radiosunnmore

Radio Sunnmøre

Religion EN ↓ 308 episodes

Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre

Be sure to visit the podcast's website and support the creator: radiosunnmore.podbean.com

Author

radiosunnmore

Category

Religion

Podcast website

radiosunnmore.podbean.com

Latest episode

Nov 20, 2026

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 10M+ downloads · 4.7+ rating iOS soon

Episodes

Kafètreff i Volda misjonsforsamling 18.06.2026

I dag er det kafètreff i Volda misjonsforsamling sine lokaler. Det er ein stad der ein kan kome å kjøpe seg rimeleg kaffi og mat, og ha det litt kjekt i lag. Randi Hamre er med som arrangør og i dag har ho invitert ein hemmeleg gjest. - Det er ikkje eit møte, men vi vil nok peike på Jesus på ein eller annan måte, fortel Randi Hamre. Dei håpar at dette skal vere eit lavterskel tilbod. Mat, quiz og...

Søndagens tekst 21. juni 17.06.2026

-Kva skal eg gjere for å arve evig liv, spør ein mann Jesus i søndagens tekst. Teksta handlar om den rike mannen og her henta i frå Markus 10, 17-27. Vi tek ein prat med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti om teksta.

Frå USA til Waldehuset som guider kvart år 17.06.2026

-Vi elsker denne historia, og vi trur det er viktig å fortelle andre kva Gud har gjort her. Det er veldig viktig fordi vi er kristne. Og vi elsker, elsker, elsker å gjere det, seier Mickey Bambrick om kvifor dei kjem til Norge kvart år for å guide i Waldehuset gratis.  Sidan 2018 har ekteparet Kåre Slaathaug (83) og Mickey Bambrick komt til Noreg for å guide på Waldehuset tre dagar i veka i tre må...

Flytting av Møre barne -og ungdomsskule Skodje 16.06.2026

Møre barne -og ungdomsskule Skodje startar til hausten med planlegging av nytt skulebygg på Sjøholt folkehøgskule sin tomt. Rektor Hilde Renate Sæthre Nes ser no løysinga på nokre år med uvisse for skulen. - Vi har jobba det siste skuleåret med å finne nye lokal for skulen, og så fekk vi eit tips om samlokasjon med Sjøholt folkehøgskule, fortel Sæthre Nes. Både kommunen og folkehøgskulen sitt styr...

Årsmøte for ImF Sunnmøre 16.06.2026

Laurdag 13. juni var det årsmøte for Imf Sunnmøre på Ålesund folkehøgskule. Det var 70 stemmeberettiga delegatar til stades, og det var fyrste årsmøtet for den nye krinsleiaren Lars Petter Ødegaard. Dei mange avdelingane i Imf Sunnmøre utgjer ei breidde i arbeidet og vi tok ein prat med Ødegaard etter gjennomgongen av årsmeldinga. Vi fekk også ein prat med Oddveig Molnes, og med nyvalde til krinss...

Kvardagspraten 16.06.2026

I siste Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes før sommarferien, får vi høyre frå Gla Sang veka på Hermon høyfjellshotell. Takknemlegheit er noko Krokeide Alnes sit att med etter veka på Hermon. Vi tek ein prat om sommaren som ligg føre, og korleis ein kan halde trua ved like når forsamlingane tek sommarpause. Høyr heile kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

Fem nye truande til Immanuelkyrkja 15.06.2026

Krig og urolegheiter pregar Midtausten og Israel dei siste månadane. Immanuelkyrkja i Tel Aviv har denne tida fått fem nye truande til kyrkja. Dei er no inne i bibelgrupper og får bibelundervisning. Pastor Eyvind Volle fortel til Radio Sunnmøre at det er eit lyspunkt i krigen når nye kristne kjem til kyrkja. Ekteparet Volle er for tida på studiepermisjon i Hellas og vi har tatt ein prat med Eyvind...

Nytt salmeprosjekt på nynorsk 15.06.2026

Fredag 12. juni vart «Salme 1 – Lik eit tre» utgitt, den første utgivinga frå SALMIST – eit nytt musikkprosjekt der alle dei 150 salmane i Bibelen skal få nye musikalske tolkingar. Låta blir framført av Rak Marie Hatløy Sætre (RAK) frå Eiksund på Sunnmøre og markerer starten på eit langsiktig kunstnarisk arbeid leia av komponist og pianist John Vegard Schow.  Høyr intervjuet med John Vegard Schow...

Sommaravslutning på Karaquiz i Langevåg 12.06.2026

Tysdag 9. juni var det sommaravslutning på Karaquiz i Langevåg. Helge Åkernes tok turen og fekk ein prat med Thor Hurlen, Rune Molvær og Bjørn Tusvik.

100 års markering av Arnold Eidslott 11.06.2026

Onsdag 10. juni var det jubileumsmarkering 100 år etter Arnold Eidslott sin fødselsdag. Eidslott var ein kjend poet frå Ålesund, og arva etter han har gått vidare. Guttorm Eidslott, son av Arnold, var tilstades på markeringa. Radio Sunnmøre fekk ein prat med Guttorm Eidslott i etterkant. Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.

