Bergens Tidende

Nokon må gå

News NO ↓ 259 episodes

Nokon må gå er ein podkast om politikk og kvardagsliv. Kommentatorane i Bergens Tidende tar for seg vekas mest engasjerande saker. Dei spør også kva dei eigentleg driv med på Austlandet.

Be sure to visit the podcast's website and support the creator: shows.acast.com

Author

Bergens Tidende

Category

News

Podcast website

shows.acast.com

Latest episode

Nov 20, 2026

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 10M+ downloads · 4.7+ rating iOS soon

Episodes

Nokon må spå! (Og litt festbremsing.) Høyr episoden hos Podme og i BT-appen. 04.01.2024

2023 gjekk ut med veldig mange smell i Bergen. NMG-gjengen spør seg om kvifor eit forbod mot fyrverkeri ikkje er på plass forlengst. Og så er det tid for den årlege gisseleiken: Me gir våre spådommar for 2024. Bli med du også! Produsent: Henrik Svanevik

2023 var… 21.12.2023

Me er eigentleg tomme for ord som kan skildre 2023. Her kjem likevel ein heil del. For dette var året der INP blei eit parti å rekne med, der bergenspolitikken verkeleg tok av, og der ikkje berre nokon, men veldig mange måtte gå. Og heilt til slutt gir me dykk høgdepunktet frå juleshowet: «Se banen bore».

Snabba cash og et veddemål som gikk feil. Hør episoden hos Podme og i BT-appen. 14.12.2023

Hvor mye lønn fortjener egentlig politikere? Terje Søviknes får kritikk for å stable verv og sope inn over to millioner. Hvordan kunne NSM ta opp et ulovlig lån på 200 millioner av John Fredriksen? Og ingenting går på skinner for byutviklingsbyråden i Bergen, Christine Kahrs, som kan vise seg å være inhabil i hele bybanesaken. Produsent: Henrik Svanevik

Støre blir knust av Solberg. Må han snart gå? Høyr episoden hos Podme og i BT-appen. 07.12.2023

Vekas store jordskjelv var frikjenninga i Tengs-saka. Kva betyr det at historia gjentek seg? I Bergen sit pengane laust i lommeboka hos det nye byrådet. Luksusfellen neste? Og Erna Solberg ristar av seg skandalene, og vinn tilbake folkets tillit. Er dette byrjinga på slutten for Jonas Gahr Støre? Produsent: Henrik Svanevik

Ingen elskar hobbyane til Sindre Finnes, folk som jobbar med klima eller NRKs etiske kompass 23.11.2023

Vekas store snakkis er NRKs presseetiske tramp i salaten i serien «Ingen elsker Bamsegutt». Men det er ikkje berre den utelatte overgrepsdommen som er problemet. Sindre Finnes treng ein ny hobby, og «Nokon må gå» stiller opp. I Bergen viser det seg at eit protestparti er eit protestparti – uansett. Produsent: Arve Stigen

Ernas botsøving, Giske-comeback og bergensk julegåve: Høyr episoden hos Podme og i BT-appen no 16.11.2023

Erna Solberg vil ikkje drive med «lutheranske symbolhandlingar» som å gå av. Trond Giske har funne alle Aps problem. Og Newcastle vil ikkje lenger ha maltrakterte juletre frå Bergen. Kva skal me sende dei då? Høyr heile episoden i BT-appen og hos Podme. Produsent: Henrik Svanevik

Oops!..I said it again 26.10.2023

Politikerne plumper uti både i Bergen og Brussel. Mens Terje Søviknes blir ordfører for sjette gang. Nytt byråd er fortsatt ikke på plass i Bergen, men byen har fått en ny ordfører. Morten, Gerd og Marie diskuterer hvorfor det tar så lang tid. Og etter enormt mange forespørsler: Hva skjer egentlig i Alver? Produsent: Gerd Tjeldflåt

Falske tårer, falsk snø, men ekte protestar 28.09.2023

Blir det verkeleg ingen Bybane dersom det blir omkamp denne gongen? Jens, Eirin og Gerd diskuterer sanninga i den påstanden, og snakkar om korleis Ap i Bergen tapte valet, men sit i ein drøymeposisjon. Erna Solberg kjempar framleis for si politiske framtid. Medan folk snakkar om tårene hennar er ekte, rullar også sakene vidare. Produsent: Henrik Svanevik

