Litteraturhuset i Bergen

LittPod

Arts NO ↓ 500 episodes

Vestlandets litteraturhus. En arena for litteratur, offentlig ordskifte og kulturopplevelser. Meld deg på vårt nyhetsbrev for ferske oppdateringer: bit.ly/litthusbergenbrev

Author

Litteraturhuset i Bergen

Category

Arts

Podcast website

www.litthusbergen.no

Latest episode

Jun 10, 2026

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 5M+ downloads · 4.8 rating iOS soon

Episodes

LitFestBergen 2020 - Foredrag, kvar dag: Dei unge demonstrantane i Hong Kong 09.02.2020

Kven er dei unge menneska som dagleg demonstrerer i Hong Kong? Aktivist, advokat og forfattar Jason Y. Ng har skrive fleire bøker om Hong Kong. Den nyaste, Unfree Speech, har han skrive saman med Joshua Wong, den 23 år gamle studentaktivisten som leiar demonstrasjonane i heimstaden. Kva er det i vår globale samtid som får svært unge menneske til å rope uredd ut om urett? I dette foredraget fortel...

LitFestBergen 2020 - Kva skjer i Hong Kong? 09.02.2020

Hong Kong har i fleire tiår vore verdsleiande innan handel og finans. I juni 2019 inngjekk den tidlegare britiske kolonien ei utleveringsavtale med Kina, noko som utløyste omfattande demonstrasjonar, og etter kvart førte til krav om demokratisk reform. Advokatane Antony Dapiran og Jason Y. Ng frå Hong Kong er begge aktuelle med nye bøker om protestrørsla. Dei kjem til LitFestBergen for å fortelje...

LitFestBergen 2020 - Døden, kvar dag 09.02.2020

Den syriske forfattaren Khaled Khalifa er ein av få som kan forlate Syria, men som ikkje vil det. Han blir rekna som ein av Syrias største nolevande forfattar, og er ein kronikør av den pågåande krigen. Hans nyaste roman, Døden er eit slit, handlar om ein grotesk og burlesk road-trip frå Damaskus til Anabiya med eit lik i bagasjen. Khaled Khalifa møter Syria-kjennar, journalist og forfattar Diana...

LitFestBergen 2020 - Draumar frå krigen 09.02.2020

Korleis skrive humoristisk om krigens groteske kvardagsliv? Korleis drøyme, når det verkelege trenger seg på? I novellesamlinga Vitser til soldatene skriv palestinsk-islandske Mazen Maarouf med humor og intelligens om krigen. Han møter litteraturforskar Daniel Medin til ein samtale om korleis latteren kan redde oss frå røynda, men også lære oss noko nytt om den. På engelsk. På Bergen internasjonal...

LitFestBergen 2020 - Kvar dag er eit unnatak 09.02.2020

Kashmir er ein stat splitta i to av India og Pakistan. Sidan 1990 har eit brutalt militæregime traumatisert den i hovudsak muslimske befolkninga som bur på indisk side, og titusenar har blitt drepne, torturerte, valdtekne eller forsvunne. I august 2019 mista Kashmir siste rest av demokrati og fritt styresett, og sidan har all kommunikasjon og ferdsel vore kontrollert av det indiske militæret. Forf...

LitFestBergen 2020 - Occupied life 09.02.2020

Korleis er det å leve i Palestina etter 50 år med israelsk okkupasjon? Ekteparet Raja Shehadeh og Penny Johnson har i fleire tiår budd i Ramallah. Dei har skrive kvar si personlege forteljing om korleis livet har endra seg – for både menneske og dyr – men og, til same tid, korleis eit okkupert liv òg raskt blir eit kvardagsliv. Shehadeh og Johnson møter palestinaforskar Kjersti G. Berg til samtale...

LitFestBergen 2020 - Rasisme i USA før og no (2. runde) 09.02.2020

Då Lynda Blackmon Lowery marsjerte med Martin Luther King frå Selma, Alabama i 1965, var ho berre 15 år, men ho visste kva rettferd var, og ho visste ho ville ha det. Dette fortel Lowery om i den grafiske memoarboka Turning 15 on the Road to Freedom. Lowery har levd gjennom - og vore med på - store omveltingar i amerikansk historie. Korleis var det den gongen, og korleis er det eigentleg å vere sv...

LitFestBergen 2020 - Rasisme i USA før og no 09.02.2020

Då Lynda Blackmon Lowery marsjerte med Martin Luther King frå Selma, Alabama i 1965, var ho berre 15 år, men ho visste kva rettferd var, og ho visste ho ville ha det. Dette fortel Lowery om i den grafiske memoarboka Turning 15 on the Road to Freedom. Lowery har levd gjennom - og vore med på - store omveltingar i amerikansk historie. Korleis var det den gongen, og korleis er det eigentleg å vere sv...

