fr

Litteraturhuset i Bergen

LittPod

Vestlandets litteraturhus. En arena for litteratur, offentlig ordskifte og kulturopplevelser. Meld deg på vårt nyhetsbrev for ferske oppdateringer: bit.ly/litthusbergenbrev

N'hésitez pas à visiter le site du podcast et à soutenir son créateur : www.litthusbergen.no

Auteur

Litteraturhuset i Bergen

Catégorie

Arts

Site du podcast

www.litthusbergen.no

Dernier épisode

13 nov. 2026

Où écouter ?

Les podcasts dans l'appli Replaio Radio Bientôt disponible

Les podcasts arrivent très bientôt dans l'appli. Installe-la dès maintenant et découvre en avant-première une toute nouvelle façon de vivre les podcasts

Télécharger sur Google Play Installe-la gratuitement Android 10 M+ de téléchargements · note de 4,7+ iOS bientôt

Épisodes

LitFestBergen 2020 - Spør forfattaren! Med Jens M. Johansson og Marit Eikemo 09.02.2020

Lurer du på kva Forfattaren et for å bli inspirert? Kor eller korleis hen søv, drikk eller …? No får du sjansen til å spørje! Vertskap for kvelden er dei småfrekke bokelskarane Siss Vik og Frode Helmich Pedersen. Med seg på scenen har dei Jens M. Johansson, representant for den austlandske forfattarstanden og Marit Eikemo, representant for den vestlandske forfattarstanden. Vik og Helmich Pedersen...

LitFestBergen 2020 - Eit lyrisk tilsvar 09.02.2020

I 1991 fekk Aung San Suu Kyi Nobels fredspris, delt ut av Noreg. No meiner FN at Myanmar, landet ho leiar, er skuldig i folkemord på si eiga rohingyabefolkning. Tusenvis er drepne, fleire hundretusen er jaga på flukt. Poet og omsettar James Byrne har saman med Shehzar Doja halde skrivekurs i ein flyktningeleir for rohingyaer i nabolandet Bangladesh. Resultatet har blitt til boka I am a Rohingya. B...

LitFestBergen 2020 - Blod, sveitte og skrift 09.02.2020

Det er moglegvis berre eitt tema som er eit større kulturelt tabu enn kvinners menstruasjon: fråveret av den. Kvifor er overgangsalderen så stigmatisert? Meksikanske Gloria Gervitz og amerikanske Mary Ruefle skriv seg gjennom livet: I 40 år har Gervitz skrive på langdiktet Migrasjonar, mens Ruefle har gitt ut ei rekke essays og diktsamlingar. Dei skriv om barndom og alderdom, sex og onani, blod og...

LitFestBergen 2020 - Fjell og sjø: Poesi frå Shanghai og Bergen 09.02.2020

Ikkje ulikt Bergen har Shanghai vore den viktigaste byen i Kina for moderne poesi. Shanghai blir rekna som fødestaden for moderne kinesisk poesi, også kjend som “Ny poesi”. Denne sjangeren eksperimenterer blant anna med bruk av fri verseform og munnleg språk, i motsetnad til tradisjonell poesi som blir skrive på klassisk kinesisk. To poetar frå Shanghai, Yin Wang og Sanshu Qin, møter bergenspoetan...

LitFestBergen 2020 - Poetisk aktivisme 09.02.2020

Den sørafrikanske poeten Koleka Putuma vekker begeistring og sinne i heimlandet med sine konfronterande dikt og intense nærvær på scenen. Ho er ein såkalla born-free, fødd etter apartheids fall, og går rett i strupen på dei som meiner at svarte og kvite, kvinner og menn, no har like rettar. Musikaren, poeten og skodespelaren Niillas Holmberg insisterer på at han kjem frå Sápmi, okkupert av Finland...

LitFestBergen 2020 - Poetisk punkgalla 09.02.2020

Frå stygt og rasande til høgstemt og lovprisande – poetar frå sju nasjonar og ein dansar møtest i ei lyrisk verd utanfor kartet. Topograf for kvelden er poeten Henning H. Bergsvåg (Noreg). Kveldens poetar: Asieh Amini (Iran), Linnea Axelsson (Sverige), Kristina Leganger Iversen (Noreg), Camara Lundestad Joof (Noreg), Cecilie Løveid (Noreg), Kei Miller (Jamaica), Erlend O. Nødtvedt (Noreg), Mansur...

LitFestBergen 2020 - Juss og fridom i Hong Kong og Kina 09.02.2020

I 1997 blei Hong Kong gitt tilbake frå Storbritannia til Kina etter å ha vore britisk koloni i over 100 år. Kor mykje styrer Kina i Hong Kong i dag, og vil det vere noko att av Hong Kongs kultur, språk og fridom etter at Kina for fullt overtar i 2047? Antony Dapiran har budd og arbeidd som forretningsadvokat i Kina, både i Beijing og i Hong Kong, i meir enn 20 år. Dapiran har skrive fleire bøker o...

