Øygarden kommune
Rådhuset
Kommunaldirektør i Øygarden, Johnny Breivik, inviterer gjester som har noko viktig å seia oss. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Author
Øygarden kommune
Category
Podcast website
Latest episode
Jun 19, 2026
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
Næringslivet heiar på det frivillige arbeidet 19.06.2026 16:58
Episode 25 | I denne episoden av podkasten Rådhuset har kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, invitert banksjef i Sparebanken Norge, Camilla Nygård og assisterande dagleg leiar i Sotra Gruppen, Anita Vindenes. Tema er korleis næringslivet støttar opp om det lokale frivillige arbeidet. - Sjølv om banken no er landsomfattande, er det viktig å vera lokal. Vi vil gje endå meir til frivillig...
Korleis kan vi hjelpa kvarandre i ein krise? 15.05.2026 18:59
Episode 24 | I denne episoden av podkasten Rådhuset har kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, invitert prost Jan Tommy Fosse og kommunepsykolog Kyrre Dyregrov til å snakka om korleis vi kan møta kriser i livet. - Ikkje ver redd for å ta kontakt med nokon som er ramma av ein krise. På den måten kan du få visa at du bryr deg, seier dei to. Både Jan Tommy og Kyrre har brei erfaring med å m...
Vi hyllar kultur og idretten i Øygarden 24.03.2026 29:17
Episode 23 | Denne podkastepisoden av Rådhuset er frå kultur- og idrettsgallaen 20. mars. Denne kvelden vart det delt ut seks prisar. Mange fekk heider og det vart delt ut eín million kroner i kultur- og idrettsstipend. - Det var rørande. Det er rart at eg som jobbar med å sjå andre no skal bli sett sjølv, seier André Clausen som fekk folkehelseprisen. Dei andre som vart hylla med pris denne...
Dei brenn for seniorar, barn og unge 20.02.2026 20:57
Episode 22 | I denne episoden av podkasten Rådhuset har kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, invitert to personar som brukar mykje av fritida si på andre. Berit Anita Knudtsen Larsen er for tida særleg engasjert i Demenskoret og Allsong. - Utan eit godt samarbeid mellom kommunen, det frivillige arbeidet og private aktørar, hadde vi andre fått dette til. I demenskoret ser vi meistring p...
Korleis var 2025? 12.12.2025 19:20
Episode 21 | I denne episoden av podkasten Rådhuset utfordrar kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, ordførar Tom Georg Indrevik og administrerande direktør i Brødrene Ulveseth, Inger Kristin Ulveseth, til å oppsummera året 2025. Gjestene kjem også med tankar om framtida. - Den største oppturen i år er at vi har klart å snu økonomien og at kommunen truleg kjem ut med eit lite pluss i 202...
Vi tar Øygardskonferansen på pulsen 07.11.2025 27:03
Episode 20 | Denne podkastepisoden av Rådhuset er frå Øygardskonferansen på Panorama Hotell & Resort 7. november. Tema for konferansen er «Dilemma». På konferansen kjem det fram ulike samfunnsaktørar opplever mange krysspress og utfordrande dilemma. I podkasten, der kommunedirektør Johnny Breivik inviterer gjester som har noko viktig å seia oss, møter du banksjef i Sparebanken Norge, Cami...
2025: Det store jubelåret for Fjellkoret 31.10.2025 20:20
Episode 19 | 2025 har vore og er eit festår for Fjellkoret. Koret starta i 1985 og har 40 årsjubileum dette året. Koret krona jubelåret med det ærefulle oppdraget med oppsetjinga av «Det løfteriket landet». Dette var ein del av programmet for 200-årsjubileet for utvandringa til Amerika. I denne episoden av podkasten Rådhuset er dirigent Jan L. Jacobsen og prosjektleiar Grete Eide gjester i st...
- Over all forventning å vera fosterheim 17.10.2025 18:39
Episode 18 | Det er eit stort behov for fosterheimar i Noreg. Det gjeld også i Øygarden. - Vi ønskte å hjelpa barn i nærmiljøet og skapa ein grunnmur for barnet. Det å vera fosterheim har gått over all forventning. Vi har fått mykje støtte og hjelp frå barnevernet, seier fostermor Anita. Ho er ein av gjestene i denne episoden av podkasten Rådhuset der kommunedirektør i Øygarden inviterer gjes...
