Studentradioen i Bergen

Garderobeskapar

Society NB ↓ 57 episodes

Med sying og strikking som hovudtema dykkar vi ned i kva det vil seie å lage seg ein garderobe og eit klesforbruk som både er personleg, berekraftig og GØY! Du får høyre om reparasjon, tekstilkunnskap, resteprosjekt, vedlikehald, bruktmarkedet, redesign, andre handarbeidsteknikkar, og kva som inspirerar oss for augeblikket. Vi hjelpar deg med å bygge ein garderobe som kan vere varig både stil- og kvalitetsmessig.

Author

Studentradioen i Bergen

Category

Society

Podcast website

dts.podtrac.com

Latest episode

Jun 25, 2026

Where to listen?

Podcasts in the app Replaio Radio Coming soon

Podcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts

Get it on Google Play Install for free Android 5M+ downloads · 4.8 rating iOS soon

Episodes

Episode 7 - Trendbingo, bevegelsesvidde og julepysj 14.12.2024

Frida har sin vanlege kreativitetsmessige desember-knekk og Erina har testa ullstrømpebukse. Vi snakkar meir om ulike juleartiklar, kryssar ut på strikketrend-bingoen til Frida og gjev deg ei innføring i bevegelsesvidde. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø og Erina Skarpenes Produsent: Marius Øvrebøe Ansvarleg redaktør: Sofie Larsen Nesdal

Episode 6 - Sytid, influensarstrikk og årets julekjole 07.12.2024

Frida og Erina styrer showet aleine i dag, og fortel om ferdige strikkeprosjekt, etterlengta sytid og garnkjøp - til tross for eit løfte om garnshoppestopp. Frida lurer på kvifor folk må ha ny julekjole kvart år og Erina er litt fornerma over at strikkaplagg er blitt så trendy. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø og Erina Skarpenes Produsent: Marius Øvrebøe Ansvarleg redaktør: Sofie Larsen Nesdal

Episode 5 - Symaskin, strikketabbar og ønskelistetips til ein garderobeskapar 30.11.2024

Både Ingrid og Erina fortel om den siste vekas strikketabbar og Frida gler seg til sytid når eksamen er levert. Ellers diskar vi opp med nokre julegåvetips som ein garderobeskapar kan ønske seg, tek deg gjennom den mest grunnleggande infoen om symaskiner og Erina deler euforien over å vere på byttemarknad. I studio: Ingrid Villanger, Erina Skarpenes og Frida Bjørnereim Dalsbø Ansvarløig redaktør:...

Episode 4 - Julegåver, ultra fast fashion og genser på vranga 23.11.2024

Det er ein månad igjen til jul, og i den anledning tek vi for oss konseptet heimelaga julegåver! Er dette noko vi likar, og har vi nokre tips til den som skal lage årets julegåver sjølv? I tillegg snakkar vi om bruktbutikkar som boikottar ultra fast fashion-kjedane Temu og Shein, og Ingrid har fått lyst til å gå med genserane sine på vranga. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø, Ingrid Villanger og E...

Episode 3 - Mojo, lunka vatn og leppestift 16.11.2024

Alle har starta på nye prosjekter. Erina deler tankar om strikkestress og motivasjon. Vi lærer om damp og blokking av strikk, og Frida skal teste å strikke ei oppskrift frå Dreamknit. Vi skal alle prøve å flotte oss meir generelt i kvardagen. I studio: Ingrid Villanger, Erina Skarpenes og Frida Bjørnereim Dalsbø Ansvarlig redaktør: Sofie Larsen Nesdal Produsent: Marius Øvrebøe

Episode 2 - Strikkefasthet, kvite ormar og spennande arrangement 09.11.2024

Erina er kvitt oppleggsvegringa si, Ingrid har eit pågåande bukseprosjekt og Frida har kvite ormar i jersey-plagga sine. Vi oppsummerar kva ein garderobeskapar kan finne på i Bergen den neste tida og gjev deg ei innføring i strikkefasthet. I studio: Erina Skarpenes, Ingrid Villanger og Frida Bjørnereim Dalsbø Ansvarleg redaktør: Sofie Larsen Nesdal Produsent: Marius Øvrebøe

Episode 1 - Bli kjent med Garderobeskapar! 02.11.2024

Velkommen til Garderobeskapar! I første episode blir vi betre kjent med Ingrid, Frida og Erina, og kva Garderobeskapar skal vere. Erina har oppleggsvegring, Ingrid har starta på eit evigheitsprosjekt, og Frida fortel kva ho har gjort for å vere klar for ein ny vinterskosesong. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø, Ingrid Villanger og Erina Skarpenes Ansvarleg redaktør: Sofie Larsen Nesdal Produsent:...

Listen to the Garderobeskapar podcast in Replaio

Radio and podcasts in one app - free, with no sign-up. Install today and do not miss the launch

Get it on Google Play

Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.