Lars Fredrik, Bendik & Bjarne
Sideout - Ein volleyballpodkast! 🎧🏐
Sideout er ein podkast der volleyballspelarane Bjarne Nikolai Huus, Bendik Gabriel Huus og Lars Fredrik Tvinde er programleiarar. Karane ønskjer å dele kunnskap, erfaringar og tankar rundt volleyball ettersom dette er noko dei saknar. Det er dei forhåpentligvis ikkje aleine om. Med ulike tema og gjester får du volleyballunderhaldning rett i øyret.
Author
Lars Fredrik, Bendik & Bjarne
Category
Podcast website
Latest episode
Sep 24, 2023
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
Utfordringar i Norsk volleyball - Kva kan vi bli betre på? 🤔 24.09.2023 29:29
Lars Fredrik Tvinde og Anders Mol hadde det så kjekt i forrige pod at dei rett og slett laga endå ein episode! Denne gongen tek dei føre seg nokre av utfordringane vi har i norsk volleyball og sandvolleyball, og diskuterer vidare om kva ønskjer dei har for framtida. Kanskje det er noko du kjenner deg igjen i? God lytting!
Frå utfordrar til verdas beste - Korleis skjedde det, Anders? 🥇 07.09.2023 29:55
Christian Sørum og Anders Mol, frå Noreg, har blitt tidenes beste herrelag i sandvolleyball (det er Sideout sin påstand). Men sjølv om ein no er på topp, så starta ikkje reisa der. Lars Fredrik har med seg Anders i studio for å prate om denne reisa, og kva eigenskapar som har vore viktige på vegen. Korleis har det vore å vere utfordrar, og korleis er det å vere verdas beste? Og ikkje minst; korlei...
Korleis vere den ultimate volleyball-forelderen? 👨👩👧👦 24.08.2023 25:10
I denne Sideout’en diskuterer karane deira erfaringar med foreldre i volleyball og sandvolleyball, og kva dei ser som gode eller mindre gode eigenskapar hos dei som har ei slik rolle. Kva tenkjer tre gutar frå Førde om korleis ein kan hjelpe ungane sine på best mogleg måte? God lytting!
Sideout gjer comeback! 📢 25.07.2023 16:15
Trioen Bjarne, Bendik og Lars Fredrik gjer "comeback" med ny sesong. I denne pod'en får du ein kort oppdatering frå karane, samt at vi dreg fram nokon av dei råaste prestasjonane frå volleyballnoreg i seinare tid. God lytting! 🎧
Sideout - Angrep med Bendik og Bjarne Nikolai 07.04.2022 1:07:42
Tema: Angrep Bendik og Bjarne Nikolai drøftar seg gjennom ferdigheiten angrep i volleyball og sandvolleyball, med fokus på følgjande fire punkt: 1. Tilløp 2. Timing 3. Valg 4. Mentalitet Korleis kan vi guide utøvarane våre til å bli betre angriparar? God lytting!
Kva er god teknikk? 30.03.2022 57:46
Kva er god teknikk? Bendik og Bjarne Nikolai reflekterar rundt kva som er god teknikk i idrettane våre, og korleis ein på best mogleg måte kan hjelpe utøvarar. Kva er dei viktigaste faktorane for trening av teknikk? Korleis kan vi vite at teknikken vi ønskjer hjelper, og ikkje avgrensar ein utøvar? Og når bør vi hjelpe ein utøvar med å endre teknikk? Dette er nokre av spørsmåla dei er innom. G...
Sideout - Legging med Bjarne & Bendik 17.03.2022 1:24:41
Tema - Legging Bendik og Bjarne Nikolai går i djupna på legging i volleyball og sandvolleyball. Dei er innom både teknikk og taktikk i ulike situasjonar. Kva kjenneteiknar dei beste oppleggarane i verda? Og kven meiner karane er den beste oppleggaren i verda? God lytting!
Sideout - Kva er ein god kultur? 19.02.2022 1:26:34
Tema: Kva er god kultur? Bjarne Nikolai og Bendik går i djupna på kva kultur i eit lag kan vere, og korleis vi kan jobbe for å skape ein god kultur over tid. Her er nokre av punkta dei er innom: - Tillit - Konflikt - Forpliktelse - Ta ansvar - Personleg suksess vs eit lag sin suksess Sjekk gjerne ut boka «The Five Dysfunctions of a Team» av Patrick Lencioni. God lytting!
Sideout - blokking 04.02.2022 1:28:31
Tema: Blokk Bendik og Bjarne Nikolai går i djupna på ferdigheiten blokking i volleyball og sandvolleyball. Korleis kan vi bli betre blokkarar? Her er nokre av punkta dei er innom: - Kvifor blokkar vi? - Teknikk og taktikk - Evnen til å lese - Korleis trene blokking best mogleg? God lytting!
