Kjetil Fyllingen

SunnhordlandPodden

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.noBli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor

Autor

Kjetil Fyllingen

Kategorie

Business

Podcast-Website

www.sunnhordlandpodden.no

Neueste Folge

6. Jul 2026

Wo hören?

Podcasts in der App Replaio Radio Bald verfügbar

Podcasts kommen bald in die App. Installiere sie jetzt und erlebe als Erster einen ganz neuen Blick auf Podcasts

Bei Google Play herunterladen Kostenlos installieren Android 5 Mio.+ Downloads · Bewertung 4,8 iOS bald

Folgen

Catalina S. Jimenez - om Støyperiet Pub, dugnad, fellesskap og kultursjokk 06.07.2026

Catalina S. Jimenez kom frå Gran Canaria til Husnes som niåring – lokka av forteljingar om troll og eit eksotisk Noreg. Sidan har ho vore flyvertinne, blitt lærar, bygd nettsider, redda kattar og kasta seg inn i dugnadsprosjekt som Støyperiet Pub på Husnes.  I denne episoden fortel Catalina om kultursjokk, reiselyst, nettlæring, UX-design og kvifor norsk fredagstaco eigentleg burde få eit nytt nam...

Mariia Kapanzhy – om Brilleriet, sjokolade og flukta frå krigen i Ukraina 29.06.2026

Mariia Kapanzhy kom frå Odessa i Ukraina til Noreg etter at krigen braut ut. I denne episoden blir me betre kjent med historia hennar – frå eit godt liv i heimlandet, via mørke vintrar utan straum, til eit nytt liv på Stord. Maria fortel om flukta, møtet med Noreg, språket, kulturen og kvardagen som ukrainar i Sunnhordland. Ho deler òg om jobben på Brilleriet, lidenskapen for briller – og den krea...

Nils Sortland - om Sjøkart 19, MS Solbjørg og Sildajazz 22.06.2026

Nils Sortland har brukt store delar av livet på båt, musikk, mekanikk og kystkultur. I denne episoden blir me betre kjent med mannen bak MS Solbjørg og det populære musikkprosjektet Sjøkart 19. Me snakkar om oppveksten på Sortland, gamle båtar, mopedtrimming, grensevakt i sprengkulde, eit langt arbeidsliv – og ikkje minst draumen om å skapa liv på gamle kaier langs kysten. Med skøyta som scene, no...

Rask psykisk helsehjelp: Kva er det, kven er tilbodet for, og når bør du søkje hjelp? 15.06.2026

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Teamleiar Marie Røsvik Haldorsen og kommunepsykolog Øivind Johnsen frå Rask Psykisk Helsehjelp i Bømlo kommune.  Dei fortel om eit lågterskeltilbod som gir hjelp til menneske som strevar med lettare former for stress, angst, depresjon, søvnproblem, grubling og bekymringar. Kvifor slit så mange med psykisk helse i dag? Kva gjer sosiale medium med oss?...

Cecilie Tveit Mehammer - om trening, jakt, mobbing og meistring 08.06.2026

Cecilie Tveit Mehammer er glad i trening, jakt, natur og menneske. Ho er utdanna helsefagarbeidar og personleg trenar, og brenn for å hjelpa andre til å ta vare på både kropp og hovud. For henne handlar trening ikkje først og fremst om kroppsideal, sixpack eller perfekte rutinar, men om meistring, mental helse og det å finna styrke i kvardagen. I samtalen fortel Cecilie ope om mobbing i oppveksten...

Torbjørn Lodden - om politiarbeid, foreldreansvar og eit varmare lokalsamfunn 01.06.2026

Korleis er det eigentleg å vera politi i Sunnhordland? Og kva betyr det å jobba førebyggjande blant barn og ungdom? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Torbjørn Lodden, lokal politimann frå Stord, som brenn for å gjera ein positiv forskjell i nærmiljøet. Me snakkar om vegen inn i politiyrket, kvardagen som politi, sterke møte med menneske i krise – og kvifor relasjonar, tillit og føreb...

Aurora Kvilhaugsvik - om Det Gule Hus, møteplass, gjenbruk og liv i sentrum 25.05.2026

Aurora Kvilhaugsvik er klar for å opne Det Gule Hus på nytt i Leirvik sentrum. I denne episoden blir me betre kjende med ei engasjert dame som brenn for gjenbruk, gründerskap, god stemning og meir liv i sentrum. Aurora fortel om vegen frå marknadsføring og utelivsbransje til bruktbutikk, kvifor ho meiner Det Gule Hus er meir enn ein butikk, og korleis ho ønskjer å skapa ein møteplass der folk kan...

Når sekund tel: Christian André Balchen om ambulanse, fyrstehjelp og mot til å handla 18.05.2026

Christian André Balchen frå Stord er ein mann som brenn litt over snittet for fyrstehjelp, ambulanseyrket og det å stilla opp når menneske står midt i det vanskelege. Christian André har over 24 år bak seg i ambulansetenesta, og før det jobba han som sjukepleiar på sjukehus. Han tek oss med inn i ein kvardag der ingen dagar er like: brystsmerter, trafikkulukker, fødslar, sårbare samtalar og møte m...

