Zenario

Hildegunn & Leif-Per

Comedy NN ↓ 189 episodes

Hildegunn Moltubakk er ei fråskilt trebarnsmor frå Ulsteinvik på Sunnmøre. Ho ringer stadig til svogeren sin, Leif-Per - for å lufte både frustrasjon og rare idear. Men nokon avlyttar samtalane og gir dei ut som podcast... Vil du støtte denne podkasten? VIPPS eit valfritt bidrag til #604810. Vil du sjå Hildegunn & Leif-Per i levande live? Det nye showet "UTAN Kringkastingsorkestret" er til no sett av over 19.000! Sjekk turnéliste og billettar på www.zenario.no Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Author

Zenario

Category

Comedy

Podcast website

www.facebook.com

Latest episode

Jul 3, 2026

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 5M+ downloads · 4.8 rating iOS soon

Episodes

#14: Gjenforeining og bortforklaring 08.11.2022

Hildegunn er invitert til reunion for vidaregående for n’te gong, men har lite lyst - og treng ei unnskulding som held vatn. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#13: Power og onomatopoetikon 30.10.2022

Det kan vise at ei relativt enkel vaskemaskin står for den verste psykogiske terroren som er å oppdrive her til lands. Er det mogleg å få den maskina til å pipe berre éin gong??!! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#12: Retriever og vaksenopplæring 25.10.2022

Kva er det med hundeeigarar som berre tek for gitt at tilfeldige turgåararar berre må elske hunden deira like høgt som dei gjer sjølve? Og er du like distré som Hildegunn? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#11: Sjeselong og leverpostei 16.10.2022

Kva er det beste møbelet når ein skal snakke med psykologen, sjeselong eller saccosekk? Og kvifor bruker Fredrik Solvang i Debatten i NRK dressjakka til Rikerud i Andeby? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#10: Svindel og Mummikopp 09.10.2022

Hildegunn lurer på om ho har ei tvangsliding som resultat av at ho er blodgivar. Og dersom vi i Noreg skulle teste ut ordninga med opplyst einvelde – er då kanskje Lothepus den som bør ta styringa? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#9: Pynt og valfag 02.10.2022

Hildegunn avslører at ho lenge har hatt ein draum om å jobbe som privatetterforskar, og har sjølv sine meiningar om Eirik Jensen-saka. Og kva slags møblement og utstyr har du sjølv ståande heime, i tilfelle kongen skulle kome forbi på ein kopp te? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#8: Skurtreskar og bedøving 25.09.2022

Kven kan med handa på hjartet seie at dei veit kva som er skur og kva som er tresking? Og kva er det tannlegen gjer som kan føre til at du får eit horn i panna? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#7: Lommer og hattar 18.09.2022

Hildegunn avslører at ho har det med å lommeringe ordføraren i tide og utide. Og no når Dronning Elizabeth er borte, er det ikkje då på tide at vi får vite kor stort hattebudsjettet hennar eigentleg var? For ikkje å snakke om hatteøskjebudsjettet! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#6: Moskus og Haaland 11.09.2022

Kvifor fekk kvalrossen Freya så mykje meir omtanke i ettertid enn moskusen som rota seg inn i eit boligområde i Isfjorden ved Åndalsnes? Er det best å gje dyra eit namn før det er for seint? Og kor god fotballspelar er eigentleg Erling Braut Haaland? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#5: Fastlegar og ripssaft 04.09.2022

Kan du eigentleg kalle ein fastlege som du ikkje har sett på 3 år for ein «fastlege»? Og sidan det går så smått med oss om dagen, med økonomi og straum og alt: Bør vi eigentleg førebu oss på ei framtid der det er vi nordmenn som reiser til Polen for å tilby handverkartenester? Vil «nordmann» etter kvart bety det same som «ein som kan fikse kjøkenet ditt for ein rimeleg penge»? Hosted on Acast. See...

#4: Rottweiler und Neandertaler 28.08.2022

Det er ikkje så lett å vere omsorgsfull mamma når dottera på 29, Brit-Bente har flytta heim igjen med fire ungar og ein rottweiler på lasset. Rottweileren er heller ikkje så begeistra for puddelen til sonen, Per-Stig – som òg har det med å stikke innom.     Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#3: Telttur og avocado 21.08.2022

Er det ikkje på tide å gå i demonstrasjonstog for den stakkars avokadoen? Først skal han fraktast på skip, umoden og engsteleg – over Atlanteren, for deretter å hamne i matavfallet fordi den råtnar straks den ser dagslys. Hildegunn og Leif-Per krev av nokon må ta grep! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#1: Ferie og økokøyring 14.08.2022

Er det innanfor for eksilsunnmøringar i Oslo å knote med dialekta si? Venninda til Hildegunn, Gry-Grethe, har begynt å flyte ut reint dialektmessig, og Hildegunn lurer på om det er greitt å seie frå før det vert for ille.   Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#2: Pergola og tekstilfritt 14.08.2022

Hildegunn har vore på helgetur til Farris Bad, og vedgår at ho følte seg som ein fisk på land – spesielt då det gjekk opp for henne at alle måtte gå i likt badetøy. For ikkje å snakke om at nudisme har fått eit nytt namn: «tekstilfri sone». Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Listen to the Hildegunn & Leif-Per podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.