Offentlege tenester er under press 19.09.2025 24:56
Episode 17 | - Vi kan bli tvinga til å utsetja eller å ta vekk offentlege tenester. Det seier professor på NHH, Ola Honningdal Grytten, i denne episoden. I podkasten Rådhuset inviterer kommunedirektør Johnny Breivik gjester som har noko viktig å seia oss. Honningdal Grytten seier at med fleire eldre og færre i arbeid, vert vi tvinga til å auka produktiviteten for å skaffa nok pengar til pensj...
Møt to visjonære samfunnsaktørar med beina på jorda 05.09.2025 23:10
Episode 16 | Peder O. Lie frå Li i Øygarden og Inge Halstensen frå Bekkjarvik i Austevoll har mykje felles. Begge er knytt til eit rikt fiskerimiljø og er profilerte samfunnsbyggjarar. I podkasten Rådhuset inviterer kommunedirektør i Øygarden personar som har noko viktig å seia oss. I denne episoden fortel dei to samfunnsaktørane om oppturar og nedturar over fleire generasjonar. - Inge har utvikla...
Vestnytt har ei viktig samfunnsrolle 27.06.2025 17:51
Episode 15 | - Det er ikkje planar om å slutta å gje ut Vestnytt i papir, men det er ikkje sikkert avisa kjem ut i papirformat om 10 år. Det seier redaktør i Vestnytt og Askøyværingen, Leif-Kjartan Bjørsvik, i denne episoden av podkasten Rådhuset der kommunedirektør Johnny Breivik inviterer gjester som har noko viktig å seia oss. Redaktøren seier at hovudrolla til Vestnytt er å informera, men avis...
Nynorskfolket er samla i Øygarden 04.06.2025 30:10
Episode 14 | Den 3. og 4. juni gjennomførte LNK (Landssamanslutninga av nynorskkommunar) landstinget på Panorama Hotell & Resort i Øygarden. Vel hundre politikarar, byråkratar og andre språkinteresserte var samla. Vi har i episode 14 av podkasten Rådhuset snakka med fleire av deltakarane på konferansen som hadde den beste oppslutnaden på 14 år. Læremiddel på nynorsk, målbyte, språkbruksplan, o...
Peter Frølich takkar Øygarden 23.05.2025 21:51
Episode 13 | - Eg var rørt til tårene då eg såg den store brannbilen rulla over grensa til Ukraina. Det er stas å koma hit og seia tusen takk for bidraget frå Øygarden. Det seier stortingsrepresentant Peter Frølich som er styreleiar og sentral i etableringa av organisasjonen Fritt Ukraina. Kommunedirektør Johnny Breivik har invitert Frølich i denne episoden av podkasten Rådhuset. Det er no tr...
Det må aldri skje igjen 16.05.2025 20:50
Episode 12 | - Landet vårt treng eit sterkt forsvar. Det seier styreleiar i Sotra og Øygarden forsvarsforening, Tor Glistrup, i denne episoden av kommunedirektør Johnny Breiviks podkast, Rådhuset. Nokre dagar etter 8. mai og i forkant av 17. mai snakkar dei om tryggleik, forsvar, fred og felles verdiar. - Vi må byggja opp forsvarsevna og forsvarsviljen. Om ti år vil vi få det forsvaret vi bur...
Øygarden er ein viktig kommune i Vestland 25.04.2025 24:35
Episode 11 | - Eg opplever at nye Øygarden kommune er eit fyrtårn og er ein viktig utviklingsaktør i vest. Det seier fylkesordførar Jon Askeland i siste episode av kommunedirektør Johnny Breiviks podkast Rådhuset. Saman med ordførar Tom Georg Indrevik oppsummerer fylkesordføraren fem år med den nye kommunen og korleis Øygarden kan vera ein viktig utviklingsaktør i åra som kjem. Tema i podkastepiso...
Møt den fargerike kulturprisvinnaren Sverre Bungum 04.04.2025 27:02
Episode 10 | - Eg har ein hang til å vera polemisk, og av og til må eg ta meg sjølv i nakken for ikkje å gå få for langt. Det seier Sverre Bungum som for to veker sidan fekk tildelt kulturprisen 2024. Prisvinnaren har i så og seia brukt heile yrkeskarrieren sin i gamle Sund kommune som skulestyrar og byråkrat. I fritida brukte han tida på idrett, målarbeid og skulemusikkorps. Sverre Bungum likar å...
