Studentradioen i Bergen
Garderobeskapar
Med sying og strikking som hovudtema dykkar vi ned i kva det vil seie å lage seg ein garderobe og eit klesforbruk som både er personleg, berekraftig og GØY! Du får høyre om reparasjon, tekstilkunnskap, resteprosjekt, vedlikehald, bruktmarkedet, redesign, andre handarbeidsteknikkar, og kva som inspirerar oss for augeblikket. Vi hjelpar deg med å bygge ein garderobe som kan vere varig både stil- og kvalitetsmessig.
Husk at besøge podcastens hjemmeside og støtte skaberen: dts.podtrac.com
Forfatter
Studentradioen i Bergen
Kategori
Podcastens hjemmeside
Seneste episode
8. okt. 2026
Hvor kan du lytte?
Podcasts i appen Replaio Radio Kommer snartPodcasts kommer snart til appen. Installer nu, og vær den første til at se en helt ny tilgang til podcasts
Episoder
Episode 32 - Flytterydding i klesskapet, identitetsmarkørar og Ullveka 18.09.2025
Etter ei veke sjukdom er vi tilbake! Frida skal flytte, og merkar at det kjem til å påverke garderoben, medan Erina fortel kva strikkeprosjekt ho har tatt med seg til Frankrike. Vi gir deg ein guide til garderobeskapar-arrangement i Bergen i tida framover, og får eit lite innblikk i korleis eit Sophie scarf kan knytte vennskap. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø Erina Grasdal Skarpenes Produsent: M...
Episode 31 - Skuffande skaparsommar, fast fahion-kjøp og nyheiter 04.09.2025
Vi er i gang med ny sesong! Frida er i Bergen, Erina er i Frankrike, og podcasten står ved lag. Denne veka snakkar vi om at vi er litt skuffa over garderobeskapinga denne sommaren, og at Frida har kjøpt sitt første plagg i fast fashion-butikk på grunn av bagasjetrøbbel. Men det er også mykje nytt og kjekt å ta for seg, for eksempel nye sybøker på marknaden og eit heilt nytt konsept som vi gler oss...
Sommaroppdatering <3 31.07.2025
Vi hoppar inn i studio for å gje deg, og kvarandre, ei oppdatering på både prosjekta vi jobbar med og hausten som kjem. Det er noko nytt og gammalt på pinnane, symaskina til Frida står ubrukt og Erina lurer på korleis ho skal pakke strikketøy til eit semester som utvekslingsstudent. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø Erina Grasdal Skarpenes Produsent: Marius Øvrebøe Ansvarleg redaktør: Sofie Larsen...
Episode 30 - Fargeanalyse, oppsummering av året og sommarferie! 26.06.2025
Episode 30! Vi tek ein fot i bakken og oppsummerar halvåret som har gått, før vi tek oss ein velfortent sommarferie. Vi sjekkar inn på Make Nine og Frida fortel om fargeanalysa ho nettopp har tatt. Strikkeprosjekta står stille, men vi lovar progresjon når vi er tilbake igjen til hausten. God sommar! I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø Erina Grasdal Skarpenes Produsent: Marius Øvrebøe Ansvarleg redak...
Episode 29 - Temaepisode: Brudekjole 19.06.2025
I dag er både Fride og Erina tilbake i studio, hurra! Vi snakkar sjølvsagt om kva vi jobbar med for tida, men hovudfokuset er på temaet brudeskjole. Frida fortel om design, mønster, syprosess og utfordringar ho møtte på då ho sydde sin eigen brudekjole før ho gifta seg i fjor sommar. Her er det mykje snacks å hente for alle kommande brudar, eller berre dei som er nysgjerrige! I studio: Frida Bjørn...
Episode 28 - Korleis påverkar Garderobeskapar ein ikkje-garderobeskapar? 12.06.2025
Denne veka steppar produsent Marius inn som vikar for Erina! Vi snakkar om korleis podkasten påverkar perspektiva til ein som ikkje lagar kleda sine sjølv, og Frida køyrer quiz for å finne ut kor mykje Marius faktisk har fått med seg. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø Marius Øvrebøe Produsent: Benedikte Hertzenberg Ansvarleg redaktør: Sofie Larsen Nesdal
Episode 27 - Trend spaning, endå meir UFO-prat og strikkealias 05.06.2025
I denne episoden styrer Erina showet åleine med Anna som gjest! Det er strikketungt i studio denne episdoen. Anna deler sine tankar om kvifor WIP's blir til UFO'er. Erina gler seg til å sjå uttrykket til strikkeprosjektet hennar. Vi spaner trender for den kommande tida og sommaren, og spelar Strikkealias! I studio: Erina Grasdal Skarpenes Anna Rudeng Ansvarleg redaktør: Sofie Larsen Nesdal
Episode 26 - Ein annan type klesforbruk med Anne-Line Sørberg 22.05.2025
I dag har vi besøk av Anne-Line Sørberg i studio! Ho er ikkje ein garderobeskapar, men delar likevel mange av dei same synspunkta som oss når det gjeld klesforbruk. Eit bevisst forhald til garderoben kan løysast på mange vis, og Anne-Line vel heller å investere i kvalitet over kvantitet - sjølv med studentøkonomi. I denne episoden får vi høyre meir om korleis ho tenker rundt sitt bevisste klesforb...