Si meg, hva betyr kaos: Episode ute hos Podme og i BT-appen. 14.09.2023

Jens, Gerd og Marie slit med å finne dei rette orda for å skildre alt som skjer i Bergen. Utan at dei held stilt av den grunn. No er valresultatet landa, men det gir eit verst mogeleg utgangspunkt for å kunne styre byen. Og Bergen Høgre har allereie sparka bein på sine eigne partikameratar i fylket. Hør hele episoden med abonnement hos Podme eller i BT-appen.

Død over klimarørsla og Høyre går i bakken: Episode ute hos Podme og i BT-appen. 08.09.2023

Vi er fire dager unna valgdagen. Høyre faller som en stein på meningsmålingene, men gjorde reint bort sammen med Frp og Venstre i skolevalget. Får Unge Høyre-leder Ola Svenneby ufortjent mye tyn for å erklære generasjon Greta Thunberg for død? Og tror vi egentlig på forklaringene til Anniken Huitfeldt om at hun ikke har delt børssensitiv informasjon med mannen Ola Flem? Hør hele episoden med abonn...

- No raknar det for Høgre! 31.08.2023

Endå ei fersk måling bekreftar at kaos er tilbake i bergenspolitikken. Mest oppsiktsvekkande er Høgre. Er dei på veg utfor stupet? Eit anna parti opplever ein kraftig og oppsiktsvekkande oppsving. I regjeringa har aksjehandel igjen ført ein statsråd i trøbbel. Korleis er det mogeleg? Produsent: Henrik Svanevik

Serval på rømmen, skandaleprosjekt og viral luksusrestaurant 03.08.2023

Fryktkultur og lovbrot er avdekka på det gigantiske byggeprosjektet med ny Sotrabru. Vil det skape problem for Høgres prestisjeprosjekt, OPS, vidare? Elles er vestlandssommaren prega av ein serval på rømmen i Bjørnafjorden. Og denne veka gjekk ein luksusrestaurant i Rosendal viralt, verda over. Men ikkje på grunn av maten… Produsent: Henrik Svanevik

Hovmod står for fall, riksrett og all makt til Åsane 29.06.2023

Landet har fått kulturminister frå Bergen, og samtidig meiner ein UiB-professor at riksrett må vurderast i Trettebergstuen-saka. I Bergen blir det eit historisk fyrevindauge på Torgallmenningen i sommar, men både Jens og Eirin er meir skeptiske enn før. Og så undersøker me landets nye maktsentrum: Strekninga frå Flaktveit til Toppe i Åsane. Produsent: Henrik Svanevik

Bybanefinale og pridetrussel 01.06.2023

Historie har skjedd i Bergen. Etter ti år har bypolitikarane, etter alle solemerke, landa bybanesaka. Likevel er det høgst usikkert når banen faktisk kan bli bygd. Torsdag blei me minna om det mørke bakteppet for Pride-festivalen, då eit barnearrangement blei avlyst på grunn av trugsmål. Det fører oss over til diskusjonen om kvifor justisministeren og det skeive miljøet har kome så… skeivt ut. Pro...

Telefon fra Støre og en influenser på Akvariet 04.05.2023

Selvskadingen i Arbeiderpartiet tar aldri slutt, og nå har statsminister Jonas Gahr Støre klart å gjøre seg selv til saken. Hvorfor ringte han Helga Pedersen selv? Imens skaper politivold enda en tillitskrise i politiet, og influenseren Sophie Elise har fått ekkel bismak i munnen av Akvariet i Bergen. Produsent: Henrik Svanevik

Landsmøte-spesial: Mykje Raudt og litt KrF 24.04.2023

Morten brukte ungdomstida i Framstegspartiets Ungdom. Denne helga var han på sitt første Raudt-landsmøte. Me tar òg ein kort tur innom Hamar, der KrF tok eit lite retningsval i kampvoteringa om nestleiarvervet. Produsent: Henrik Svanevik