Sigrun Alvsvåg - om å finna gullet i menneske, meistring og vågemot 11.05.2026

I denne episoden av  Sunnhordlandpodden  møter me  Sigrun Alvsvåg  frå Bømlo – samtaleterapeut, rådgjevar og ei dame med stort hjarte for menneske, meistring og å finna gullet i kvar enkelt. Sigrun deler ope om flink-pike-strev, perfeksjonisme, indre kritikar, tru, mot og vegen vidare når livet buttar imot. Me snakkar òg om kvifor det er så viktig å søkja hjelp tidleg, forstå eigne styrkar, byggja...

Leik, fellesskap og draumar: Historia bak Leikekista 04.05.2026

Magdalena Buchwald Vikanes & Elva Björk Margeirsdóttir brenn for leik, fellesskap og kvalitetsleiker. No har dei opna Leikekista i Borggata på Stord – ein møteplass for småbarnsfamiliar, med leikekafé, utleige av leiker og rom for gode samtalar. I denne episoden fortel dei om vegen frå idé til ferdig lokale, om gründerliv, oppussing på seine kveldar, familieliv, framsnakking og motet til å prø...

Berre Kristin - om skriving, sorg, angst, glede og over 30 000 følgjarar på Instagram 27.04.2026

Kristin Straume Normann, best kjend som Berre Kristin, deler små setningar med stort innhald – om håp, sorg, angst, glede, tru, skriving og det å finna si eiga stemme. I denne episoden fortel ho om oppveksten på bygda, om å bli mor tidleg, om mørke periodar der skrivinga vart ei livline, og om korleis små handskrivne dikt på Instagram etter kvart vart til bøker, nettbutikk og eit fellesskap med ov...

Kjell Storelid og Henning Nordfonn – om ishall, dugnadsånd, pågangsmot og det å skapa noko saman 20.04.2026

Kva er eigentleg mogleg å få til når folk dreg i lag, held ut over tid og nektar å gi opp ein draum? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Kjell Storelid og Henning Nordfonn til ein inspirerande prat om den nye ishallen på Stord, om skøyteglede, dugnadsånd og kva som kan skje når eldsjeler, næringsliv, kommune og frivillige spelar kvarandre gode. Her får du høyra historia om korleis eit...

Jan Ottar Wiik - om å ta steg ut av komfortsona med podkasten Eiendom og juss 13.04.2026

Han likar seg helst litt i bakgrunnen, men no er Jan Ottar Wiik aktuell med den ferske podkasten Eiendom og juss . I denne episoden av Sunnhordlandpodden blir vi betre kjende med jordskiftedommaren frå Fitjar, som fortel om kvifor han valde å gå litt utanfor komfortsona og prøva seg som podkastvert. Samtalen handlar om mykje meir enn paragrafar og eigedomsgrenser. Jan Ottar deler korleis interessa...

Ove H. Wilhelmsen - om Breeze Ship Design, leiarskap og korleis ein byggjer kultur og fellesskap 06.04.2026

Frå eit verdsomspennande konsern med 18 000 tilsette til eit nystarta selskap med berre to på lønningslista. I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Ove H. Wilhelmsen, administrerande direktør i Breeze Ship Design. Du får høyra historia om korleis Breeze vart til i 2020, om satsinga som har vakse til eit selskap med rundt 60 tilsette, og om livet som leiar i ei bransje i rask utvikling. Sa...

Korleis skaper ein fellesskap på tvers av språk, kultur og bakgrunn? 30.03.2026

I denne episoden møter du  Veronica Ivanov  og  Arna Vik Misje  frå  Internasjonal Kulturklubb (IKK)  på Stord – ein organisasjon som heilt sidan 1989 har arbeidd for å skapa møteplassar der folk kan bli kjende, kjenna seg velkomne og høyra til. Du får høyra historia om korleis IKK starta, kvifor arbeidet betyr så mykje, og korleis klubben i dag byggjer bru mellom menneske gjennom  språkkafé, inte...

Finnås Kraftlag - 80 år med lys, varme og fellesskap på Bømlo 23.03.2026

Finnås Kraftlag fyller 80 år i 2026, og i denne episoden møter vi styreleiar Torleiv Fylkesnes til ein prat om historia, utviklinga og framtida til eit av dei viktigaste selskapa på Bømlo. Korleis vart Kraftlaget til? Kva har gjort Finnås Kraftlag til meir enn berre ein leverandør av straum og fiber? Og kvifor betyr det så mykje at bømlingane sjølve eig selskapet? Vi snakkar om samfunnsbygging, sa...

Andree Kyrkjeøy – om IBS, mobbing, angst og håp om ein betre kvardag 16.03.2026

I denne episoden fortel Andree Kyrkjeøy ope om livet med IBS – sterke magesmerter, sosial uro og dumme kommentarar frå folk som ikkje heilt forstår kva sjukdommen inneber. Årevis med mageplager og lite forståing frå omgivnadene gjorde kvardagen krevjande, og stundom førte det til både skam og angst. Samtidig vart trening ei viktig redning.  Andree deler korleis han gradvis fann ein veg vidare, og...