Sideout - Kva brukar vi tid til på trening? 28.01.2022 1:36:57
Brukar vi tida vår på trening godt nok i dag? Bendik og Bjarne Nikolai diskuterer blant anna det, og er innom følgjande: - Utfordringar i dag - Mål med treningsøkta - Effektiv bruk av tid - Oppvarming - Ball over nett - Organisering God lytting!
Sideout - Forsvar med Bendik og Bjarne 16.01.2022 1:11:22
Tema-pod: Forsvar Bjarne Nikolai og Bendik går i djupare inn i forsvarsspelet i volleyball og sandvolleyball. Teknikk, mentalitet, posisjonering og mål er nokre av stikkorda dei kjem innom. God lytting!
Sideout - utlandsproffar, mizunoliga, sideout mentor 18.12.2021 32:22
I denne sideout'en diskuterer vi våre profesjonelle spillere utenfor Norge og stillingen i mizunoligaen, der første halvdel av innendørssesongen mot slutten 👷🌍 God lytting!
Sideout - Trening i sesong 14.11.2021 29:45
Trioen Bjarne Nikolai, Bendik og Lars Fredrik er samla i studio for å prate om temaet "trening i sesong" i denne sideout'en. Justering etter kamp, total belastning, fysisk trening og avkobling er nokre stikkord vi er innom. God lytting!
Sideout - Siste nytt og kampledelse 31.10.2021 42:54
Bjarne Nikolai, Bendik og Lars Fredrik tar føre seg siste nytt i Nederland, Tyskland og Noreg. Hovudtemaet i denne sideout'en er kampledelse. Her får du våre tankar som spelarar og trenar omkring temaet. God lytting!
Sideout - Jonas Kvalen del 1 28.09.2021 1:02:52
Jonas Kvalen gjestar studio! Vi pratar om reisa frå junior spelar i KFUM Volda til proff i fleire europeiske land. Jonas har nyleg signert ein historisk kontrakt i Japan, men vegen dit har ikkje vore ein dans på roser... God lytting.
Sideout - Lagbygging 17.09.2021 26:33
Ny volleyballsesong betyr ofte at laget må byggast på nytt. Høyr våre tankar omkring lagbygging. God lytting.
Sideout - Ny sesong? 09.09.2021 27:45
Vi tar fatt på ein ny sesong med "sideoutar". Denne gongen tar vi føre oss det som har skjedd i Sideout gjennom sommaren, OL gull og ikkje minst dei komande cupfinalane. God lytting!
Sideout - Christian Sørum del 2 19.06.2021 31:02
Ein av verdens beste sandvolleyball spelarar gjestar studio! Vi tar ein prat om karriera til Christian Sørum - god lytting.
Sidoeut - Christian Sørum del 1 12.06.2021 35:26
Ein av verdens beste sandvolleyball spelarar gjestar studio! Vi tar ein prat om karriera til Christian Sørum - god lytting.
Sideout - Sandvolleyball 1 05.06.2021 40:34
Sandvolleyball sesongen står for tur! Bendik, Bjarne og Lars Fredrik tar ein prat om sandvolleyball. Vi håpar poden inspirerer deg til å bli ein god makker gjennom sommaren. Fokuset er spelfasane serv og sideout i denne episoden. God lytting!
Sideout - Tankar om korleis vi kan trene effektivt 29.05.2021 43:48
Vi pratar om våre tankar rundt treningsøkta i idrettane våre, og kva grep vi kan ta for å trene så effektivt som mogleg Heile redaksjonen er samla i vårt portugisiske studio, og dette temaet er noko vi stadig kjem til å vende tilbake til i det vi lagar. Kvifor? Fordi vårt hovudmål i alt vi gjer, er å vere med på å skape utvikling i VB/SVB-Noreg. Lytt til nokre tankar frå oss, og reflekter vidar...
Sideout - Fysisk trening for volleyball & sandvolleyball 22.05.2021 28:21
Saman med fysisk trenar Eirik Flatjord går vi gjennom kva ein bør tenke på når ein skal setje opp eit program for volleyballspelarar. Vi presenterer også eit nytt konsept: Sideout Performance . Dette er eit fysisk program retta mot volley- og sandvolleyball utøvarar. Programmet går over 3 mnd og er gratis. Registrer deg her: https://www.sideout.no/performance
Sideout - Tore Aleksandersen del 2 15.05.2021 36:11
Høyr del 2 av praten vår med Tore Aleksandersen. Vi set ein ny sideout frå Slovenia. Tore Aleksandersen gjestar studio. Vi går gjennom ei innhaldsrik trenarkarriere. God lytting.
Sideout - Tore Aleksandersen del 1 08.05.2021 36:31
Vi set ein ny sideout frå Slovenia. Tore Aleksandersen gjestar studio. Vi går gjennom ei innhaldsrik trenarkarriere. God lytting.
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.