LitFestBergen 2020 - Lytteposten: Arabisk litteratur 09.02.2020

Lytteposten er LitFestBergens gratistilbod til deg som treng ein pause frå festivalprogrammet – men som ikkje har lyst til å ta den. Finn deg ein plass, len deg tilbake og lytt til to av festivalens arabiskskrivande forfattarar lese frå bøkene sine i engelsk omsetting. Med Khaled Khalifa (Syria) og Mazen Maarouf (Libanon) På engelsk. På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjø...

LitFestBergen 2020 - Lytteposten: Engelsk litteratur frå heile verda 09.02.2020

Lytteposten er LitFestBergens gratistilbod til deg som treng ein pause frå festivalprogrammet – men som ikkje har lyst til å ta den. Finn deg ein plass, len deg tilbake og lytt til fire av festivalens engelskskrivande forfattarar lese frå bøkene sine. Med Tishani Doshi (India), Mary Ruefle (USA), Raja Shehadeh (Palestina) og Jonny Steinberg (Sør-Afrika). På Bergen internasjonale litteraturfestival...

LitFestBergen 2020 - Lytteposten: Fransk litteratur 09.02.2020

Lytteposten er LitFestBergens gratistilbod til deg som treng ein pause frå festivalprogrammet – men som ikkje har lyst til å ta den. Finn deg ein plass, len deg tilbake og lytt til to av festivalens franskskrivande forfattarar lese frå bøkene sine. Med Patrick Chamoiseau (Martinique) og Marie Darrieussecq (Frankrike). På fransk og engelsk. På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa o...

LitFestBergen 2020 - Foredrag, kvar dag: Eilert Sundt og den norske kvardagen 09.02.2020

Samfunnsforskaren og presten Eilert Sundt var ein pionér i kartlegginga av det norske kvardagslivet og blir rekna som grunnleggaren av norsk sosiologi. Forfattar og kritikar Espen Stueland fortel i dette foredraget om arbeidet sitt med den formfornyande og kritikarroste boka Eilert Sundt-tilstanden – ei forskingsformidling i verseform. På norsk. På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakp...

LitFestBergen 2020 - Foredrag, kvar dag: Fornuft og forakt 09.02.2020

Kva er retorisk makt? Kva har den å seie for ytringsfridomen? Og kva skal til for at samfunnets stumme skal bli høyrde? Anders Johansen er professor i sakprosastudiar ved Universitetet i Bergen, og kom i 2019 med verket Komme til orde. Politisk retorikk 1814-1913. I dette foredraget snakkar han om retoriske slag i norsk politisk historie, og om kva som avgjer kven som går av med sigeren. På norsk....

LitFestBergen 2020 - Foredrag, kvar dag: Litterær oppdagingsferd 09.02.2020

Med boka Å lese verden tilbyr Tonje Vold lesaren ein alternativ måte å forstå verdslitteraturen på. Gjennom nye briller oppdagar vi at det finst andre måtar å lese klassikarane på, og ikkje minst oppdagar vi betydninga litteraturen kan spele for makt, motstand og frigjering. I dette foredraget snakkar Vold om kva som skjer når våre litterære verdsbilete oppstår og når dei kollapsar. På norsk. På B...

LitFestBergen 2020 - Foredrag, kvar dag: Livet med dyra 09.02.2020

Penny Johnson har undersøkt den israelsk-palestinske konflikten frå ein høgst uvanleg vinkel: Dyra som forsøker å overleve i dei okkuperte områda. I dette foredraget fortel Johnson om ulovlege kyr, arresterte esel, vakre kamelar og jaga hyenar – og om korleis menneske og dyr i Palestina til tider deler ein skjebne som både er grotesk og absurd. På engelsk. På Bergen internasjonale litteraturfestiv...

LitFestBergen 2020 - Foredrag, kvar dag: Terrorens ofre 09.02.2020

Dette er terroren sitt mål: Å skape negativ merksemd, å skape frykt. Korleis pregar terroren dei som blir direkte råka, som skadde, traumatiserte eller som pårørande? Vibeke Knoop Rachline er journalist og forfattar, busett i Paris, og aktuell med boka Terror i Europas hjerte. Med utgangspunkt i denne snakkar ho om dei som fort blir gløymde etter at kamera er slått av: terrorens ofre. På norsk. På...

