Jens Thoresen
Bibelpoden
Her finn du bibelrefleksjonar, talar og betraktningar.
Autor
Jens Thoresen
Kategorie
Podcast-Website
Neueste Folge
14. Jun 2026
Wo hören?
Podcasts in der App Replaio Radio Bald verfügbarPodcasts kommen bald in die App. Installiere sie jetzt und erlebe als Erster einen ganz neuen Blick auf Podcasts
Folgen
Tale 14. juni. Salme 37,3-6 14.06.2026 24:29
Å vera kristen er å tru på Jesus og gjera godt mot andre. Å tru er å overgje heile livet til Jesus. Då kjem den kristne gleda inn i hjarta, og blir der som ei grunnstemning.
Tale 31. mai. Rom. 12,9-11 31.05.2026 16:52
Ekte kjærleik er når du hjelper folk utan å forventa noko tilbake. Denne kjærleiken får me hos Jesus. Han er vår varmekjelde, og held oss brennande i ånda.
Pinse og misjon. Tale av pastor Jens Thoresen 26.05.2026 19:47
Pinse og påske heng saman. Likeeins pinsedag og misjonsbefalinga som vart gjeven Kristi himmelfarts dag. Alt handlar om å bringa bodskapen om Guds frelse i Jesus Kristus ut til alle folkeslag.
Bekjennaren Tomas 17.05.2026 32:04
Tomas er blitt kalla tvilaren. Men få har tvilt så kort tid som Tomas, berre ei veke. Det er uvanleg kort tid. Etter eit møte med Jesus, var han fast i trua og reiste til India og grunnla Guds kyrkje i det som i dag er verdas mest folkerike land.
17.mai 2026. Pastor Jens Thoresen 17.05.2026 30:41
Å ha eit statsborgarskap i Noreg er ein stor rikdom som mange av oss ikkje tenkjer over til dagleg at me har. Men flyktningar utan opphaldsløyve veit alt om kor stor denne verdien er. I våre dagar er det krefter som vil frårøva det jødiske folket alle borgarrettar i Israel, og antisemittismen aukar i Europa. Men frelseshistorisk er jødane Guds nøkkelfolk, og me tilber alle kongen over jødane. Men...
Tale 10.mai. Pastor Jens Thoresen. 11.05.2026 6:50
Denne talen handlar om at Gud fullfører dei prosjekta han startar på, og han gjer alt skikkeleg.
Romarbrevet 7,12-25 30.04.2026 5:59
I eit kristent menneske rasar det ein konflikt mellom det Gud i oss vil sjå verkeleggjort, og dei interessene som vårt gamle menneske hevdar. Denne konflikten varer til me er heime hos Gud.
Romarbrevet 7,7-11 30.04.2026 6:12
Guds lov i Bibelen er definerande for kva som er rett og galt her i verda, og kan difor ikkje dømast av nokon
Shervin Ebrahimian: Åndens frukt 30.03.2026 40:06
Hva Bibelen lærer om Åndens frukt ut fra Galaterne 5,22
Shervin Ebrahimian: Guds herlighet 30.03.2026 36:09
Hva Bibelen lærer om Guds herlighet
Shervin Ebrahimian. Åndens tjeneste 30.03.2026 50:21
Hva Paulus underviser om Åndens tjeneste i 2. Korinterbrev
Romarbrevet 7,1-6 11.03.2026 7:41
Lova eig ikkje lenger ein som er kristen. Jesus har kjøpt oss fri frå lova ved å oppfylla henne til punkt og prikke på våre vegne, og no tilhøyrer me han.
Romarbrevet 6,15-23 17.01.2026 7:50
Den som er slave under synda, opplever slaveriet som fridom, ein er fri frå Gud og alle hans fordringar, og han er så bunden til Herren sin, synda, at han elskar henne, og han syndar på automaten fordi det samsvarar med hans natur å gjera det, slik som det er hunden sin natur å bjeffa. På same måte den som er slave under rettferda. Det opplevest ikkje som tvang. Ein gjer det som er rett fordi det...
Romarbrevet 6,12-14 13.01.2026 8:34
Alle kristne må leva i samsvar med Jesus sine verdiar og bod om me skal ha nokon betydning her i den nærverande verda.
Jesu dåp, og din 12.01.2026 17:02
Denne talen fører deg inn i Johannes døyparen sitt liv, forkynning og gjerning, samt det faktum at Jesus vart døypt med syndaren sin dåp, for at vår dåp skal kunna reinsa oss frå synd livet i gjennom.
Tale 30.november 2025. Gud er trufast 01.12.2025 12:36
Det kan godt henda at Gud har god tid, men han oppfyller alltid det han har lova oss som trur.
Romarbrevet 6,5-11 01.12.2025 6:05
Gud har ikkje teke synda ut av oss, men oss ut av synda vår. Den blir oss ikkje lenger tilrekna. Snarare frårekna. Dette set oss fri får vår plikt til å tilfredsstilla Gud, slik at me kan konsentrera oss om å leva rettferdig for å æra han og tena vår neste.
Tale 23.november 2025. Rom.12,1-8 23.11.2025 23:01
Guds gode planar med liva våre blir realisert når me overgjev oss til han, og stiller oss til hans disposisjon.
Bøn for verda 19-november 2025 19.11.2025 15:54
I dag ber me for den iranske kvinna Aida Najaflou som onar ein lang dom for å ha vitna om Jesus og kristisert styresmaktene i landet. No har ho falle og brote ryggen, men blir nekta medisinsk kjelp. Vidare ber med for Thailand og Tanzania, muslimar i Thailand (det er 1,3 million av dei), og Shirakifolket på Zansibar.
Romarbrevet 6,1-4 19.11.2025 3:51
Den kristne dåp er ein dåp inn i livssamfunnet med Jesus
Romarbrevet 5,16-27. Bibelskulen 05.11.2025 10:29
Denne episoden kan me kalla "den store attreisinga". Det Adam reiv ned, bygde Jesus opp att. All ære til han.
Romarbrevet 5,12-15 10.10.2025 6:15
Adam representerte som konge alle menneske, og han drog alle med seg i fallet sitt. Jesus, den andre Adam, representerer som konge også alle menneske, og drog alle med seg i si rettferd. Men ingen vert tvinga over får Adam til Kristus. Det valet må kvar enkelt av oss ta.
Romarbrevet 5,6-11 30.09.2025 6:31
Gud synte kor høgt han elskar oss ved å lat Jesus døy for oss medan med enno var ganske arrogante og uforskamma syndarar. Ingen andre kunne elska slike som oss.
1.Tessalonikerbrev 5,2-5a 21.09.2025 29:05
Her skriv Paulus om ei levande og tru og eit levande håp.
Romarbrevet 5,1-5 20.09.2025 9:58
Fred med Gud er ein objektiv, rettsleg tilstand. Guds fred er ei subjektiv kjensle. Skal me forstå alt det Bibelen snakkar om fred, er det viktig å forstå ulikskapen mellom indre og ytre fred.
Ähnliche Podcasts
Replaio ist kein Herausgeber von Podcasts; die Namen der Sendungen, Cover und Audioinhalte gehören ihren Autoren und werden über öffentliche RSS-Feeds verbreitet