Eldsjelene bak Stord Maritime Museum - om motorar, skipsbygging og hermetikk 09.03.2026

Kva betyr den maritime historia for Stord og Sunnhordland i dag? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Gunnar Bjørk og Magne Gravdal frå Stord maritime museum – to eldsjeler som brenn for å ta vare på og formidla ei viktig side av historia vår. Me snakkar om motorar, skipsbygging, hermetikk, HSD, krigshistorie og kvifor Lervik har vore ein så sentral stad i regionen. Du får høyra korleis...

Stord Bygdekvinnelag – ein viktig beredskapsorganisasjon med rom for fleire 02.03.2026

Rigmor Vikane og Sissel Bjelland frå Stord Bygdekvinnelag deler engasjerande historier om inkludering, beredskap og møteplassar på tvers av generasjonar. Me får høyra om samarbeidet med asylmottaket, språkkafé, skule og frivillig arbeid – og korleis enkle tiltak kan skapa ekte fellesskap i lokalsamfunnet. I over 100 år har Bygdekvinnelaget arbeidd for betre kår for kvinner og levande bygder. I dag...

Andreas Fjellandsbø - om Ekspedisjonsreiser, Safarispesialisten og kva som skal til for å nå toppen av Kilimanjaro 23.02.2026

Han er eventyraren som trivst både over skyene og midt i vill natur – men som alltid vender heim att til fjord, fjell og kvardagsro i Kvinnherad. I denne episoden blir vi betre kjende med Andreas Fjellandsbø , gründer av Ekspedisjonsreiser og Safarispesialisten. Sidan 2016 har han sendt nordmenn ut på turar utanfor allfarveg – til Kilimanjaro, Himalaya, Inka-stien og andre ikoniske destinasjonar....

Simen Skarpnes Røyrøy - om Fitjar, Fotball og FpU 16.02.2026

Han er ung – men engasjementet for Fitjar, fotball og politikk er stort. I denne episoden møter vi Simen Skarpnes Røyrøy frå Fitjar: ungdomspolitikar, fotballentusiast og ein tydeleg stemme i samfunnsdebatten. Vi snakkar om kvifor han har valt å engasjere seg politisk, korleis det er å vere med i FpU, og kvifor ungdomsrådet faktisk spelar ei viktig rolle. I tillegg blir det prat om fotballglede, s...

Ingvild Eikeland – fotterapi, fothelse og kvardagen som fotterapeut i Stord Helsepark 09.02.2026

Føter ber oss gjennom heile livet – likevel er fothelse noko mange tek på alvor altfor seint. I denne episoden møter du  Ingvild Eikeland , autorisert fotterapeut og gründer bak  Eikelands Fothelse , med klinikk i  Stord Helsepark . Vi snakkar om kvifor så mange slit med fotplager, kva sko eigentleg har å seie for kroppen vår, og kvifor problem i føtene kan forplante seg heilt opp til kne, hofte o...

Uttara Mari og Terje Andreassen - om Bømlo Hundepensjonat og Miriams Gard og Hav 02.02.2026

Kva skjer når to som er litt over snittet glad i hund – og litt over snittet opptatt av gode råvarer – bestemmer seg for å satse skikkeleg? I denne episoden møter du Uttara Mari og Terje Andreassen. Dei driv  Bømlo Hundepensjonat , med plass til både hund, katt og smådyr – og fortel om kvardagen i ein “hundebarnehage” der trivsel, tryggleik og hundespråk står i sentrum. Du får òg høyra om seriøst...

Kristoffer Reimers – om å byggje livet på nytt, Energy Fitness og å hjelpe andre 26.01.2026

Energy Fitness opnar på Stord – og bak satsinga står Kristoffer Reimers og Malene Hauge. I denne episoden får du bli betre kjend med Kristoffer, ein av gründerane bak det nye treningssenteret som opnar på Leirvik i april, i gamle Sporttreff-lokala.  Kva er det som gjer Energy Fitness annleis?  Kva kan dei tilby – og kvifor satsar dei så stort? Vi snakkar om kvalitetsutstyr (ja, «Ferrarien» av tren...

Når barnet ditt lærer “for fort”: Her er eit tilbod få kjenner til - Talentsenteret i realfag – Satellitt Sunnhordland 19.01.2026

Kva gjer vi med dei elevane som lærer raskt, spør mykje og ofte ligg fleire år føre fagleg – men som likevel kan bli understimulerte i ein vanleg skulekvardag? Eitt svar er  Talentsenteret i realfag – Satellitt Sunnhordland , der elevar frå heile regionen samlast på  HVL  fleire gongar i året for to intense dagar med problemløysing, programmering, kreativitet og samarbeid. I studio møter du  Maria...

Höre den Podcast SunnhordlandPodden in Replaio

Radio und Podcasts in einer App - kostenlos und ohne Anmeldung. Installiere sie noch heute und verpasse den Start nicht

Bei Google Play herunterladen

Replaio ist kein Herausgeber von Podcasts; die Namen der Sendungen, Cover und Audioinhalte gehören ihren Autoren und werden über öffentliche RSS-Feeds verbreitet