Episode 25 - Kjolesøm, svar frå BIR og egostrikk er ut! 15.05.2025
Erina har eit nesten ferdig skjørt, og Frida har begynt å sy kjole! BIR har svart angåande kritikken for eit par episodar tilbake, og vi kjenner på mindre og mindre behov for å strikke til oss sjølve. Vi tek ei oppsummering av vårens store serie Fiberfokus, og snakkar om å ta seg tid til å nyte skaparprosessen. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø Erina Grasdal Skarpenes Produsent: Marius Øvrebøe Ans...
Episode 24 - Bunadsstell, stoffshopping og syntetiske fiber 08.05.2025
Erina har reparasjon på hjernen og Frida er ferdig med bolen på sin Olga Sweater. Vi tek det stødig gjennom vask og oppbevaring av bunad, og delar inspirasjon for sommarplagg du kan gå i gang med å lage. Syntetiske fiber står på agendaen i fiberfokus, og vekas obligatoriske observasjon handlar om stoffshopping i eige lager. I studio: Frida Bjørneriem Dalsbø Erina Grasdal Skarpenes Produsent: Mariu...
Episode 23 - Reisebrev, geiter og garderobeutveksling 01.05.2025
Vi har vore på utflukt, og snakkar om besøket vårt på konferansen (Re)fashioning the future IV. Strikketøyet står på staden kvil, og Erina vil ta eit oppgjer med Bergen sitt renovasjonsselskap. Vi snakkar om dei gløymde, animalske fibrane og oppdagar at vi har overlappande garderobebehov. Lenke til SIFO/Oslo Met sine forskningssider om tekstil: https://uni.oslomet.no/klesforskning/ I studio: Erina...
Episode 22 - Redesign-rant, nytt på pinnane og regenerert fiber 24.04.2025
Etter påskeferien er det komt nye prosjekt på pinnane! Frida får utløp for redesign-frustrasjon, og vi tek deg gjennom garderobeskapingsarrangement framover. Erina lærer at regenerert fiber ikkje handlar om faktura, og begge har litt for mange tjukke strikkagenserar for sesongen vi er inne i. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø Erina Grasdal Skarpenes Produsent: Marius Øvrebøe Ansvarleg produsent: S...
Episode 21 - Estetisk kvalitet, hotte skapartips og tomme pinnar 10.04.2025
For første gong i Garderobeskapar si historie har både Frida og Erina tomme strikkepinnar! Ellers går vi djupare inn i brukthandlingstematikken frå forje veke, gjev deg hotte tips til søm og strikking, og lærer deg litt meir om lin i denne vekas fiberfokus. I studio: Frida Bjørnerim Dalsbø Erina Grasdal Skarpenes Produsent: Marius Øvrebøe Ansvarleg produsent: Sofie Larsen Nesdal
Episode 20 - Silke, UFOar og terminologi for brukte klede 03.04.2025
Det er ekte vår i Bergen, akkurat i tide til at juleopplegget til Frida er komt av pinnane. Erina fortel om det forferdelige konseptet UFO, vi ryddar i brukthandlingsterminologien for deg, og vekas fiber i fiberfokus er tekstildronninga silke. I studio: Frida Bjørneriem Dalsbø Erina Grasdal Skarpenes Produsent: Marius Øvrebøe Ansvarleg redaktør: Sofie Larsen Nesdal
Episode 19 - Strikkernes marked, bomull og lånefåing 27.03.2025
Vi har vore på Strikkernes Marked og fått intervju med både Lene, som er CEO i Knit, og Sarah Elise, som hadde sin første marknad som prosjektleiar. Erina snakkar om å lånefå både det eine og det andre, og vi fortel deg det du treng å vite om bomull. Og så er det offesielt konkurranse innad i programmet om å bli ferdig med ermestrikken først! I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø Erina Grasdal Skarpen...
Episode 18 - Temaepisode: Ull 20.03.2025
Denne gongen køyrer vi ein rein temaepisode i fiberfokus-serien vår om noko vi kan snakke om på innpust og utpust; nemleg ull! Vi tek deg gjennom the basics, nokre av dei gode eigenskapane til ulla, litt om vask og reinhald og Erina fortel om reisa til ulla frå sau til ferdig garn. Her er det mykje å kose seg med! I studio: Erina Grasdal Skarpenes Frida Bjørnereim Dalsbø Produsent: Leonora Jacobse...
