Sunniva Relling Berg

Skrivesnakk

Arts NO ↓ 52 episodes

Alt muleg skriverelatert. I podkasten Skrivesnakk har eg intervjua over femti dyktige og aktuelle forfattarar som snakkar om si eiga skriving. skrivesnakk.substack.com

Author

Sunniva Relling Berg

Category

Arts

Podcast website

skrivesnakk.substack.com

Latest episode

Jun 26, 2026

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 5M+ downloads · 4.8 rating iOS soon

Episodes

26. Forfattarar på turné: Inger Johanne Sæterbakk og Elin Hansson 05.10.2022

I ein serie på tre episodar, snakkar eg med forfattarar om å vere på turné med den kulturelle skolesekken, medan vi alle er på turné! I denne episoden vil du få høyre Inger Johanne Sæterbakk fortelje om møtet med sjetteklassingar i heimkommunen sin, om det har gått bra når ho har forsøkt å gjere forfattarbesøk utan genseren ho alltid har pleidd å ha på seg –og om gutane på fremste rad som ikkje vi...

25. Brynjulf Jung Tjønn: Skummelt å skrive så personleg 27.09.2022

Med diktsamlinga Kvit norsk mann kom han inn på boklista. Sjølv om han er ein prisløna forfattar, er han like usikker kvar gong. Han er ein produktiv forfattar, forlagsredaktør og firebarnspappa og han fortel om korleis han skriv, kva som  har vore krevjande og at det er følelsesmessig godt å skrive. Bøker av Brynjulf Jung Tjønn: Eg kom for å elske – roman (2002) Lyden av noen som dør – roman (200...

24. Lars Petter Sveen: Når lysta til å snakke er større enn frykta for å stamme 13.09.2022

Lars Petter Sveen prøvde å miste kontrollen i skrivinga av boka Kunsten å stamme. I boka skriv han om noko han knapt har turt å snakke høgt om tidlegare: Si eiga stamming. Det har blitt ei rørande og personleg bok, om angst, om å leve og om å tørre å miste kontrollen. I denne episoden fortel han om kva som fekk han til å starte skrivinga, at han ikkje forstår kvifor folk ønskjer å bli kjendis og k...

23. Å leve av eller ikkje leve av skrivinga – Monika Steinholm og Asbjørn Rydland 30.08.2022

I fleire år har Monika Steinholm kunne leve av det å vere forfattar, men dette året innsåg ho at det ikkje gjekk lenger og det kjendest som eit nederlag. Asbjørn Rydland har alltid hatt ein deltidsjobb ved sidan av skrivinga, men leitar no etter ei anna stilling. Kva skal til for å kunne leve av skrivinga i Norge i dag? I denne episoden blir det pengesnakk, tips til å skrive søknadar om arbeidssti...

22. Sunniva Relling Berg: Forfattaren bak podkasten (intervjua av Heidi Sævareid) 04.07.2022

Etter å ha fått nokre spørsmål om ikkje eg óg kunne vere gjest (i eigen podkast), og Heidi Sævareid melde seg frivillig som intervjuer, er det no meg og mitt forfattarskap som er tema i denne episoden. Eg fortel om kvifor det blei podkast, om kva dette gjer med skrivinga mi og om bøkene mine. Dessutan må eg bryne meg på nokre av mine eigne spørsmål, noko som ikkje er berre lett.  Bøker av Sunniva...

21. Skrivinga etter skriveskule. Sondre Midthun, Kirstine Reffstrup, Skjalg Wie Skare 07.06.2022

Er det ei forventning at ein skal debutere etter å ha gått på skriveskule? Og korleis er det eigentleg med skrivedisiplin, kan ein lære seg det? I denne episoden fortel tre tidlegare skriveskulestudentar om skrivinga si. Vi får høyre meir om Sondre Midthun sin nyaste roman, En heldig løsning, om kvar Kirstine Reffstrup er i si skriving nett no og er det eigentleg naudsynt å skrive?  Kanskje er det...

20. Korleis er det å gå på skriveskule? Sondre Midthun, Kirstine Reffstrup og Skjalg Wie Skare 01.06.2022

Eg har invitert tre av mine medstudentar frå Skrivekunstakademiet til Skrivesnakk, slik at dei kan fortelje om sine erfaringar med det å gå på skriveskule. Kvifor enda dei opp der, kjenner dei seg igjen i kritikken om at alle blir like av å gå på skriveskule og vil dei anbefale andre å gå der? Skjalg Wie Skare har tatt fire skriveskuleår på rad, først i Bergen, så i Bø og dei to siste åra på Litte...

19. Tor-Håkon Gabriel Håvardsen: Å skrive grøsserbøker som terapi 18.05.2022

Tor-Håkon Gabriel Håvardsen sendte inn sitt første manus som 17-åring, og tenkte at no blei det bok. Men vegen fram til å bli utgitt forfattar, blei lenger enn han såg for seg.  No skriv han tjukke romanar på løpande band. Tor-Håkon fortel om erfaringane han gjorde seg etter at han sjølvpubliserte debutboka si, kva han har lært av å jobbe med redaktør og kva som trekker han til skrekksjangeren. Ha...