Ord til ettertanke 8. juni 11.06.2026

Ord til ettertanke av Karl Arne Austnes

Siste Gospelchurch før sommaren 11.06.2026

Til helga er det siste Gospelchurch med Aalesund gospelkor før sommaren. Vi har tatt ein prat med dirigent Vidar Åsebø.

Ord til ettertanke 9. juni 11.06.2026

Ord til ettertanke av Karl Arne Austnes

Ord til ettertanke 10. juni 11.06.2026

Ord til ettertanke av Karl Arne Austnes

Ord til ettertanke 11. juni 11.06.2026

Ord til ettertanke av Karl Arne Austnes.

Ord til ettertanke 12. juni 11.06.2026

Ord til ettertanke av Karl Arne Austnes.

Nyopning av Brukt & Nyttig i nye lokaler på Valderøya 10.06.2026

Tysdag 9. juni var det nyopning av Brukt & Nyttig i nye lokaler på Valderøya. Bruktbutikken har no flytta til heilt nye lokaler der alt no er i same lokale, både møblar, nips, kle og leiker. Tidlegare var møblane på den nedlagte barneskulen, og resten var i lokale nede ved kaia.  Det var stor glede og entusiasme over nyopninga, og nær hundre kundar møtte opp til opninga. Brukt & Nyttig er...

Søndagens tekst 14. juni 10.06.2026

I søndagens tekst handlar det om det store gjestebodet. Teksta som blir lest er Lukas 14, 15-24. Vi tek ein prat med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, om søndagens tekst.

Misjonsløp for Misjonsalliansen og Krik 10.06.2026

Torsdag 4. juni var det misjonsløp på Møre Barne -og ungdomsskule Ålesund. Alle elevane var med og sprang runder for å samle inn pengar til Misjonsalliansen/KRIK og prosjektet "Idrett krysser grenser". Radio Sunnmøre var tilstades og fekk rapport direkte frå slitne løparar etter løpet. Høyr heile reportasjen på Radio Sunnmøre.

Trusopplæring i Haram 09.06.2026

Trusopplæringa i Haram har alt frå babysong, Tårnagent til karnevalgudsteneste, og det nyaste konseptet er middag på tvers. Trusopplærar i Haram, Christel Otterlei Bjerkeseth, har vore i studio for å fortelje om trusopplæringa i Haram. Ho fortel at dei driv ikkje med aktivitet for å ha aktivitetar, men for å gjere Jesus relevant i dag. Høyr heile intervjuet med Christel Otterlei Bjerkeseth, trusop...

Kvardagspraten med Marit Stokken Berland 09.06.2026

I Kvardagspraten denne veka høyrer vi Marit Stokken Berland fortelle frå møtehelga på Hafslo bedehus i Sogn. Songgleda står høgt i denne bygda, med heile to kor som deltok på møta. Det å vere med i eit kor gir både samhald og songglede, og Stokken Berland fortel at ho er imponert over desse to kora ho fekk høyre der. Høyr heile kvardagspraten med Marit Stokken Berland.

Periodeutflytta sunnmøring i nord 08.06.2026

I serien utflytta sunnmøring har vi tatt ein prat med Jostein Molvær, frå Langevåg, som har blitt periodeutflytta sunnmøring til Nord-Norge. Då jobben hans innan forsikring opphøyrde i 2025 landa han på å ta ein tur til Finnmark. Der har han blitt kyrkjetenar og kyrkjegårdsarbeidar i Havøysund. Kona og familien bur i Langevåg, så Molvær fortel at det er ein midlertidig jobb. Høyr heile intervjuet...

100 år sidan poeten Eidslotts fødsel 05.06.2026

I eit intervju med Arnold Eidslott i 2005, som aldri før har vore publisert, fortel han om tru og om diktninga si, som gjorde han til ein av landets fremste poetar. -Grunnmotivet i all min diktning er mennesket og det evige, enklare sagt mennesket og dets skapande hemmelige skapar. Eg kan ikkje forstå at folk ikkje tror på Gud. Det er det mest latterlige eg høyrer. Då seier eg til dei; - kven trur...

Ny dagleg leiar på Orreneset Misjonssenter 05.06.2026

Ny dagleg leiar er tilsett på Orreneset Misjonssenter. Sondre Bårnes har takka ja til stillinga frå 1. august 2026. Han er son til Anbjørg Bårnes, som går av som pensjonist i sommar, og fortel på Radio Sunnmøre at han har vakse opp på leirstaden. I 2018-2021 var Sondre Bårnes tilsett på Orreneset Misjonssenter før han og familien flytta til Egersund. Etter eit år kom dei heimatt til Sykkylven og h...

Markering av rusfri dag på Stedet 04.06.2026

Mandag 8. juni inviterer Frelsesarmeen Stedet Ålesund til markering av rusfri dag med kafè. Erika Lynn Solli på Stedet inviterer alle til å kome og skåle rusfritt denne dagen. Det blir musikkinnslag, servering av Frelsesarmeens rusomsorg sin eigen eplemost Epleslang, og sal av mat og bakst. Høyr heile intervjuet med Erika Lynn Solli om markering av rusfri dag 8. juni, og om arbeidet på Stedet.

Listen to the Radio Sunnmøre podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.