Zenario

Hildegunn & Leif-Per

Comedy NN ↓ 189 episodes

Hildegunn Moltubakk er ei fråskilt trebarnsmor frå Ulsteinvik på Sunnmøre. Ho ringer stadig til svogeren sin, Leif-Per - for å lufte både frustrasjon og rare idear. Men nokon avlyttar samtalane og gir dei ut som podcast... Vil du støtte denne podkasten? VIPPS eit valfritt bidrag til #604810. Vil du sjå Hildegunn & Leif-Per i levande live? Det nye showet "UTAN Kringkastingsorkestret" er til no sett av over 19.000! Sjekk turnéliste og billettar på www.zenario.no Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Author

Zenario

Category

Comedy

Podcast website

www.facebook.com

Latest episode

Jul 3, 2026

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 5M+ downloads · 4.8 rating iOS soon

Episodes

#64: Potetchips og poesi 28.10.2023

Kan ikkje Sørlandschips ta seg ei pære og begynne å produsere ein potetchips som smakar LITT dårlegare? Og Hildegunn prøver seg på ein Jon Fosse i dagens episode. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#63: Lumbago og tilhengarfeste 23.10.2023

Kva slags assosiasjonar får du når nokon seier "brasilianske rytmer"? Og korleis kan eit tilhengarfeste byttast ut med ein hjulvisp? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#62: Kattugle og digitalisering 16.10.2023

Kjem den nye digitaliseringsministeren til å gå aktivt inn for enda meir digitalisering, eller går det an å snu nasa andre vegen? Og kor mykje kan ein veterinær ta betalt og framleis sove godt om natta? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#61: Shanghai og sjalusi 09.10.2023

Har du blitt akterutseila nokon gong? Og i så fall - var det i ein annan by enn Shanghai? Og kor krenka kan ein eigentlig bli av ordet "jungel"? Eller var det "telegraf"? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#60: Telefon og hormon 02.10.2023

Er det noko poeng å presentere seg i telefonen, dersom folk likevel ser kven som ringer? Og kan Hildegunn ha Noregs tidlegaste barndomsminne - frå si eiga mors liv? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#59: Dugnad og pupphuk 25.09.2023

Er "pupphuk" årets nyord? Og nøyaktig kvar på kroppen finn du det? Og er det eigenleg naudsynt å tenne eit lys for ein daud flått? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#58: Pressekonferanse og returkartong 18.09.2023

Sindre har gått bak ryggen på Erna, men er han eigentleg berre spelegal? Eller er det rett og slett for lite som skjer på kontoret? Hildegunn veit uansett godt kva spelegalskap handlar om. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#57: Fredspris og snurpenot 11.09.2023

Eksen til Brit Bente, Kai Kenneth Kvangarsnes, er observert på fiskebåt, trass i at den offisielle historia seier at han har reist til Florida for å vere med på eit stort kryptoprosjekt. Skal Hildegunn gripe inn og leike Kirsten Giftekniv? Han er jo trass alt svigermors draum... Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#56: Huitfeldt og Notodden 04.09.2023

Hildegunn tviler ikkje på at det hadde vore hyggeleg å drikke nokre glas rødvin saman med Jonas Gahr Støre, men det i tillegg vore eit fint høve til å dengt han litt opp etter veggen. Blir det fleire overraskingar no, Jonas? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#55: Kattehår og Brad Pitt 28.08.2023

Ingen liker å verte kyssa av nokon dei ikkje liker. Men kva om det var Brad Pitt som kyssa Jennifer Hermoso, og ikkje den spanske fotballpresidenten? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#54: Tilgjeving og plenklipp 21.08.2023

Det er ikkje lett å starte opp i coaching-bransjen når ein ikkje vert skilnad på AS og enkeltmannsforetak. Men Leif-Per veit råd. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#53: Coaching og bensinpengar 14.08.2023

Hildegunn har teke skeia i eiga hand: Utan at nokon har visst noko, har ho teke nettbasert utdanning som coach. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#52: Bobil og langfinger 10.08.2023

