Jens Thoresen

Bibelpoden

Her finn du bibelrefleksjonar, talar og betraktningar.

Besuch unbedingt die Website des Podcasts und unterstütze die Macher: www.kristkyrkja.no

Autor

Jens Thoresen

Kategorie

Religion

Podcast-Website

www.kristkyrkja.no

Neueste Folge

29. Sep 2026

Wo hören?

Podcasts in der App Replaio Radio Bald verfügbar

Podcasts kommen bald in die App. Installiere sie jetzt und erlebe als Erster einen ganz neuen Blick auf Podcasts

Bei Google Play herunterladen Kostenlos installieren Android fast 10 Mio. Downloads · Bewertung 4,8 iOS bald

Folgen

Jesu dåp, og din 12.01.2026

Denne talen fører deg inn i Johannes døyparen sitt liv, forkynning og gjerning, samt det faktum at Jesus vart døypt med syndaren sin dåp, for at vår dåp skal kunna reinsa oss frå synd livet i gjennom.

Tale 30.november 2025. Gud er trufast 01.12.2025

Det kan godt henda at Gud har god tid, men han oppfyller alltid det han har lova oss som trur.

Romarbrevet 6,5-11 01.12.2025

Gud har ikkje teke synda ut av oss, men oss ut av synda vår. Den blir oss ikkje lenger tilrekna. Snarare frårekna. Dette set oss fri får vår plikt til å tilfredsstilla Gud, slik at me kan konsentrera oss om å leva rettferdig for å æra han og tena vår neste.

Tale 23.november 2025. Rom.12,1-8 23.11.2025

Guds gode planar med liva våre blir realisert når me overgjev oss til han, og stiller oss til hans disposisjon.

Bøn for verda 19-november 2025 19.11.2025

I dag ber me for den iranske kvinna Aida Najaflou som onar ein lang dom for å ha vitna om Jesus og kristisert styresmaktene i landet. No har ho falle og brote ryggen, men blir nekta medisinsk kjelp. Vidare ber med for Thailand og Tanzania, muslimar i Thailand (det er 1,3 million av dei), og Shirakifolket på Zansibar.

Romarbrevet 6,1-4 19.11.2025

Den kristne dåp er ein dåp inn i livssamfunnet med Jesus

Romarbrevet 5,16-27. Bibelskulen 05.11.2025

Denne episoden kan me kalla "den store attreisinga". Det Adam reiv ned, bygde Jesus opp att. All ære til han.

Romarbrevet 5,12-15 10.10.2025

Adam representerte som konge alle menneske, og han drog alle med seg i fallet sitt. Jesus, den andre Adam, representerer som konge også alle menneske, og drog alle med seg i si rettferd. Men ingen vert tvinga over får Adam til Kristus. Det valet må kvar enkelt av oss ta.

Romarbrevet 5,6-11 30.09.2025

Gud synte kor høgt han elskar oss ved å lat Jesus døy for oss medan med enno var ganske arrogante og uforskamma syndarar. Ingen andre kunne elska slike som oss.

1.Tessalonikerbrev 5,2-5a 21.09.2025

Her skriv Paulus om ei levande og tru og eit levande håp.

Romarbrevet 5,1-5 20.09.2025

Fred med Gud er ein objektiv, rettsleg tilstand. Guds fred er ei subjektiv kjensle. Skal me forstå alt det Bibelen snakkar om fred, er det viktig å forstå ulikskapen mellom indre og ytre fred.

Romarbrevet 4,18-25 08.09.2025

Vantru og tvil er to heilt ulike ting. Den som er vantru vil ikkje tru. Han yt Gud og evangeliet aktiv motstand. Den som tvilar ønskjer å tru, og søkjer med iver Jesus for å bli sikker i si tru på han. Den første er fortapt. Den siste er frelst.

Romarbrevet 4,13-17 27.08.2025

For 4000 år sidan fekk vår far Abraham ein global visjon om at alle slekter på jorda skulle velsignast gjennom han og hans etterkomarar. Og det har skjedd. Som kristne er me eit resultat av dette løftet.

Romarbrevet 4,6-12 22.08.2025

Omskjeringa på kroppen gjorde og gjer ikkje jødar kristne. Skal dei vera Guds barn må dei tru på Jesus, og då blir dei forvandla på innsida av Gud, det som Jeremia kallar for omskjering av hjarta. Det er same frelsesveg for jødar og ikkje-jødar. Likevel har jødane ein særposisjon på jorda som me heidningekristne ikkje har. Det har me snakka om tidlegare, og me vil koma attende til det også seinare...

