Fredag & Fretland
Audeland
Eit gamalt ektepar.
Where to listen?
Podcasts in the app Replaio Radio Coming soonPodcasts are coming to the app soon. Install now and be the first to see a whole new take on podcasts
Episodes
#67 - Det er litt flautt å vera inderleg 11.06.2025 38:49
Hei! Mariell og Jostein kjem med ei livsoppdatering, Mariell fortel om den nye kunstboki si, og Jostein prøver å finne ut kvifor han frika ut etter at me diskuterte politikk i går kveld! For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing bo...
#66 – Eg visste ikkje at du tenkte så mykje! 09.02.2025 46:55
Hei, hei! Mariell får heile historia om korleis det gjekk til då Jostein gjorde sitt hittil _fyrste_ smykkekjøp (til henne, altså) i vårt 20 år lange samliv. Dessutan, visste de at Jostein har ein tendens til å overtenkje ting? Du høyrde det her fyrst! For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jos...
#65 - Ein guttural lyd av sinne 08.01.2025 1:02:24
Godt nyttår! Jostein si mentale helse er no komen dit at det er på tide å podcaste litt att. Me snakkar om januar-bluesen hjå frilansarane, Italia-turen vår og somehow mannleg sinne. For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board,...
#64 - Er det ein fugl eller ei flaggermus? DET ER EI FLAGGERMUS! 30.07.2024 46:51
Me er attende, det er sommar og faunaen lét seg freiste til å bli med på podkastinnspeling med Mariell og Jostein. Jostein meiner at Rapunzel – i fyrste del av Disney-filmen – lever eit meir eller mindre ideelt liv, og Mariell tek til å reflektere på korleis forventingane våre i 2016 til det å flytte heim matcha den realiteten me enda opp med å leva gjennom. For ekstra-innhald, fylg Mariell på pat...
#63 - iPod sad face :-( 25.04.2024 35:50
Me veit kor ofte menn tenkjer på Romarriket, men kor ofte tenkjer [gruppe xyz] på menneskeætti si rolle i universet? Og kva er det som ligg bak alt saman? I couldn’t help but wonder: Can you get to a future if your past is present? For ekstra-innhald, inkludert denne vekas episode av Øydelagt, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland...
#62 - Ikkje ta kontakt 29.01.2024 55:23
Om kvifor Mariell har reaksjonstid på 2–16 veker for tidi; om eit oppussingsprosjekt som er i gang, om ganglaget er noko traust og saktmodig; om bransjar med berekraftig økonomi og inspirasjon, og det eventuelle tilhøvet mellom desse. Som Mariell sa, ved slutten av innspelingi: «Jostein – kva var dette, eigentleg?» Høyr sjølv!
#61 - Godt nyttår! 01.01.2024 53:29
Godt nyttår! Me har mykje å snakke om – og lillebror er samd, reporting live frå fanget til Mariell. Har Mariell slutta heilt å feire ting? Og korleis er livet for den nye vaksenminoriteten i familien? Kan det verkeleg stemme at Jostein no er #trebarnsfar? For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp:...
#60 - Forundringspakke 14.11.2023 49:46
Kva ville du betalt for ein koffert full av Mariell og Jostein sine ting frå London, som ingen anar kva inneheld og ikkje har vore opna sidan 2016? Dette, og fleire essensielle spørsmål, blir utforska i denne vekas avsnitt av Audeland, som òg kjem med siste nytt om flyttinga på tunet og ungane si nyvunne interesse for bossa-metal. For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audelan...
#59 - Polly Glot 17.10.2023 40:07
Kven er så denne Polly? Dette, og fleire pikante detaljar, som til dømes kva tjue år gamle Mariell og Jostein sin favorittaktivitet på franske hotellrom var, må du høyre på denne vekas Audeland for å finne ut! For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av...
#58 - Ekstremt retweetable 01.10.2023 44:22
Hei! Mariell og Jostein sjekkar inn frå bakeriet, og i dag har me bestemt oss for å prøve å snakke om krig og fred og norsk politikk og sånt. Ja, du las rett! Fort, gale og vonleg lenge til neste gong. Men me gjorde det! Me kjem òg innom kva bøker me nyt for tidi, både nye, gamle, papir og lydbok. For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre o...
#57 – Be the Alfhild in the room 05.09.2023 51:49
Hei folkens! Mariell og Jostein diskuterer sommaren, og Jostein klarer som vanleg ikkje å gjera det på ein normal måte, utan at det på eitt eller anna vis handlar om menneskeheitis framhaldne eksistens i verdi. Korleis orkar nokon å vera gift, og til og med avle, med dette mennesket? Ingen veit! For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og...
#56 - Teikneserieversjonen 07.06.2023 35:57
Mariell og Jostein er attende for å sparke inn vidopne låvedører, slik berre me kan. Visste de at bedrifter har som mål å overleva? Eller at ein gard inneheld mange ulike typar liv? Eller at ti år gamle betrevitarar er irriterande? Du høyrde det her fyrst! For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp:...
#55 – Éinstjerners review 05.05.2023 37:12
Våren spissar seg til, og di travlare me blir, di meir høgtflygande blir Jostein sitt tankespinn. Finn han fram til jordi nokon gong? Kva er eigentleg Mariell sin beef med Kulturrådet? Lytt til den nye episoden og finn ut! For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusi...
#54 - Jostein, dette finn ikkje eg meg i! 08.04.2023 50:38
Hei! Me leverer ein sjeldan eittema-podcast i dag, når Jostein kjenner behovet for å tala ut om nokre nye kjensler han har fått for... roboten sin. Nei, dette er ikkje plottet til filmen «Her», det er det verkelege livet i 2023. Eller iallfall ein slags auto-generert variant av det verkelege livet. Me er ikkje sikre. Men me har kjensler kring emnet. Begge to. Okei, no er det nok! STOP GENERATING!...