Bli med på påskereise 05.04.2023

«Nokon må gå» dreg på rundtur i Noregs land. Skjønnar du kor me stoppar? Send oss dine svar og bli med i trekninga av ein eksklusiv NMG-kopp! Produsent: Henrik Svanevik

Vestlandsvasking, Erna-bok og køkaos 09.03.2023

Erna Solberg har gitt ut eit nytt politisk manifest, men i Nokon må gå-studio blir det reist eit stort spørsmål til det heile. For kva gjorde ho eigentleg då ho styrte sjølv? Rikingar som prøver å vestlandsvaske skatteproblema sine er også tema. Og i vekas «Å Vestland» står by mot land når vegarbeid og kø er tema. Er det eigentleg synd på byfolk som står i kø på veg til hytta? Produsent: Henrik Sv...

Dritslenging og anna ungdomsskulestemning 02.02.2023

Den store snakkisen i Bergen denne veka var uforskamma og uprovosert dritslenging frå ein kjent forfattar. I bergenspolitikken sit Arbeidarpartiet igjen nesten utan venner, og ser ut til å takle det ganske dårleg. Partileiar Olaug Bollestad har lansert ein ny strategi for KrF, men vil den lukkast? Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Eirin Eikefjord og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk...

Nytt år, nye spådommer 05.01.2023

Erna Solberg (H) skal fortsatt være partileder i Høyre. Hva betyr det, og hva er alternativet? I 2023 er det nytt valg, nye poster som skal fordeles, og ganske sikkert nye skandaler. I denne episoden ser Nokon må gå-gjengen i den politiske spåkulen, og oppsummerer spådommene fra i fjor. Programledere: Gerd Tjeldflåt, Jens Kihl og Eirin Eikefjord Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Tors...

Pengedryss over Vestlandet, skillingsbolle på ein snurr og infantile studentar 01.12.2022

Det er semje om statsbudsjettet, og SV har sikra pengar til viktige vegar og prosjekt her vest. Samstundes får regjeringspartia stadig nye skrekkmålingar. Kan det henge saman? I Bergen har studentane erklært utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) persona non grata, noko som har skapt intern strid i podden. Det same har vår tids viktigaste bakst- og bollespørsmål, og NMG-gjengen tar debatten. Progr...

Promo: Dommen 28.11.2022

Noen rettssaker får enorm betydning, ikke bare for dem som er involvert, men for hele samfunnet. Podkasten «Dommen» forteller hva som egentlig skjedde i de viktigste sakene i norsk rettshistorie. Lytt på bt.no eller Podme.

Nytt byråd i Bergen 03.11.2022

Arbeidarpartiet dannar byråd saman med Venstre, medan MDG ikkje får vere med vidare. På ein pressekonferanse torsdag sa avtroppande byråd Thor Haakon Bakke (MDG) at han var sjokkert. Me snakkar oss gjennom siste nytt i Bergens politiske drama i denne ekstraepisoden. Vekas vanlege episode kjem fredag. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Morten Myksvoll og Eirin Eikefjord. Produsent: Morten Myksvoll Vig...

Bergen i limbo, trugslar i Nordsjøen og litt optimisme frå 80-talet 12.10.2022

Ingen vil styre Bergen etter at Roger Valhammer trekte seg. Men kva er eigentleg poenget med å vere politikar viss du ikkje vil ha makt, spør Jens Kihl, Morten Myksvoll og Gerd Tjeldflåt seg. Droner i Nordsjøen får krigen til å komme nærare, men Myksvoll forklarer også kvifor me nordmenn ikkje skal vere så redde for krig. Og treng du å sjå endå litt lysare på livet, så har Kihl reist tilbake til 8...

Bergen i bybanekaos, lærarsympati og ræveskaret opp 15.09.2022

Regjeringa har nettopp kasta Bergen ut i meir bybanekaos. For skal dei likevel ikkje betale 70 prosent av banen? Blir det då meir bompengar? Samstundes er det gått ein månad sidan elevar skulle starta på skule, og foreldre begynner å gå laus på streikande lærarar. I vekas «Å Vestland» handlar det om manndomsprøven Stoltzekleiven opp, eller Ræveskaret opp som det eigentleg skulle heitt. Programleia...

Listen to the Nokon må gå podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.