18. Anne Gunn Halvorsen: Om frykt og korleis leve livet 05.05.2022

Det var kanskje ikkje tilfeldig at Anne Gunn Halvorsen bestemte seg for å skrive ei bok om kva ungdom er redd for. Gjennom arbeidet, har ho sjølv blitt meir klar over kvifor ho er redd i ulike situasjonar. Ho har skrive fleire bøker, der ho har fått undersøke ting ho sjølv lurer på.  Til slutt i episoden får Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug svare på kva spørsmål dei gjerne skulle fått, kva s...

17. Å skrive saman med Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug 03.05.2022

Dei ville skrive bøker som kunne slukast på same måte som ein tv-serie. Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug har skrive bokserien Halve kongeriket, som snart kjem på Netflix. Dei hata gruppearbeid på skulen, men i dette skrivesamarbeidet treng dei kvarandre og resultatet blir betre. Kva er eigentleg fordelen med å plotte saman? Og kva skjer om den eine vil ha med noko i boka, når den andre ikkje...

16. Randi Fuglehaug: Utopi å skrive ein heil roman 26.04.2022

Randi Fuglehaug hadde eit ønske om å skrive ein roman for vaksne, men det verka umuleg. Det var eit forslag frå ein kollega som fekk henne til å forsøke på det som har blitt to av tre bøker i Vossa-trilogien om Agnes Tveit. Første boka i serien, var selt til utlandet allereie før ho kom ut. Bøker av Randi Fuglehaug: Tonedød (2022) Fallesjuke (2020) Papelina (2017) Dette er del 1 i ein serie på 3 d...

15. Maria Alnæs: Fiksjonen som blei skremmande aktuell 01.04.2022

I fjor (2021) debuterte Maria Alnæs med ein original roman om eit fiktivt land, ein autoritær stat som har gått til krig mot nabolandet sitt. Etter at Russland invaderte Ukraina i februar 2022, har romanen hennar blitt skremmande aktuell. Men boka handlar òg om så mykje meir, om eit kongerike og ein tenar, det å bli sett – og oversett, miste motet og få det igjen. Vi snakkar om korleis det var å s...

14. Ulla Svalheim: Er det radikalt å skildre kristen tru? 22.03.2022

Ulla Svalheim fortel om kva ho var redd for før debutboka hennar, Til troende, kom ut. Korleis det har vore å finne tid til  å skrive. Og kva som overraska henne mest med å lese kritikkar av eigne bøker, og kva erfaringar ho tar med seg vidare i arbeidet som litteraturkritikar. Bøker av Ulla Svalheim: Til troende Boka eg nemner, som òg handlar om tru, frå 2021: Komposisjoner av lys av Elisabeth Th...

13. Er ungdomsbøker banale – og treng vi litteraturkritikk? 01.03.2022

NRK-kritikaren, Thula Kopreitan, skreiv ei setning i ei bokmelding, som fekk fleire til å reagere, blant andre Heidi Sævareid. På Facebook skreiv Heidi: «Barne- og ungdomslitteratur = banalt?  Det synes visst NRK-kritiker». Fleire forfattarar av ungdomsbøker blir møtt med ei liknande tilnærming når dei gir ut bok for vaksne, og kvifor er det sånn? Difor inviterte eg Thula og Heidi til å diskutere...

12. Tyra Teodora Tronstad: Sa opp jobben for å skrive på fulltid 15.02.2022

Kva skal til for å bli kunstnar, og kva for val må ein ta for å komme seg dit? Tyra Teodora Tronstad skriv om Sigrid, som er i ein økonomisk skvis som hovudforsørgar for mann og barn. I tillegg ønskjer ho å skrive dikt. Tronstad har sjølv kjent på å vere i ein sånn spagat, og vi snakkar om å albue fram plass til å skrive, om forfattarøkonomi og det å ha lite pengar og kva for hobby Tyra har fått,...

11. Spontansnakk med Maren Skolem 07.02.2022

Korleis kjenst det å få si første bok i hendene? Maren Skolem er debutant, og delte på Instagram at ho hadde fått boka si heim. Eg ville gjerne vite korleis det kjendest der og då, og spurte spontant om ho ville stille til intervju. Det blei ho med på! Høyr korleis prosessen fram til endeleg bok har vore, om utfordringa med å finne ut om det skulle vere ei bok for vaksne eller for ungdom, kva ho h...

