Studentradioen i Bergen

Garderobeskapar

Med sying og strikking som hovudtema dykkar vi ned i kva det vil seie å lage seg ein garderobe og eit klesforbruk som både er personleg, berekraftig og GØY! Du får høyre om reparasjon, tekstilkunnskap, resteprosjekt, vedlikehald, bruktmarkedet, redesign, andre handarbeidsteknikkar, og kva som inspirerar oss for augeblikket. Vi hjelpar deg med å bygge ein garderobe som kan vere varig både stil- og kvalitetsmessig.

Podcast'in sitesini ziyaret etmeyi ve yapımcısını desteklemeyi unutma: dts.podtrac.com

Yazar

Studentradioen i Bergen

Kategori

Society

Podcast web sitesi

dts.podtrac.com

Son bölüm

8 Eki 2026

Nereden dinlenir?

Uygulamada podcast'ler Replaio Radio Çok yakında

Podcast'ler çok yakında uygulamaya geliyor. Şimdi yükle ve podcast'lere yepyeni bir bakışı ilk gören sen ol

Google Play'den indir Ücretsiz yükle Android 5 Mn+ indirme · 4,8 puan iOS yakında

Bölümler

Nyttårsspesial - tilbakeblikk, morosame augneblikk og bloopers 04.01.2025

Godt nytt år!!!! Vi har sett saman noko av det beste frå halvåret som har gått. Du er som alltid veldig velkommen på instagram - @garderobeskapar og innboksen er alltid open! Håper vi høyrast til mykje kjekk garderobeskaping i 2025. I studio: Erina Grasdal Skarpenes, Frida Bjørnereim Dalsbø, Ingrid Villanger og Marius Øvrebøe (produsent) Ansvarlig redaktør: Sofie Larsen Nesdal

Julespesial, del 3 - FNs bærekraftsmål 28.12.2024

Gledelig jul! Vi snakker om bærekraft og korleis dette påverkar oss som Garderobeskaparar. Dette er del 3 av 3 og tek vi for oss 3 av dei 17 bærekraftsmåla til FN og ser på dei med eit garderobeskapar blikk. I studio: Ingrid Villanger, Erina Skarpenes og Frida Bjørnereim Dalsbø Produsent: Marius Øvrebøe Ansvarleg redaktør: Sofie Larsen Nesdal

Julespesial, del 2 - Bærekraft deles i tre 26.12.2024

Gledelig jul! Vi snakker om bærekraft og korleis dette påverkar oss som Garderobeskaparar. Dette er del 2 av 3 og her deler vi opp bærekraftig utvikling i klima, økonomi og sosial bærekraft og koplar det opp med våres garderobeskapar-univers. I studio: Ingrid Villanger, Erina Skarpenes og Frida Bjørnereim Dalsbø Produsent: Marius Øvrebøe Ansvarleg redaktør: Sofie Larsen Nesdal

Julespesial, del 1 - Vår inngang til bærekraft 24.12.2024

Gledelig jul! Vi snakker om bærekraft og korleis dette påverkar oss som Garderobeskaparar. Dette er del 1 av 3 og her kjem vi inn på kva som fekk oss til å opne augene for bærekraft og vår inngang til eit bærekraftig klesforbruk. I studio: Ingrid Villanger, Erina Skarpenes og Frida Bjørnereim Dalsbø Produsent: Marius Øvrebøe Ansvarleg redaktør: Sofie Larsen Nesdal

Episode 8 - RESTER, Christmas eve cast-on og Dreamknit-vesten 21.12.2024

Det er fjerde søndag i advent og siste ordinære episode før jul! Ingrid er tilbake og vi får oppdatering på kjolen, Frida er ferdig med Dreamknit-vesten og Erina viser fram glittergarn. Vi oppsummerer halvåret som har gått, ser framover og skravalar om kva prosjekt vi skal helde på med i jula. I studio: Erina Grasdal Skarpenes, Frida Bjørnereim Dalsbø og Ingrid Villanger Produsent: Marius Øvrebøe...