LitFestBergen 2020 - Foredrag, kvar dag: Dei unge demonstrantane i Hong Kong 09.02.2020

Kven er dei unge menneska som dagleg demonstrerer i Hong Kong? Aktivist, advokat og forfattar Jason Y. Ng har skrive fleire bøker om Hong Kong. Den nyaste, Unfree Speech, har han skrive saman med Joshua Wong, den 23 år gamle studentaktivisten som leiar demonstrasjonane i heimstaden. Kva er det i vår globale samtid som får svært unge menneske til å rope uredd ut om urett? I dette foredraget fortel...

LitFestBergen 2020 - Kva skjer i Hong Kong? 09.02.2020

Hong Kong har i fleire tiår vore verdsleiande innan handel og finans. I juni 2019 inngjekk den tidlegare britiske kolonien ei utleveringsavtale med Kina, noko som utløyste omfattande demonstrasjonar, og etter kvart førte til krav om demokratisk reform. Advokatane Antony Dapiran og Jason Y. Ng frå Hong Kong er begge aktuelle med nye bøker om protestrørsla. Dei kjem til LitFestBergen for å fortelje...

LitFestBergen 2020 - Døden, kvar dag 09.02.2020

Den syriske forfattaren Khaled Khalifa er ein av få som kan forlate Syria, men som ikkje vil det. Han blir rekna som ein av Syrias største nolevande forfattar, og er ein kronikør av den pågåande krigen. Hans nyaste roman, Døden er eit slit, handlar om ein grotesk og burlesk road-trip frå Damaskus til Anabiya med eit lik i bagasjen. Khaled Khalifa møter Syria-kjennar, journalist og forfattar Diana...

LitFestBergen 2020 - Draumar frå krigen 09.02.2020

Korleis skrive humoristisk om krigens groteske kvardagsliv? Korleis drøyme, når det verkelege trenger seg på? I novellesamlinga Vitser til soldatene skriv palestinsk-islandske Mazen Maarouf med humor og intelligens om krigen. Han møter litteraturforskar Daniel Medin til ein samtale om korleis latteren kan redde oss frå røynda, men også lære oss noko nytt om den. På engelsk. På Bergen internasjonal...

LitFestBergen 2020 - Kvar dag er eit unnatak 09.02.2020

Kashmir er ein stat splitta i to av India og Pakistan. Sidan 1990 har eit brutalt militæregime traumatisert den i hovudsak muslimske befolkninga som bur på indisk side, og titusenar har blitt drepne, torturerte, valdtekne eller forsvunne. I august 2019 mista Kashmir siste rest av demokrati og fritt styresett, og sidan har all kommunikasjon og ferdsel vore kontrollert av det indiske militæret. Forf...

LitFestBergen 2020 - Occupied life 09.02.2020

Korleis er det å leve i Palestina etter 50 år med israelsk okkupasjon? Ekteparet Raja Shehadeh og Penny Johnson har i fleire tiår budd i Ramallah. Dei har skrive kvar si personlege forteljing om korleis livet har endra seg – for både menneske og dyr – men og, til same tid, korleis eit okkupert liv òg raskt blir eit kvardagsliv. Shehadeh og Johnson møter palestinaforskar Kjersti G. Berg til samtale...

LitFestBergen 2020 - Rasisme i USA før og no (2. runde) 09.02.2020

Då Lynda Blackmon Lowery marsjerte med Martin Luther King frå Selma, Alabama i 1965, var ho berre 15 år, men ho visste kva rettferd var, og ho visste ho ville ha det. Dette fortel Lowery om i den grafiske memoarboka Turning 15 on the Road to Freedom. Lowery har levd gjennom - og vore med på - store omveltingar i amerikansk historie. Korleis var det den gongen, og korleis er det eigentleg å vere sv...

LitFestBergen 2020 - Rasisme i USA før og no 09.02.2020

Då Lynda Blackmon Lowery marsjerte med Martin Luther King frå Selma, Alabama i 1965, var ho berre 15 år, men ho visste kva rettferd var, og ho visste ho ville ha det. Dette fortel Lowery om i den grafiske memoarboka Turning 15 on the Road to Freedom. Lowery har levd gjennom - og vore med på - store omveltingar i amerikansk historie. Korleis var det den gongen, og korleis er det eigentleg å vere sv...

LitFestBergen 2020 - Lytteposten: Arabisk litteratur 09.02.2020

Lytteposten er LitFestBergens gratistilbod til deg som treng ein pause frå festivalprogrammet – men som ikkje har lyst til å ta den. Finn deg ein plass, len deg tilbake og lytt til to av festivalens arabiskskrivande forfattarar lese frå bøkene sine i engelsk omsetting. Med Khaled Khalifa (Syria) og Mazen Maarouf (Libanon) På engelsk. På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjø...