Nytt konsept gir uvanleg gode resultat 28.02.2025 20:44
Episode 9 | Øygarden kommune har inngått samarbeid med SafeChoice Clinic & Research. Dette selskapet kan visa til svært gode resultat for personar med kroniske helseplager. - Sidan vi starta opp med dette har vi spart det offentlege og forsikringsselskapa for 100 millionar kroner, seier dagleg leiar Gerd Kvale som er professor i klinisk psykologi. Saman med indremedisinar Eirik Søfteland er ho...
Legg om trafikken ved Storavatnet 31.01.2025 16:46
Episode 8 | Frå helga av vert trafikken lagt om ved Storavatnet for dei som reiser til og frå Askøy. Korleis slår dette ut for trafikken til og frå Øygarden? Kommunedirektør i Øygarden kommune, Johnny Breivik, har invitert prosjektleiar i Statens vegvesen, Lene Sælen Rivenes, som gjest i episode åtte i podkasten Rådhuset. Ho fortel både om omlegginga ved Storavatnet og gjev oss status for arbeidet...
Sterke historier frå Telavågtragedien 13.12.2024 24:53
Episode 6 | - Eg blei berørt av dei personlege historiene. Det seier forfattar av den ferske boka Krigens fargar , Vivian Midttveit. Ho er gjest i episode seks der kommunedirektør i Øygarden, inviterer gjester som har noko viktig å seia oss. I boka skildrar Midttveit enkelthistorier frå Telavågtragedien under andre verdskrigen. Ei heil bygd vart utsletta som ein hemnaksjon frå tyskarane. Vivi...
Gode råd frå brannfolk før jul 06.12.2024 20:21
Episode 5 | - Hald roen og sjekk røykvarslarane i heimen din og hos dei du er glad i! Det er eitt av råda frå kommunikasjonsleiar i Bergen brannvesen, Trine Sivertsen Sommerlade, og seksjonsleiar i Øygarden brann og redning, Leif Reithaug. Dei er på plass i Rådhuset der kommunedirektør Johnny Breivik i inviterer gjester som har noko viktig å seia oss. I denne episoden får du mange gode råd om...
Jobben gjer frisk 22.11.2024 17:07
Episode 4 | Silje Mæland er professor på Universitetet i Bergen og forskar mykje på sjukefråvær. Ho er gjest i episode fire i Rådhuset der kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, inviterer gjester som har noko viktig å seia oss. - Ta tidleg kontakt ved sjukefråvær og spør den sjukemeldte om kva vi kan gjera for deg, seier Mæland som samarbeider med Øygarden kommune i prosjektet Jobben gjer fri...
Vi tar pulsen på Øygardskonferansen 08.11.2024 24:58
Episode 3 | I denne episoden har vi flytta mikrofonane til Øygardskonferansen på Panorama Hotell & Resort 8. november. Overskrift for konferansen er Vidsyn, vilje og visjon. Vi snakkar med foredragshaldarar, deltakarar og arrangøren Vest Næringsråd. Blant gjestene er næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) og partileiar i Høgre, Erna Solberg. I podkasten Rådhuset inviterer kommunedirektør Johnny...
Øygarden som reisemål 01.11.2024 16:16
Episode 2 | Reiselivsdirektør i Bergen, Anders Nyland, er gjest i episode to i Rådhuset der kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, inviterer gjester som har noko viktig å seia oss. - Eg har veldig stor tru på å merkevarebyggja kysten. Øygarden har lett tilgjengeleg natur med ein utruleg spennande historie, ikkje minst krigshistorie, seier Anders Nyland som meiner Øygarden har stort potensiale...
Fem år med ny kommune. Kva no? 25.10.2024 11:49
Episode 1 | Ordførar Tom Georg Indrevik får æra av å vera gjest i den første episoden av Rådhuset. Etter den offisielle opninga av podkasten, snakkar han om dei fem første åra for Øygarden kommune. - For meg har møtet med menneske vore det største som ordførar i desse åra. Møtet med innbyggjarane, dei tilsette og næringslivet har gjeve oss framtidsoptimisme, seier ordføraren i denne episoden. Host...
Rådhuset kjem 07.10.2024 0:38
Kommunedirektør Johnny Breivik inviterer gjester med spennande bodskap. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.