Drøymer du om å farte langs vegen i ein eigen bobil? Late dagar med kaffikoppen under markisa medan du nyt soloppgang og fuglekvitter? Vit i så fall at bobilar registrert for 6 personar, gjeld berre for 6 personar som sit musestille inne i bilen og knapt nok pustar. Ferien er over - og takk og gussjelov for det! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#51: Hekkparti og basseng 24.07.2023

Bakpartiet skal vere stort i år, og sikkert neste år også. Leif-Per kom i skade for å kommentere ein hekk, mens dama som gjekk forbi trudde nok det var hennar hekk som var gjenstand for oberservasjon og kommentar. Aldri så gale at det ikkje er godt for inkje! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#50: Reker og turisthotell 17.07.2023

Dersom du bestiller ein rett på asiatisk restaurant, og det står "med reke, kylling og biff" på menyen - er det då innanfor at du berre får éi einaste reke? Altså ikkje rekeR? Køyr debatt! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#49: Bobil og bankran 10.07.2023

Hvis du - før du dør - skal berre utføre eitt einaste bankran - korleis skulle det ha vore utført? Det er jo noko herleg besnærande over tanken om å utføre det perfekte ran, og så attpåtil greie å legge skulda på nokon du ikkje synes så godt om... Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#48: Kvæfjordkake og statuttar 03.07.2023

Skal tru om dei i Kvæfjord faktisk set pris på Kvæfjordkaker? Eller er det slik at hvis du reiser til Kvæfjord med ein Kvæfjordkake under armen, at du vert jaga frå gard og grunn? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#47: El-sykkel og flørting 25.06.2023

Er det mogleg å berre vere normalt hyggeleg med ein mann utan at han skal tru at det er "noko meir"? Og kva er det med el-syklistar? Dei kan med dette no få løyve til å legge igjen det krye fjeset sitt heime. Dagens sponsor: Jets Vacuum Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#46: Musebol og George Clooney 21.06.2023

Dersom det ligg ein ukjend mann og søv på sofaen din når du står opp til frukost, kor pen må han då vere for at du skal la vere å ringe politiet? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#45: Rammemadrass og DDE 12.06.2023

Kor vanskeleg skal det vere å få kjøpt seg ei ny seng, og kva er DDE når du treng dei? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#44: Brennesle og brystvorte 05.06.2023

Kan brennesler redde privatøkonomien no i desse tøffe tider? Ikkje klag over høge osteprisar, gut - gå ut i hagen og finn mat! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#43: Mobilstøy og tafsing 29.05.2023

Kva type er du når du seier frå til folk at dei har for høg lyd på mobiltelefonen sin? Er du den sinte og bryske eller den joviale og kvikke? Og kor mange ekstra graviditetstestar kjem til å verte selde i Oslo-området dei neste vekene?  See omnystudio.com/listener for privacy information. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#42: Akkar og ultimatum 22.05.2023

Det vart dramatikk i 17. mai-toget for Hildegunn i år - for kven skulle ho gå saman med? Strikkeklubben eller Sanitetsforeininga? Vi får også vite at Leif-Per nesten heldt på å klikke i det same toget. Og akkar er viskelær, slik er det berre! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#41: Musefeller og føleri 15.05.2023

Det skal jo strengt tatt ikkje vere nødvendig å investere over 1200 kroner i musefeller når ein har to kattar i hus. Og ein MGP-vinnar som brukar minst like energi på å krype som å synge - kan det eigentleg kallast song? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

#40: Kroning og totning 08.05.2023

Kor liten må ein hatt eigentleg vere for ikkje å stjele fokus frå ein royal og erkebritisk hatt? Og Durek - dersom du har vener som høyrer på og som kan omsetje: Eg tilbyr meg med dette å lære deg norsk! I'll teach you Norwegian, Durek! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Listen to the Hildegunn & Leif-Per podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.