LitFestBergen 2020 - Lytteposten: Engelsk litteratur frå heile verda 09.02.2020

Lytteposten er LitFestBergens gratistilbod til deg som treng ein pause frå festivalprogrammet – men som ikkje har lyst til å ta den. Finn deg ein plass, len deg tilbake og lytt til fire av festivalens engelskskrivande forfattarar lese frå bøkene sine. Med Tishani Doshi (India), Mary Ruefle (USA), Raja Shehadeh (Palestina) og Jonny Steinberg (Sør-Afrika). På Bergen internasjonale litteraturfestival...

LitFestBergen 2020 - Lytteposten: Fransk litteratur 09.02.2020

Lytteposten er LitFestBergens gratistilbod til deg som treng ein pause frå festivalprogrammet – men som ikkje har lyst til å ta den. Finn deg ein plass, len deg tilbake og lytt til to av festivalens franskskrivande forfattarar lese frå bøkene sine. Med Patrick Chamoiseau (Martinique) og Marie Darrieussecq (Frankrike). På fransk og engelsk. På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa o...

LitFestBergen 2020 - Foredrag, kvar dag: Eilert Sundt og den norske kvardagen 09.02.2020

Samfunnsforskaren og presten Eilert Sundt var ein pionér i kartlegginga av det norske kvardagslivet og blir rekna som grunnleggaren av norsk sosiologi. Forfattar og kritikar Espen Stueland fortel i dette foredraget om arbeidet sitt med den formfornyande og kritikarroste boka Eilert Sundt-tilstanden – ei forskingsformidling i verseform. På norsk. På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakp...

LitFestBergen 2020 - Foredrag, kvar dag: Fornuft og forakt 09.02.2020

Kva er retorisk makt? Kva har den å seie for ytringsfridomen? Og kva skal til for at samfunnets stumme skal bli høyrde? Anders Johansen er professor i sakprosastudiar ved Universitetet i Bergen, og kom i 2019 med verket Komme til orde. Politisk retorikk 1814-1913. I dette foredraget snakkar han om retoriske slag i norsk politisk historie, og om kva som avgjer kven som går av med sigeren. På norsk....

LitFestBergen 2020 - Foredrag, kvar dag: Litterær oppdagingsferd 09.02.2020

Med boka Å lese verden tilbyr Tonje Vold lesaren ein alternativ måte å forstå verdslitteraturen på. Gjennom nye briller oppdagar vi at det finst andre måtar å lese klassikarane på, og ikkje minst oppdagar vi betydninga litteraturen kan spele for makt, motstand og frigjering. I dette foredraget snakkar Vold om kva som skjer når våre litterære verdsbilete oppstår og når dei kollapsar. På norsk. På B...

LitFestBergen 2020 - Foredrag, kvar dag: Livet med dyra 09.02.2020

Penny Johnson har undersøkt den israelsk-palestinske konflikten frå ein høgst uvanleg vinkel: Dyra som forsøker å overleve i dei okkuperte områda. I dette foredraget fortel Johnson om ulovlege kyr, arresterte esel, vakre kamelar og jaga hyenar – og om korleis menneske og dyr i Palestina til tider deler ein skjebne som både er grotesk og absurd. På engelsk. På Bergen internasjonale litteraturfestiv...

LitFestBergen 2020 - Foredrag, kvar dag: Terrorens ofre 09.02.2020

Dette er terroren sitt mål: Å skape negativ merksemd, å skape frykt. Korleis pregar terroren dei som blir direkte råka, som skadde, traumatiserte eller som pårørande? Vibeke Knoop Rachline er journalist og forfattar, busett i Paris, og aktuell med boka Terror i Europas hjerte. Med utgangspunkt i denne snakkar ho om dei som fort blir gløymde etter at kamera er slått av: terrorens ofre. På norsk. På...

LitFestBergen 2020 - Foredrag, kvar dag: Tyskland etter Merkel 09.02.2020

Angela Merkel har regjert i Tyskland sidan 2005, men har no trekt seg som partileiar og stiller ikkje til attval. Samstundes som hennar eige parti er i leiarkrise, er sosialdemokratane på veg mot avgrunnen, og fram stormar både Dei grøne og høgrepopulistane. Korleis ser den tyske partipolitikken ut i dag? Og kor vanskeleg blir det for den som skal ta over etter Merkel? Ingrid Brekke er forfattar o...

LitFest2020 - Eit eige språk 09.02.2020

Da Patrick Chamoiseau var ung skulegut på den franske øya Martinique i Karibia, var det lite rom for det kreolske språket som befolkninga brukte til vanleg. Korleis finne sitt eige språk som forfattar, når orda ein bruker ikkje blir anerkjent, og ein tilhøyrer ein folkesetnad som har blitt undertrykt og blei heldt som slavar i fleire hundreår? I denne samtalen med omsetjar Synneve Sundby, snakkar...

Écoute le podcast LittPod sur Replaio

La radio et les podcasts dans une seule appli - gratuite, sans inscription. Installe-la dès aujourd'hui et ne rate pas le lancement

Télécharger sur Google Play

Replaio n'est pas éditeur de podcasts ; les noms des émissions, les visuels et l'audio appartiennent à leurs auteurs et sont diffusés via des flux RSS publics