovervinneleg i den kampen du kjempar for å fri dine medmenneske ut av djevelens makt. 

Dine føreskrifter er mine songar 24.02.2023

Salmisten opplever at folk hånar han fordi han hevdar at Guds ord er sant og gyldig for alle menneske. Men han vik ikkje av likevel. Han går ikkje på kompromiss. Og Herren trøystar han gjennom sitt ord, og fyller han med sang.

Ditt ord held meg i live 20.02.2023

Det hender at Gud talar veldig spesielt til kvar enkelt av oss, og gjev oss ord som er veldig personlege. Det skaper tru, glede og oppdrift. 

Höre den Podcast Bibelpoden in Replaio

Radio und Podcasts in einer App - kostenlos und ohne Anmeldung. Installiere sie noch heute und verpasse den Start nicht

Bei Google Play herunterladen

Replaio ist kein Herausgeber von Podcasts; die Namen der Sendungen, Cover und Audioinhalte gehören ihren Autoren und werden über öffentliche RSS-Feeds verbreitet