Episode 17 - Finnflaks, forbruk og fiberfokus 13.03.2025
Erina har parkert det raude veskeprosjektet sitt og Frida har hatt skikkeleg flaks på finn.no. Vi snakkar om kor berekraftig det eigentleg er med alle second hand-tilboda der ute, og introduserar den nye spalta vår Fiberfokus. Og så lurer Frida på om ho utstrålar ein heilt anna stil ein det ho trur. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø Erina Grasdal Skarpenes Produsent: Marius Øvrebøe Ansvarleg redak...
Episode 16 - Temaepisode: Festdrakt 06.03.2025
Det er under 2 månadar til mai, og vi har besøk av Ingrid som fortel om festdrakta ho har sydd! Vi får vite alt om stoffval, prosess og utfordringar undervegs, samt nokre gode tips for deg som vil begi seg ut på same type prosjekt. Vi snakkar som vanleg om prosjekta vi held på med, og Erina trekk fram at vi er jo stå mykje meir enn berre ein strikkepod! God lytt! I studio: Erina Grasdal Skarpenes...
Episode 15 - Vinterferie, øyredobbar og VÅR 27.02.2025
Vi er tilbake etter vinterferie og har både smått og stort å snakke om. Frida har sydd seg trenchcoat og Erina er endeleg ferdig med bol på sitt pågåande strikkeprosjekt. Vi snakkar om korleis årstidene verkar inn på garderoben og at det er lett å bli overvelda av garnbutikkar når ein er på tur. Og så tek vi ein gjennomgang av diverse arrangement for den neste tida. I studio: Frida Bjørnereim Dals...
Episode 14 - Trenchcoat, innboksen og strikkeetikk 13.02.2025
Vi er tilbake i studio etter livepod, og snakkar om den hottaste tematikken på strikkeinsta den siste tida; vidaredeling av strikkeoppskrifter. Frida skal rekke opp Monday Sweater og har byrja på trenchcoaten sin, Erina nærmar seg ferdig med bolen på Canvas Sweater og vi tek ein kikk i meldingane vi har fått i innboksen! Obs! Neste veke tek vi vinterferie, så det er 14 dagar til neste gong du høyr...
Episode 13 - Livepod på Kvarteret 06.02.2025
Dagens episode er opptak frå vårt første liveshow, som vi hadde på Det Akademiske Kvarter i anledning Studentenes DAY ZERO - arrangert av Bærekraftspilotene. Vi snakkar om kva ein bærekraftig garderobe er, utfordringar knytt til det, og ulike tabbar vi har gjort i garderobeskapinga. På scena: Frida Bjørnereim Dalsbø, Erina Grasdal Skarpenes, Ingrid Villanger Produsent: Marius Øvrebøe Ansvarlig red...
Episode 12 - Arangenser, synleg reparasjon og sy- og strikkejournalar 30.01.2025
Denne veka har Frida fullstendig oppheng på aran-gensarar, og Erina har diverse plagg ho treng å reparere. Vi tek for oss temaet handarbeidsjournalar - for korleis kan det vere nyttig i garderobeskapinga? Vi har nye jinglar og gler oss til vår første livepod! I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø og Erina Grasdal Skarpenes Produsent: Marius Øvrebøe Ansvarleg redaktør: Sofie Larsen Nesdal
Episode 11 - Genserkonstruksjon, sal av strikk og å lære å sy! 23.01.2025
Strikkeprosjekta våre tutar og går, og vi gjer alvor av Erina sitt nyttårsforsett om å sy noko... Frida lurer på om ho skal selge strikkeplagg som ikkje vart heilt innertiar og vi går gjennom dei vanlegaste genserkonstruksjonane for deg som er ny strikkar. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø og Erina Grasdal Skarpenes Produsent: Marius Øvrebøe Ansvarleg redaktør: Sofie Larsen Nesdal
Episode 10 - 5 plagg med Fremtiden i våre hender, trendspaning og inspo 16.01.2025
Vi har besøk i studio av Elin som fortel oss om 5-plagg-kampanjen til Framtiden i våre hender! I tillegg ser vi inn i spåkula og profeterar kva som kjem til å bli trendar og tendensar for garderobeskaping i 2025, Frida kan skryte av sytid som har gjeve resultat, og Erina har stoppa opp og sett kor vakker Bergen er. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø Erina Skarpenes Grasdal Elin Ekornes Håskjold Pro...
Episode 9 - Make nine, investeringsobjekt og garn- og stofflager 09.01.2025
Godt nyttår! Erina har strikka som ein gal gjennom juleferien, medan Frida knapt har rørt pinnane. Vi deler av våre Make Nine-brett for det nye året, fortel kva som skjer framover i bergensområdet og delar tankar om garn- og stofflager - og korleis vi skal få til å minke det. I studio: Frida Bjørnereim Dalsbø og Erina Grasdal Skarpenes Produsent: Marius Øvrebøe Ansvarleg redaktør: Sofie Larsen Nes...
Lignende podcasts
Replaio er ikke podcastudgiver; programmernes navne, coverbilleder og lyd tilhører deres ophavsmænd og distribueres via offentlige RSS-feeds.