10. Bjarte Breiteig: Tru og tvil på fellesskap og skriving 01.02.2022

Under arbeidet med romanen Tøyeneffekten, merka Bjarte Breiteig at hans eigen kjærleik til Tøyen stod på spel. Breiteig fortel om skrivearbeidet, korleis det er å vere skrivementor på trafo.no og kva han gjorde då han låg på golvet i leilegheita si, og trudde at han ikkje ville klare å skrive noko meir.  Bøker av Bjarte Breiteig: Fantomsmerter – noveller (1998) Surrogater – noveller (2000) Folk ha...

9. Iram Haq: Skumlere å skrive bok enn filmmanus 11.01.2022

Iram Haq er ein prisløna filmskapar, likevel syntest ho det var skummelt å skrive sin første roman. Uelsket var ein av 2021-haustens beste debuter, meinte meldarane. Kva driver Iram Haq til å fortelje historier, i mange ulike format?  Bøker av Iram Haq: Uelsket (2021) Hva vil folk si (2019) Skylappjenta (2009) — Ta gjerne kontakt! Instagram: @sunnivarb E-post: skrivesnakk@gmail.com Nettside: sunni...

8. Ingvild H. Rishøi: Makkverk eller mesterverk 15.12.2021

Allerede før boka Stargate: En julefortelling hadde nådd butikkane, var boka nominert til Brageprisen. Meldarane har kalla boka for rein julemagi og trilla seksarar. Det er sju år sidan Ingvild H. Rishøi kom med si førre bok, Vinternoveller . Kva har skjedd i desse åra, kvifor enda ho med å skrive ei juleforteljing og kva er hennar forhold til jula? Ho gir konkrete og gode tips til skriveprosessen...

7. Debutantspesial: Helle Haugsgjerd, Eivind Grip Fjær og Marianne Marthinsen 07.12.2021

Kva skal til for å  gi ut ei bok? Ein skodespelar, ein akademikar og ein tidlegare stortingspolitikar fortel korleis det har vore å debutere som forfattar. Helle, Eivind og Marianne snakkar om den overraskande kjærleiken til eiga bok, om det å få meldingar og kan ein eigentleg endre verda med litteratur? Du får dessutan deira beste tips for å sjølv komme gjennom nåløyet hos eit forlag! Bøker: «Hve...

6. Kathrine Nedrejord: Jakta på eit språk for det vonde 26.11.2021

Korleis finne språket igjen etter ei dramatisk hending? Kathrine Nedrejord opplevde det som heilt nødvendig å skrive etter ei overfallsvoldtekt. I Forvandlinga (2018) skildrar ho tida like etter overfallet. Ti år tidlegare debuterte Nedrejord som forfattar med boka Transitt (2008) og ho har skrive kritikarroste og prisbelønte bøker i fleire sjangrar. I ungdomsbøkene hennar, er handlinga ofte lagt...

5. Neda Alaei: Å følge opp suksessen 16.11.2021

Neda Alaei fortel om kvifor ho har valt å skrive for den viktigaste målgruppa, og at det til tider har vore livsviktig å skrive. Neda debuterte med "Dette er ikke oss" som er omsett til dansk og tysk, og boka har vunne fleire prisar. I haust kom ho med romanen "Å fange luft". Korleis er det eigentleg å skrive andreboka, etter at den første blei ein så stor suksess? Neda Alaei b...

4. Marit Eikemo: Å skaffe seg rom gjennom skrivinga 29.10.2021

I meldingar av bøkene til Marit Eikemo, står det ofte at ho tar «samtida på kornet». Det er lett å kjenne seg att, på godt og vondt. Når Eikemo kjem med ny roman er det mange som har forventningar. Denne hausten er ho aktuell med ein roman om fellesskapet vi alle har rundt oss, av profesjonelle hjelparar som legen, banken, psykologen, snikkaren og den personlege trenaren. Det er desse som har orde...

3. Kaja Kvernbakken: Å skrive frå inne i kroppen, dodikt og sinne 13.10.2021

Kaja Kvernbakken har gått inn i kroppen til Elly. Elly er ein fotograf som mister synet i ei dramatisk ulykke. Korleis skrive frå innsida av nokon som blir blind, når du sjølv kan sjå? Kaja held skrivekurs og har oppretta skrivefellesskapet Skriveriet. Ho snakkar om kvifor det aldri er for tidleg – eller for seint – å følgje draumen sin, og vegen fram til ho sjølv blei ein publisert forfattar.  Bø...

2. Nils-Øivind Haagensen: MeToo i guttegjengen 23.09.2021

Nyleg kom Nils-Øivind Haagensen med romanen Sangria i parken, som gir eit nytt perspektiv til MeToo-debatten. Sidan debuten Hender og hukommelse i 1998 har han gitt ut over 20 bøker, vunne prisar og vore nominert til Nordisk råds litteraturpris. Han er òg forleggar ved Flamme forlag og har unik erfaring innanfor litteraturfeltet. Haagensen kjem frå Ålesund, og fortel korleis det var å vekse opp i...

Listen to the Skrivesnakk podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.