Romarbrevet 4,1-5 21.08.2025

Kapittel 4 i Romarbrevet handlar om trua sine enorme fordeler. Å tru er ganske enkelt å ta imot Guds gode gåver med takk og glede. Dette er ikkje gåver me får fordi med har oppført oss fint, eller fordi me har ytt god innsats for Gud. Det er gåver Gud gjev oss fordi me desperat treng dei, eller vil framtida vår vera uendeleg mørk.

Tale 17.august 2025. Salme 16 18.08.2025

Gud passar på sine barn. Han ser til at trua vår ikkje tek skade. Men han fordrar også av oss av me tek vare på oss sjølve og brukar dei midla han har gjeve oss for at trua vår skal bli verande sunn og frisk.

Romarbrevet 3,27-31 18.08.2025

Når me vel å bli frelst ved å tru på Jesus og ikkje ved lovgjerningar, kjem me til sjuand og sist til å stadfesta at lova er sann, god og verd å følgja.

Romarbrevet 3,21-26 08.08.2025

Vers 21 markerer eit vendepunkt i Romarbrevet. Frå no av og ut kapittel 8 er det Guds rettferd ved trua på Jesus det handlar om, det som me kallar sjølve evangeliet. Her blir alt ein truande har gjort, og strekt seg etter, av det som gale er, annulert, og syndaren får skjula all si skam i Kristi rettferd. Det ei gåve frå Gud utan sidestykke.

Romarbrevet 3,9-20 21.07.2025

Menneska kan oppføra seg fint og vera veldig sympatiske. Men under overflata ulmar vonde krefter. Difor vert ingen rettferdige for Gud ved gjera det lova krev på ytre plan, for skal me vera rettferdige for Gud, må me vera heilt utan latent vondskap. Det er ingen.

Romarbrevet 3,1-8 20.07.2025

Jødane har fått mange fordeler hos Gud. Men med dei mange fordelene følgjer det eit stort ansvar. Det har dei ikkje alltid forvalta på den beste måten, men godt nok til at alle me heidningar kan gleda oss over Guds frelse i Jesus Kristus, og over å få vera Guds barn av nåde.

Romarbrevet 2,25-29 17.07.2025

Jøde i jordisk forstand og åndeleg forstand er to ulike ting. Jødefolket har fått retten til Israels land hos Gud. Dei som har teke imot Jesus som frelsar og Herre, er blitt jødar i åndeleg forstand og har fått retten til Guds evige rike.

Romarbrevet 2,17-24 15.07.2025

Jødane blir ikkje frelst i kraft av å vera det folket som fekk Guds lov. Skal dei bli frelst ved lova, må dei halda henne til punkt og prikke. Jødane tenkte nok at dei var privilegerte som var blitt utvald av Gud som det folket han skulle openberra seg for verda gjennom, og det var dei på sett og vis, men det dei ikkje alltid tenkte på var at Gud stilte høgare krav til dei enn til nokon andre. Dif...

Romarbrevet 2,12-16 13.07.2025

Ingen kan bli frelst ved å følgja åndelege og etiske lovar og reglar. Lovene og reglane kan ikkje forandra eit menneske på innsida. Det kan berre evangeliet om Jesus Kristus

Romarbrevet 2,7-11 11.07.2025

Å vera menneske er å vera ansvarleg for sine handlingar innfor Gud, og ein dag kjem oppgjeret. Då skal alle som har vore gode og søkt herlegdom, ære og udøyelegdom få evig liv, medan naud og angst vil råka dei som har villa klara seg utan Gud, og som har levd for å tilfredsstilla sine eigne behov, ofte på bekostning av sanning og rett.

Romarbrevet 2,1-6 10.07.2025

Alle menneske skal ein dag dømast, og få betalt av Gud etter sine gjerningar. Må me alle leva slik at me blir frikjende denne dagen, og ikkje må lida straff.

Höre den Podcast Bibelpoden in Replaio

Radio und Podcasts in einer App - kostenlos und ohne Anmeldung. Installiere sie noch heute und verpasse den Start nicht

Bei Google Play herunterladen

Replaio ist kein Herausgeber von Podcasts; die Namen der Sendungen, Cover und Audioinhalte gehören ihren Autoren und werden über öffentliche RSS-Feeds verbreitet