#53 - Kviledagen 26.03.2023 54:20
Hei, og velkomne til sjølvmotseiinganes land, der me feirar kviledagen ved å spela inn ein heil podcast om kviledagen og kvifor me må ta vare på kviledagen og ikkje til dømes spela inn podcastar på han! Mariell fortel om ei bok ho les, noko som igjen reiser det gamle spørsmålet: Har Jostein kapasitet til glede? Lytt, så får du høyre! For ekstra-innhald – inkludert ny ekstra-podd denne veka! – fylg...
#52 - Eit bibliotek av pet peeves 20.03.2023 54:58
Hei, alle saman! Mariell og Jostein diskuterer pet peeves, der Mariell i eit metaperspektiv definitivt kjem fram til at hennar store pet peeve, når alt kjem til alt. Me diskuterer òg AI, som Jostein endeleg har fått gjort til ein så stor og dominerande del av prokrastrineringi si som han har drøymt om i månadsvis. Denne veka er det òg ny ekstrapodd på Patreon, der me går litt djupt til verks, så d...
#51 - The world's biggest hug (m/Caitlin M) 06.03.2023 55:52
Velkomne til Audeland – på engelsk! Me har invitert med oss veninna vår Caitlin, til å bable med oss om London, livet og venskapen! Ho utfordrar oss òg til å gjera ein live-analyse av kva retning livet hennar bør ta, ein sjanse me sjølvsagt grip med båe hender, hobbypsykologiserarar som me er!
#50 - Anti-gentleman 14.02.2023 38:40
Det er valentinsdag, det er vår femtiande podcast, og me er i alle slags romantiske humør på podcasten. NEIDA, berre kødda, me er akkurat like barnslege og kjeklete som me pleier, ja – kanskje litt verre enn vanleg, faktisk. Og kva er ein anti-gentleman, spør du? Lytt, og finn ut! For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem F...
#49 - Mont Blanc (ja, den var god!) 05.02.2023 45:32
Velkomne til Audeland! Eg har ikkje tid til å skrive noko fornuftig her, for eg er sjå sjukt desp etter å få publisert episoden medan det framleis er denne veka og EG HAR BERRE FØRTIEITT MINUTT ATT, men me diskuterer kjensler om born og sjukdom, irsk litteratur og ... twist? Skjønar framleis ikkje kva som skjedde der, men sånn er det på ein fullstendig uredigert pod – han går dit han går! Godspeed...
#48 - Éi storesyster og éin irriterande minstebror 24.01.2023 47:22
Mariell og Jostein er attende, og me får høyre kva som skjer når Jostein prøver seg på den mest irriterande catchphrasen i moderne norsk samlivshistorie. Me snakkar òg om behovet vårt for å kulturelt distansere oss frå foreldri våre, og kvifor det kan vera lurt å ikkje berre akseptere at ein ikkje klarer noko no, sjølv om ein ikkje klarte det før. Var det ein trippel negativ? Trur eg prøver å seia...
#47 - Glad med heile meg 17.01.2023 53:48
Glad med heile meg? Det må vera forbipasserande! Mariell & Jostein diskuterer dei heilage nynorskinstitusjonane og kvifor det kan vera viktig av og til å få stadfesting utanfrå på at du ikkje er fullstendig delusional om kva du kan. I tillegg snakkar me om Osjlo, og ikkje minst forholdet vårt til shopping og ting, som verkar til å vera ... i endring? Er me ikkje material girls lenger? Tune in, så...
#46 - Meir aude enn nokon gong 10.01.2023 50:48
Velkomne attende til Audeland! Me har hatt ein lengre pause, men er tilbake, med friske innsikter, nye og forbetra problem og sjølvsagt masse tull og tv å snakke om. Og NY COVER ART! Er me ikkje søte? Sei at me er søte då! For ekstra-innhald, fylg Mariell på http://patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. In...
#45 - Good evening, Europe! 14.05.2022 35:30
Me snakkar om Nøtteknekkaren, og før de faktasjekkarane tek til å skrive inn: Nei, Tsjaikovskij døydde ikkje av blodforgifting, han drakk skite vatn, så han døydde av kolera. Teit uansett! Utanom kunstferdige måtar å drepa seg på, snakkar me om Eurovision-finalen, å laga mat til og med ungar og filmprosjektet vårt, der me denne veke har sett heile tre filmar; «Bring It On»(2000), The French Dispat...
#44 - Den mest sexy podcasten nokon gong 03.05.2022 42:37
Me er tilbake! Med sexy, forkjøla røyster, eit splitter nytt bakeri og eit heitt litterært talking point som Mariell clearly har gledd seg til å ta opp. På band. Eit skite triks? Kanskje, men i kjærleik og podcasting er alt lov. Velkomne inn! Ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
#43 - Fritt Ord, høyrer de dette? 12.02.2022 47:21
Mariell og Jostein tek føre seg dei individuelle historiene til bøker som fysiske objekt, den italienske melodi grand prix-ekvivalenten SanRemo og snublar inn i ein overraskande utfordrande samtale om korleis livet vårt kunne sett ut, om me budde ein annan stad. Kven sa at me ikkje tek dei vanskelege samtalane? Ikkje me iallfall! Ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og kly...
Similar podcasts
Replaio is not a podcast publisher; show names, artwork and audio belong to their authors and are distributed through public RSS feeds.