LitFestBergen 2020 - Foredrag, kvar dag: Tyskland etter Merkel 09.02.2020

Angela Merkel har regjert i Tyskland sidan 2005, men har no trekt seg som partileiar og stiller ikkje til attval. Samstundes som hennar eige parti er i leiarkrise, er sosialdemokratane på veg mot avgrunnen, og fram stormar både Dei grøne og høgrepopulistane. Korleis ser den tyske partipolitikken ut i dag? Og kor vanskeleg blir det for den som skal ta over etter Merkel? Ingrid Brekke er forfattar o...

LitFest2020 - Eit eige språk 09.02.2020

Da Patrick Chamoiseau var ung skulegut på den franske øya Martinique i Karibia, var det lite rom for det kreolske språket som befolkninga brukte til vanleg. Korleis finne sitt eige språk som forfattar, når orda ein bruker ikkje blir anerkjent, og ein tilhøyrer ein folkesetnad som har blitt undertrykt og blei heldt som slavar i fleire hundreår? I denne samtalen med omsetjar Synneve Sundby, snakkar...

LitFestBergen 2020 - Korleis omsette kvardag? 09.02.2020

Korleis kan kvardagsspråket, som tar utgangspunkt i alt frå det konkrete og tinglege til djupt kulturelle fenomen – som til dømes sjølve omgrepet kvardag – bli omsett frå eit språk til eit anna? Kva om det ikkje er det spesialiserte språket som er vanskelegast å formidle på eit anna språk? Forfattar Laila Stien omsett frå nordsamisk til norsk og Synneve Sundby omsett frå fransk til norsk. Dei møte...

LitFestBergen 2020 - Livet er overalt 09.02.2020

I den nyaste romanen til franske Marie Darrieussecq, La mer à l’envers, reiser den kvinnelege protagonisten, ein psykolog i 40-åra, på cruise i Middelhavet. Ei natt plukkar skipet opp ein båt med flyktningar, og ho blir kjent med den unge nigerianaren Younes. Korleis kan ein vite om ein gjer det rette for seg sjølv og for andre? Forfattarskapen til Darrieussecq er mellom dei mest lesne i hennar ge...

LitFestBergen 2020 - Mary Ruefle: Kvardagshovud 09.02.2020

”Stad er ikkje viktig. Eg skriv for det meste i mitt eige hovud, som eg kan ta med meg kvar eg enn går”, uttala Mary Ruefle i eit intervju med The White Review. Ruefle har skrive ei rekke diktsamlingar og essay der ho igjen og igjen viser si evne til å bruke språket for å vri om på det som er forventa og skape nye, underfundige og djupe samanhengar. I denne samtalen med forfattar og kritikar Ida L...

LitFestBergen 2020 - Statsautoriserte minne 09.02.2020

I ei tid kor den russiske staten forsøker å skape ei patriotisk, einsarta framstilling av landets historie, tar Maria Stepanova i si nyaste bok ei heilt anna retning: Gjennom kvardagslege gjenstandar og erfaringar undersøker ho si eiga russisk-jødiske familiehistorie. Stepanova møter professor i russisk, Ingunn Lunde, til samtale om korleis enkeltmenneskets erfaringar kolliderer med statens monopo...

LitFestBergen 2020 - Å kome heim til språket 09.02.2020

I fleire tiår blei norske samar utsette for ein brutal og undertrykkande fornorskingspolitikk, og dei blei nekta å bruke sitt eige språk. Kva konsekvensar har dette hatt for bruken av samisk som kvardagsspråk og som litterært språk? Og korleis vel ein som norsk-samisk forfattar i dag kva språk ein skal skrive på? Forfattarane Risten Sokki og Sigbjørn Skåden møtest til samtale under leiing av litte...

LitFestBergen 2020 - Kluss med kunst og klasse 09.02.2020

Kan ein forfattar skrive om kva han vil og kven han vil, på nøyaktig den måten han vil sjølv? Det er spørsmålet Jens M. Johansson utforskar i sin nyaste roman Lavterskeltilbud. Den handlar om førtiseks år gamle Adam Berg, forfattar, som bestemmer seg for å skrive eit meisterverk om arbeidarklassen. Men korleis? Johansson kjem til LitFestBergen for å snakke om klasse, kunst og representasjon, og kv...

LitFestBergen 2020 - Kva skjedde med mor? 09.02.2020

Utsette barn og skjøre familiar har vore eit gjennomgangstema i forfattarskapen til Tiril Broch Aakre. I haust gav ho ut romanen Mødre og døtre, eit sjølvbiografisk skriftstykke om kva som hende da hennar eiga mor tok livet sitt i 2016. I denne samtalen med forfattarkollega Selma Lønning Aarø snakkar Aakre om det dobbelte tapet i å ha, og så miste, ei psykisk sjuk mor, og om korleis ein kan snakke...

Listen to the LittPod podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.