Episode 7 - Trendbingo, bevegelsesvidde og julepysj 14.12.2024

Frida har sin vanlege kreativitetsmessige desember-knekk og Erina har testa ullstrømpebukse. Vi snakkar meir om ulike juleartiklar, kryssar ut på strikketrend-bingoen til Frida og gjev deg ei innføring i bevegelsesvidde. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø og Erina Skarpenes Produsent: Marius Øvrebøe Ansvarleg redaktør: Sofie Larsen Nesdal

Episode 6 - Sytid, influensarstrikk og årets julekjole 07.12.2024

Frida og Erina styrer showet aleine i dag, og fortel om ferdige strikkeprosjekt, etterlengta sytid og garnkjøp - til tross for eit løfte om garnshoppestopp. Frida lurer på kvifor folk må ha ny julekjole kvart år og Erina er litt fornerma over at strikkaplagg er blitt så trendy. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø og Erina Skarpenes Produsent: Marius Øvrebøe Ansvarleg redaktør: Sofie Larsen Nesdal

Episode 5 - Symaskin, strikketabbar og ønskelistetips til ein garderobeskapar 30.11.2024

Både Ingrid og Erina fortel om den siste vekas strikketabbar og Frida gler seg til sytid når eksamen er levert. Ellers diskar vi opp med nokre julegåvetips som ein garderobeskapar kan ønske seg, tek deg gjennom den mest grunnleggande infoen om symaskiner og Erina deler euforien over å vere på byttemarknad. I studio: Ingrid Villanger, Erina Skarpenes og Frida Bjørnereim Dalsbø Ansvarløig redaktør:...

Episode 4 - Julegåver, ultra fast fashion og genser på vranga 23.11.2024

Det er ein månad igjen til jul, og i den anledning tek vi for oss konseptet heimelaga julegåver! Er dette noko vi likar, og har vi nokre tips til den som skal lage årets julegåver sjølv? I tillegg snakkar vi om bruktbutikkar som boikottar ultra fast fashion-kjedane Temu og Shein, og Ingrid har fått lyst til å gå med genserane sine på vranga. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø, Ingrid Villanger og E...

Episode 3 - Mojo, lunka vatn og leppestift 16.11.2024

Alle har starta på nye prosjekter. Erina deler tankar om strikkestress og motivasjon. Vi lærer om damp og blokking av strikk, og Frida skal teste å strikke ei oppskrift frå Dreamknit. Vi skal alle prøve å flotte oss meir generelt i kvardagen. I studio: Ingrid Villanger, Erina Skarpenes og Frida Bjørnereim Dalsbø Ansvarlig redaktør: Sofie Larsen Nesdal Produsent: Marius Øvrebøe

Episode 2 - Strikkefasthet, kvite ormar og spennande arrangement 09.11.2024

Erina er kvitt oppleggsvegringa si, Ingrid har eit pågåande bukseprosjekt og Frida har kvite ormar i jersey-plagga sine. Vi oppsummerar kva ein garderobeskapar kan finne på i Bergen den neste tida og gjev deg ei innføring i strikkefasthet. I studio: Erina Skarpenes, Ingrid Villanger og Frida Bjørnereim Dalsbø Ansvarleg redaktør: Sofie Larsen Nesdal Produsent: Marius Øvrebøe

Episode 1 - Bli kjent med Garderobeskapar! 02.11.2024

Velkommen til Garderobeskapar! I første episode blir vi betre kjent med Ingrid, Frida og Erina, og kva Garderobeskapar skal vere. Erina har oppleggsvegring, Ingrid har starta på eit evigheitsprosjekt, og Frida fortel kva ho har gjort for å vere klar for ein ny vinterskosesong. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø, Ingrid Villanger og Erina Skarpenes Ansvarleg redaktør: Sofie Larsen Nesdal Produsent:...

Garderobeskapar podcast'ini Replaio'da dinle

Radyo ve podcast'ler tek uygulamada - ücretsiz, kayıt gerektirmez. Bugün yükle ve lansmanı kaçırma

Google Play'den indir

Replaio bir podcast yayıncısı değildir; program adları, kapak görselleri ve ses içerikleri yazarlarına aittir ve herkese açık RSS beslemeleri aracılığıyla dağıtılır